Inn på tunet
Tilrettelagde tilbod på gardsbruk eller ute i naturen er tilpassa interesser og funksjonsnivå til kvar enkelt brukar. Brukarane kan ta del i vanleg gardsdrift eller vere med på andre aktivitetar inne eller ute.
Personar med utviklingshemming er største brukargruppe, men nokre kommunar har også tilbod til personar med psykiske lidingar og rusmisbrukarar. Vågå kommune i Oppland er ein av få kommunar som har eit slikt tilbod til personar med demens.
Dei fleste fylka har eit eller fleire tilrettelagde tenestetilbod på private gardsbruk. Inn på tunet-tiltak er ofte resultat av prosjekt som landbruksavdelinga hos fylkesmannen har vore med å starte. Tiltaka vart tidlegare kalla for Grøn omsorg.
For meir informasjon: www.innpaatunet.no
2008021212500620131216035717