Samhandling: Nyttig å bli kjent

Samhandlinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta kan vere vanskeleg. I Karmøy har dei tilsette erfart at det hjelper å møtas og sjå korleis dei andre arbeider.

2007102216533020131216040803

Etter to veker på Haugesund sykehus kunne ho nesten ikkje vente med å kome attende til jobben i heimetenesta på Skudenes. – Eg var heilt gira og ville fortelje dei andre om alt eg hadde lært, fortel Ellen Karin Steinkjella. Ho er ein av 80 tilsette i Karmøy kommune som til no har fått høve til å hospitere på sjukehuset.

Fire avtaler

Haugesund sykehus har inngått fire samarbeidsavtaler med ti kommunar. Karmøy er ein av kommunane, og avtalen om hospitering er ein av avtalene. To av avtalene omfattar somatiske pasientar som er blitt handsama på sjukehuset, og som treng hjelp frå kommunen når dei kjem heim igjen.

Hospitering

Steinkjella hospiterte på to svært ulike avdelingar. – Fyrste veka var eg på ei avdeling der eg for det meste observerte. I ettertid har eg tenkt at eg kanskje kunne ha gjort meir, seier ho. Steinkjella er utdanna både som hjelpepleiar og omsorgsarbeidar og har vært tilsett i heimetenesta i 17 år. Den andre veka fekk Steinkjella vere på ein annan avdeling. Her var dei godt førebudde på at ho skulle kome, og på at hun både skulle bidra og lære av pleiarane på sjukehuset. Heile tida medan ho hospiterte på sjukehuset, fekk ho også ein eller to timer med undervisning saman med hospitantane frå dei andre kommunane. – Alt i alt var det kjempenyttig, meiner ho. Steinkjella nemner at ho til dømes lærte om nye prosedyrar og utstyr for kateteriseringer av kvinner. – Dette har vore til stor nytte spesielt i forhold til ein av brukarane våre i heimetenesta. Eit anna resultat av hospiteringa på sjukehuset er at ho no skjøner betre korleis dei har det. – No er eg glad for at eg er der eg er. Medan dei arbeider med alle rundt seg heile tida, er vi saman med ein og ein brukar.

Betre forståing

Samarbeidet om samhandling, utarbeiding av avtaler og hospitering har alt saman gitt dei tilsette i kommunehelsetenesta auka innsikt i arbeidsforholda ved sjukehuset og vice versa. Ein av dei som har vore med sidan prosjektet starta, er Tove Rosseland, rådgjevar tenesteyting i Karmøy kommune. – Det er lett å meine noko om korleis andre skal oppføre seg. Særleg når du ikkje kjenner rammevilkåra til den andre, seier Rosseland. – Vi er til dømes samde om at vi ikkje lover noko på vegne av andre. Før risikerte vi at pasientane kom heim med forventningar som vi ikkje kunne innfri. Nå får pasientane vegleiing før dei blir skrivne ut frå sjukehuset, men dei får inga lovnader. Når sjukehuset informerer om kva dei kan gje, og vi fortel kva vi kan levere, kan pasienten vere trygg på at alle gjer det dei skal, og at han får det han har krav på. Arbeidspresset er stort både på sjukehuset og i primærhelsetenesta. Dette kan i blant gjere samhandlinga krevjande. – Avtalene seier korleis samhandlinga skal gå føre seg. Framleis oppstår det likevel situasjonar der samhandling ikkje er i tråd med det vi er blitt einige om. Da sender vi avviksmelding til sjukehuset. Vi arbeider mykje for å få til ein konstruktiv handtering av avvika. Denne innsatsen er verdifull, og vi kjenner oss trygge på at dette er nyttig både for dei tilsette og for brukarane.

Færre overraskingar

For dei tilsette på bestillarkontoret og i heimetenesta har samhandlingsarbeidet vore særs viktig. I dag kan Rosseland og leiaren på bestillarkontoret, Reidun Kvinnsland, le når dei tenkjer på hissige telefoner frå sjukehuset. No som dei har sett kor stressande det er der inne, skjøner dei at folk på sjukehuset også kan bli litt stressa i telefonen. Jeg foreslår at disse setningene tas ut. – Nå har vi avtale på at utskrivingsdato skal fastsettes i dialog mellom sjukehus og kommunehelsetenesta. Dette har medverka til større forutsigbarheit og betre samordna pasientforlaup, seier Kvinnsland. Før kunne dei av og til å få ein telefon frå sjukehuset fredag ettermiddag klokka to med beskjed om at den og den pasienten var på veg heim, og at han trengte oppfølging tre gonger for dagen. Sånt skjer heldigvis sjeldnare no.

Overføring av informasjon

Før var det også eit problem at dokumentasjonen som skulle følgje pasienten, kom seint eller ikkje i det heile. – Overføring av informasjon er et sentralt område for forbetring, meiner Rosseland. – Det er viktig at naudsynt informasjon følgjer brukaren. Mangelfull informasjon kan til dømes auke faren for feilmedisinering. Det kan vere kritisk både i forhold til nye og gamle brukarar, seier Rosseland. Ho opplyser at Samarbeidsutvalet med representantar frå sjukehuset og kommunane arbeider for at dokumentasjonen skal kunne sendes elektronisk.

Pasientar som krev meir

Ein tilleggsavtale sikrar helsetenesta i Karmøy kommune opplæring frå sjukehuset i visse tilfelle. – Det hender vi tar imot brukarar som av ulike grunner har behov for spesialiserte tenester. I slike tilfelle kan vi gjere avtale om at sjukehuspersonell kjem ut til oss i primærhelsetenesta, eller vi kan sende vårt personale på opplæring på sjukehuset. Dette er særleg aktuelt ved smertelindring og terminal pleie. Her opplever vi ei spesialisthelseteneste som verkeleg bidrar på ein god måte, seier Rosseland.

Suksessfaktorar

Agenda Utredning og Utvikling har på oppdrag frå KS evaluert ein del samhandlingsprosjekt mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenest. Agenda peiker på nokre faktorar som skal til for at samarbeidet blir vellukka. Mellom anna er det naudsynt at partane oppfattar kvarandre som likeverdige. Erfaringane syner også at dei som har forankra prosjektet på leiar- og mellomleiarnivå, har størst moglegheit for suksess. Samarbeidsprosjektet mellom Helse Fonna og kommunane i opptaksområdet er ein av modellane som har overlevd prosjektperioden.

Samhandling i Helse Fonna

Helsefonna HF omfattar mellom anna dei somatiske sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda. Desse dekker 19 kommunar og 165.000 innbyggjarar. Karmøy er ein av ti kommunar som har avtaler med sjukehuset i Haugesund. Alle sjukehusa og kommunane er no involverte i samarbeidet som starta med samarbeid mellom Haugesund sykehus og Karmøy kommune i 1998. Alle avtaler som er utvikla og framleis er i drift, omfattar somatiske pasientar som treng kommunale tenester etter utskriving frå sjukehuset. Samarbeidet omfattar to hovudstrategiar: Møter i faglege nettverk og felles rutinar ved planlegging av inn- og utskriving.

Kommunane og sjukehusa har fire samarbeidsavtaler: config.properties config.properties~ dump-articles.sh modules README.md test2.txt test.txt Avtale om hospitering config.properties config.properties~ dump-articles.sh modules README.md test2.txt test.txt Atale om inn- og utskrivingsplanlegging config.properties config.properties~ dump-articles.sh modules README.md test2.txt test.txt Avtale om spesialopplæring config.properties config.properties~ dump-articles.sh modules README.md test2.txt test.txt Avtale om samarbeidsutval

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

MEST LEST:
Virksomhetstillitsvalgt i Bufetat, Bjørn Ingar Skogvang, er glad for at arbeidsgiveren nå endelig tar tak i saken.

Virksomhetstillitsvalgt i Bufetat, Bjørn Ingar Skogvang, er glad for at arbeidsgiveren nå endelig tar tak i saken.

Kai Hovden

Nær tusen nattevakter har tapt pensjonsoppsparing etter tellefeil

SAMARBEID: Avtalen om tiltak mot skatteparadis er jobbet fram av blant andre LO og Fagforbundet. Avtalen blir på bildet signert av varaordfører og nå fungerende ordfører i Sør-Varanger, Pål Gabrielsen (SV). Fra venstre, Torbjørn Brox Webber, leder av Fagforbundet Sør-Varanger, Pål Gabrielsen og Hennin Bråten, leder av LO i Sør-Varanger.

SAMARBEID: Avtalen om tiltak mot skatteparadis er jobbet fram av blant andre LO og Fagforbundet. Avtalen blir på bildet signert av varaordfører og nå fungerende ordfører i Sør-Varanger, Pål Gabrielsen (SV). Fra venstre, Torbjørn Brox Webber, leder av Fagforbundet Sør-Varanger, Pål Gabrielsen og Hennin Bråten, leder av LO i Sør-Varanger.

Privat

De krever å få vite hva som skjer med pengene dine

FERIENS NØKKELPERSON: Ove Ølmheim tordde det var slutt på ferielivet i «vogna» da han måtte ha hjelp fra hjemmetjenesten hver dag. Men nå ferierer han nesten som før, takket være Grete Kile og hennes kolleger i hjemmetjenesten på Hvaler.

FERIENS NØKKELPERSON: Ove Ølmheim tordde det var slutt på ferielivet i «vogna» da han måtte ha hjelp fra hjemmetjenesten hver dag. Men nå ferierer han nesten som før, takket være Grete Kile og hennes kolleger i hjemmetjenesten på Hvaler.

Anita Arntzen

Syk i ferien? Her får Ove hjemmesykepleie på hytta

– Vi er veldig urolig for kommuneøkonomien samlet sett i  år, sier KS-leder Bjørn Arild Gram.

– Vi er veldig urolig for kommuneøkonomien samlet sett i år, sier KS-leder Bjørn Arild Gram.

Helge Rønning Birkelund

Fire av ti kommuner har vurdert å permittere ansatte under koronakrisen

SKEPTISK: Fagforbundets leder Mette Nord mener kommunene som ikke tok tillitsvalgte med i kriseledelsen under koronavirusutbruddet i vår, gjorde en potensielt farlig feilvurdering.

SKEPTISK: Fagforbundets leder Mette Nord mener kommunene som ikke tok tillitsvalgte med i kriseledelsen under koronavirusutbruddet i vår, gjorde en potensielt farlig feilvurdering.

Jan-Erik Østlie

Mette Nord: – Vanskelig å forstå hvordan kommuner tør å ikke ha med fagforeninger i korona-kriseledelse

KONKURS: Styreleder Christian Kjeldstad-Kåsen (til venstre) i Baos. Her fra rettssaken i Drammen tingrett, sammen med advokatene Marianne Kartum og Ragnhild K. Berdal fra Simonsen Vogt Wiig og Lasse Svendsen, daglig leder og medeier i Baos AS.

KONKURS: Styreleder Christian Kjeldstad-Kåsen (til venstre) i Baos. Her fra rettssaken i Drammen tingrett, sammen med advokatene Marianne Kartum og Ragnhild K. Berdal fra Simonsen Vogt Wiig og Lasse Svendsen, daglig leder og medeier i Baos AS.

Bjørn A. Grimstad

Dømt til å betale millioner etter søksmål - fredag slo velferdsselskapet seg konkurs

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy