Likeløn og festtalar
Avdelingssjukepleiarar i Harstad kommune er utsette for indirekte diskriminering sidan dei får lågare løn enn avdelingsingeniørar med samsvarande utdanning og røynsle, skriv Fagbladets redaktør Johnny Daugstad.
Avdelingssjukepleiarar i Harstad kommune er utsette for indirekte diskriminering sidan dei får lågare løn enn avdelingsingeniørar med samsvarande utdanning og røynsle. Dette er likestillingsombodet sin tydelege konklusjon etter at Fagforbundet sin hovudtillitsvalde klaga inn arbeidsgjevaren for brot på likestillingslova.
Arbeidsgjevarorganisasjonen KS kjempar for at dette ikkje skal verte byrjinga på eit opprør som ikkje let seg stogge. KS påklagar likestillingsombodet si avgjerd, som dei karakteriserar som eit trugsmål mot retten til frie forhandlingar.
Det er sjølvsagt berre tull. Dei frie forhandlingane mellom partane i kommunesektoren har plassert sjukepleiarar og ingeniørar likt i det sentrale lønssystemet. Partane er allereie einige om at det skal vere lik løn for desse to klassiske kvinne- og mannsyrka.
Trass i både sentrale avtalar og festtalar om likestilling og viktige omsorgsyrke, vel arbeidsgjevarane å gje ingeniørane høgare løn i lokale avtalar.
Dette er ikkje eit spørsmål om frie forhandlingar, men om politisk vilje til å få slutt på ei grov utnytting av tilsette i kvinnedominerte yrke. Dei slit med tvungen deltid, urettferdige turnusordningar og tener i gjennomsnitt 85 prosent mindre enn menn.
Har politikarane mot og vilje til å støtte sjukepleiarane i Harstad?
Meiner partia alvor med dei politiske lovnadane om å få slutt på tvungen deltid?
Vil stortingsfleirtalet jamstille skift og turnus?
Likelønskommisjonen sine framlegg for å få slutt
på diskriminerande kvinneløner fekk inga heilhjarta tilslutning, korkje frå politikarar, KS eller LO. Men kanskje er det håp likevel. Dei raudgrøne regjeringspartia kan gjere likeløn til ei stor sak ved valet i 2009.