Nyutdanna som helsefagarbeidar
Her kjem jentene frå Kvam i Hardanger, som tok teorieksamen til helsefagarbeidar 29. mai. Saman med dei gjekk ei dame frå Tysnes og seks frå Os. Dei har hatt eit travelt, men kjempekjekt år, seier dei.
Undervisninga har vore på skulen ein dag for veka, resten har vore nettbasert. Det er Fusa vidaregåande skule som har laga til dette tilbodet.
Elevane melder om kjempekjekke og flinke lærarar! Ros og til pleie- og omsorgsjefen i Kvam, Åslaug Bøhn Botnen, som har vore ein pådrivar for å få dette til. Takk og til soneleiarane og gruppeleiarane, Birgit, Bente, Else, Kjersti og Borgny som har lagt forholda til rette, slik at det var mogeleg å vera vekke kvar veke.
Fagforbundet Kvam og Fusa GRATULERAR med flotte eksamenresultat!