JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Klovn på skulen si scene

Barndommen gjekk med til å fleipe vekk den vonde mobbinga. Sogn og Fjordane teater har turnert med historia til Tor Henning Karlsen på alle skulane i fylket.

2011110213281820131216173019

ingeborg.rangul@fagforbundet.no

Tor Henning Karlsen er fødd og oppvaksen i Flora kommune. Den vonde skuletida byrja alt i første klasse. Han kunne skrive og lese litt, og tykte det var morosamt å lære nye ting. Men gleda gjekk fort over.

– Den nye kvardagen vart prega av slag, spark og kalling. Tinga mine vart kasta ut gjennom vindauget, fortel Tor Henning lågt.

– Eg kom aldri heim med eit ferdig produkt frå sløyden. Alt vart øydelagt. Ein gong lagde eg ei flott treskål. Ho vart knust.

Fleipa det vekk

Forsvarsmekanismen til Tor Henning vart å klovne, tulle og late som om han ikkje brydde seg.

– Det var grusomt. Eg klarte ikkje å hanskast med det; det enklaste var å vere ein annan.

Han drikk sakte frå glaset med cola light. Røysta hans er klår, og historia sterk. Men hendene hans er aldri i ro. Anten snurrar han på glaset sitt, eller pirkar på usynlege flekkar på fingrane.

Han seier at han har det bra no, og at han ikkje har noko å klage over. Så kikar han ut gjennom vindauget. Etter ei lita stund fortel han at fortida hentar han inn med angst og depresjonar. Ho tappar han for krefter.

– Eg har lurt på kvar eg tok styrke frå. Korleis eg heile tida klarte å fleipe det vonde vekk. No klarer eg ikkje lenger å gråte. Eg trur eg har grått frå meg alle tårene. Eg kan bli rørt, men det skal mykje til før eg græt.

Mor si støtte

Tor Henning fortel at elevane gjorde narr av han for måten han var kledd på, måten han snakka på og måten han gjekk på.

– Nokre gonger lurte læraren på kvar eg var når skuletimen skulle setje i gong. Då hadde dei gjerne bunde meg til eit leikeapparat bakom skulen.

Andre gonger kom han seg vekk og la på sprang heim til mor, utan ranselen.

– Det vart skrive opp som fråvær. Lærarane ringte heim og sa at eg hadde stukke av. I starten vart eg redd for kva som møtte meg når eg kom heim. Etter kvart som mor skjønte kor ille det var, sa ho at eg ikkje skulle tilbake på skulen før det vart betre for meg der.

Lesarinnlegg, intervju og rettssak

Det var først då han byrja på folkehøgskule i Ulsteinvik at Tor Henning fekk venner som ville vere i lag med han.

– Åra på Sunnmøre Folkehøgskule var dei beste åra nokon gong med tanke på skulegang. Det å bli verdsett som eit heilt menneske, seier han og smiler.  

Tor Henning søkte seg inn på vidaregåande skule, og kom inn på hotell- og næringsmiddelfag.

– Eg tenkte at no skal eg byrje på nytt. At no skal alt gå bra. Men det viste seg at basiskunnskapen min var lik null. Det var veldig trist å oppleve at ikkje noko sat att verken i matte, norsk eller engelsk.

Nederlaget vart tøft.

– Eg ville ikkje ha det slik. Kvifor skulle eg det? Det var då eg skreiv eit lesarinnlegg i Firda om barndommen min.

Han vart kontakta av ein journalist; det vart avisoppslag og nye intervju. Det enda med at han tok kontakt med advokat og gjekk til søksmål mot Flora kommune for mangelfull skulegang ved barne- og ungdomsskulen gjennom mange år.

– Saka tok to veker. Eg fekk erstatning frå Flora kommune på 100.000 kroner. Dei pengane forsvann fort, for eg var arbeidslaus og gjekk på sosialstønad på den tida. Stønaden vart inndrege fordi eg hadde pengar på kontoen.

Teater i klasserommet

Tor Henning har jobba mykje med seg sjølv for å få det betre. Han har og fått psykiatrisk hjelp. For seks år sidan fekk han sambuar og jobb. Han har fast stilling som reinhaldar, ironisk nok på skulane i Førde.

– Det går greitt så lenge psyken er i orden. Sjefen min har forståing for at nokre dagar ikkje er like enkle.

Undervegs tok Sogn og Fjordane teater kontakt om opplevingane til Tor Henning. Resultatet vart at dramaturg og forfattar Aslak Moe skreiv monologen «Du ana´kje».

Klasserommet er scena, og reinhaldaren Tor Henning er spelt av skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Det einaste elevane får vite er at det skal vere eit teater i klasserommet.

Mens golv vaskast, snakkar skodespelaren med elevane. Han stiller spørsmål, og langsamt kjem heile den vonde historia til Tor Henning fram. Om korleis det vart ei vane at han ikkje skulle klare noko, og ikkje ville noko. Dette var kvardagen og tankane hans.

Håpet lever

– Eg vart veldig rørt og glad då teaterstykket blei laga. Det var utruleg. Kyrre som spelar meg, var med på jobb og observerte meg. Spelet hans var som å sjå meg sjølv.

I dag har Tor Henning problem med å forstå at dette var barndommen hans. Han har ingen kontakt med dei han gjekk på skule med. Han høyrde heller ikkje noko frå nokon av dei etter at stykket vart spelt.

Det beste med å ha stått fram med historia si, er likevel alle tilbakemeldingane og støtta Tor Henning har fått.

– Elever som har sett stykket, har kontakta meg og takka meg. Dei seier at dei kjenner seg att. Det gjer inntrykk, seier han.

– Eg trur ikkje ting vil endra seg, likevel har eg eit håp. Men det skal nok meir til enn eit teaterstykke for å endre folks haldningar. Meir enn eit Manifest mot mobbing.

– Vi er alle skodespelarar i det store teateret arbeidsplassen. Det meste er greitt så lenge vi har sams mål.

Ingebjørg Sletto er fagleiar på Forvaltning drift og vedlikehald i Førde kommune.

Ho tykkjer ein god leiar skal finne sin eigen måte å leie på. Det er viktig å sjå folka bak fasaden. Tenkje seg om, betrakte, sjå og lytte. Vi har ein munn, men to øyre og to auge.

Ikkje privat på jobb

Ingebjørg Sletto visste ingen ting om Tor Henning Karlsen då han vart tilsett. Forhistoria med mobbing vart ho først kjend med då arbeidet med skodespelet kom i gang.

– Eg veit ikkje heilt om ting vart annleis etter det. Det er rart korleis underbevisstheita jobbar. Det er kanskje litt enklare å forstå måten hans å vere på enkelte dagar.

Eininga har 40 tilsette frå 12 nasjonar. Sletto vil gjerne kjenne familien deira, kulturen, landet og maten, men meir involverer ho seg ikkje i liva deira.

– Alle skal få ein sjanse i møtet med arbeidsgjevar. Difor såg eg heller ikkje teaterstykket. Eg ville ikkje byrje å analysere situasjonane. Dette er fortida til Tor Henning. Eg held meg til notida og framtida.

Sletto visste tidlig at eit teaterstykke var i emning. Tor Henning hadde klårgjort det med ho, det same hadde teatersjefen fordi dei trengde Tor Henning nokre dagar.

– Eg veit ikkje om kollegaene hans visste noko på førehand. Det er ikkje eit tema når eg møter dei tilsette. Vedlikehaldsavdelinga er spreidd over heile kommunen, og vi møtest på felles faglege samlingar to–tre gonger i året.

For Sletto er det viktig å finne arbeidsplassar som dei enkelte tilsette trivst på, og grupper som passar saman. Arbeidsdagen er på åtte timar, og då er det viktig å ha det bra.

– Dei som vil jobbe åleine, får det, og dei som vil jobbe i gruppe, får det.

Tryggleik er målet

– Tor Henning ringer og seier i frå når han ikkje er i form. Vi diskuterer arbeidet som skulle ha vore gjort og korleis det kan takast på ein annan måte. Om Tor Henning kjem i affekt, har eg ikkje noko problem med det.

Dette intervjuet har Sletto blitt einig med Tor Henning om på førehand. Sletto vil vere klar og tydeleg som leiar.

– Eg har gått i meg sjølv for å finne ut korleis eg kan handtere folk. Hovudmålet er at dei eg er fagleiar for, skal vere trygge. Det dei seier til meg i fortrulegheit, vert mellom oss

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy