JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Eit løft for alle

Alle dei som arbeider med personar med utviklingshemning i Karmøy har fått fagleg påfyll. Uansett fagleg bakgrunn hadde alle nytte av e-læringsprogrammet Mangfold og muligheter.

2012020108201920131214174106

karin.svendsen@fagforbundet.no

– For oss var kapitlet om utfordrande atferd mest interessant, syns Linda Cathrin Bjørndal og Borgny Haga Simonsen, to av deltakarane på kurset. Dei har begge fleire års erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemning, også med personar som blir rekna som svaktfungerande.

Dei 15 tilsette på Aktivitetshuset Eide møttes fire gonger for å gå gjennom e-læringskurset Mangfold og muligheter frå Samordningsrådet for personer med utviklingshemning (SOR). Også vikarar tok del i kurset.

Treng alltid påfyll

Linda Cathrin Bjørndal er utdanna hjelpepleiar, medan Borgny Haga Simonsen er utdanna lærar. Begge var frå før kjende med utfordringar knytta til å førebyggje vanskelege situasjonar og utfordrande åtferd.

– Lovverket er endra sidan eg tok utdanninga. Dessutan er temaet oppe med jamne mellomrom og aktuelt uavhengig av fagleg bakgrunn. Mange er usikre i ein og annan situasjon, så ein treng alltid fagleg påfyll på temaet, seier Bjørndal.

Borgny Haga Simonsen er samd i at fagleg påfyll om tema som tvang og førebygging av krevjande situasjonar er naudsynt for alle som arbeider med personar i denne brukargruppa.

– Programmet byggjer ikkje på utdanninga mi, så for meg var det mykje nytt, fortel ho.

Møttes på kvelden

På Eide arbeider alle på dagtid, så då dei la kurset til kvelden, kunne alle komme. Fagansvarleg og verksemdsleiar førebudde kvar samling.

– Dei hadde då fått eit lite overblikk slik at vi ved felles gjennomgang kunne leggja mest vekt på det som var særleg aktuelt for oss. Vi las høgt frå storskjerm, og diskuterte forskjellige problemstillingar der det var naturleg, fortel Borgny Haga Simonsen.

Ho og kollegaen syns dei hadde mange lærerike diskusjonar undervegs.

– Folk har erfaring frå mange ulike arbeidsplassar, og vi såg at eit problem kunne løysast på fleire forskjellige måtar, seier dei.

Ei gåve

Elin Hansen er verksemdleiar for fire bustader og medlem av opplæringsutvalet i helse og sosial i Karmøy kommune. Ho fortel at utvalet nett hadde vedteke å utarbeide ein kompetanseplan for dei tilsette då SOR (Samordningsrådet for personer med utviklingshemning) spurde om dei ville vere pilotkommune for e-læringsprogrammet.

– Vi hadde tenkt å lage ei kurspakke med mange av dei same tema. Men vi visste at vi ikkje sjølve kunne gjere det like godt, så dette tilbodet kom som ei gåvepakke, fortel ho.

Felles plattform

Elin Hansen seier at dei i Karmøy kommune har jobba systematisk med kompetanseheving i mange år. Dei som har vore tilsette ei stund, er difor svært så medvitne og kompetente på å handtere vanskelege situasjonar.

– Eg tykte difor det var flott med den store bredda i innhaldet. I e-læringsprogrammet frå SOR var også tema som fritid og sosialt liv pluss bygging av nettverk, seier ho.

Alle dei 330 tilsette som arbeider med tiltak og tenester for personar med utviklingshemning i kommunen, fekk tilbod om å ta kurset mot ei avspasering på åtte timar. Dei som er knytt til dagtilboda, tok kursa på felles samlingar, medan tilsette i bustader og avlasting tok dei heime på fritida.

Ei evaluering i etterkant var svært positiv.

– Evalueringa viste at alle, uavhengig av fagleg bakgrunn og arbeidsplass, hadde hatt utbytte av kurset, fortel Hansen. Ho meiner nytteverdien av kurset har vore stor, ikkje minst fordi det har gitt alle dei tilsette eit felles kompetanseløft.

E-læringsprogrammet som er utvikla av SOR (Samordningsrådet for personer med utviklingshemning), er laga med støtte av Fagforbundet Seksjon helse og sosial, ExtraStiftelsen Helse og rehabilitering, Bergen kommune og Fylkesmannen i ni fylke. Manfold og muligheter består av tre moduler: Arbeid i andres hjem, Kultur, Fritid og Vennskap og ­Utfordrende atferd.

Kurset vart lagt ut på nett i januar 2010. Til nå har 800 personar oppretta ein brukarkonto.

Jarle Eknes, dagleg leiar i SOR, håper kurset blir obligatorisk for alle som arbeider med personar med utviklingshemning. Samstundes som SOR arbeider med å gjere kommunane kjende med tilbodet, har det også vekt internasjonal interesse.

– Det fins e-læringskurs også i andre land, men ikkje så omfattande, og ingen andre med tema utviklingshemning har til no vore gratis, seier han.

Helse og omsorg i Karmøy har 690 årsverk. Av desse er 190 nytta i til saman 17 bustader for personar med utviklingshemning, demens eller psykiatriske lidingar, ei avlastingsavdeling og tre ulike dagtilbod.

37 prosent av dei tilsette her har høgskuleutdanning og 51 prosent har fagbrev. Av dei som ikkje har nokon relevant, formell kompetanse, er mange under utdanning.

12 av dei som tok e-læringsprogrammet, har vald å ta vidareutdanningsmodulen som byggjer på e-læringskursene Mangfold og muligheter.

MEST LEST:
LITE INFO: Informasjonen Anne Kallset fikk om uførefella da hun søkte KLP om gradert uføreytelse, var en henvisning til å gå inn og lese mer på KLPs nettsider, i siste avsnitt i et brev om dokumentasjon de trengte for å behandle saken.

LITE INFO: Informasjonen Anne Kallset fikk om uførefella da hun søkte KLP om gradert uføreytelse, var en henvisning til å gå inn og lese mer på KLPs nettsider, i siste avsnitt i et brev om dokumentasjon de trengte for å behandle saken.

Ole Martin Wold

Anne (58) taper store penger: Nå endrer KLP info om uførefella

Byråd for næring og eierskap, Victoria Marie Evensen var tilstede og markerte overtakelsen av sykehjemmet.

Byråd for næring og eierskap, Victoria Marie Evensen var tilstede og markerte overtakelsen av sykehjemmet.

Oslo kommune

Noen kan få hevet grunnlønna med 100.000 kroner: Nå er sykehjem nummer fire tilbake på kommunens hender

FØLG OPP: - Følg opp ansatte som har opplevd dramatiske ting. Ledelsen må vite hva som trengs, for de vet ikke selv hva de trenger.

FØLG OPP: - Følg opp ansatte som har opplevd dramatiske ting. Ledelsen må vite hva som trengs, for de vet ikke selv hva de trenger.

Werner Juvik

Brannkonstabel Gunnar så to kollegaer bli drept av en brannstifter med hagle. Det tok sju år før han fikk hjelp

HJELPE: – Jeg vil gjerne formalisere kunnskapen og hjelpe andre i samme situasjon som jeg har vært i, sier Katrine Skårnes som har fått et tilrettelagt tilbud slik at hun kan ta utdanning som advokatsekretær.

HJELPE: – Jeg vil gjerne formalisere kunnskapen og hjelpe andre i samme situasjon som jeg har vært i, sier Katrine Skårnes som har fått et tilrettelagt tilbud slik at hun kan ta utdanning som advokatsekretær.

Per Flakstad

Katrine får 1,67 millioner etter 13 års kamp. Nå vil hun hjelpe andre

FRUSTRERT: I perioder har jeg rett og slett følt meg trakassert, sier Anita Vedvik.

FRUSTRERT: I perioder har jeg rett og slett følt meg trakassert, sier Anita Vedvik.

Per Flakstad

Etter 16 år med smerter fikk endelig Anita millionerstatning

Enigheten i forhandlingene i Bring Transportløsninger AS (BTL) sikrer blant annet alle BTL-ansatte et tillegg på 16 500 kroner, samt økning av en rekke tillegg. Her er Fagforbundet Post og finans' forhandlinngsutvalg: Jacqueline Hopkinson, Odd Arne Hartvigsen, Cathrine S. Ertsås (foran), Gerd Øiahals og Marius Weisæth underveis i forhandlingene.

Enigheten i forhandlingene i Bring Transportløsninger AS (BTL) sikrer blant annet alle BTL-ansatte et tillegg på 16 500 kroner, samt økning av en rekke tillegg. Her er Fagforbundet Post og finans' forhandlinngsutvalg: Jacqueline Hopkinson, Odd Arne Hartvigsen, Cathrine S. Ertsås (foran), Gerd Øiahals og Marius Weisæth underveis i forhandlingene.

Alf Ragnar Olsen

Dette er den nye lønna til ansatte i to Bring-selskap

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy