JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ein klapp på skuldra

Som leiar for ti tilsette erfarer eg kor viktig det er å fylgje opp kvar og ein av dei når det gjeld utvikling, evne til å utføre arbeidsoppgåver, opplæring i tråd med utviklinga og ved sjukdom.

2012031209040820131214175448

I det store og heile dreier personalleiing seg mykje om HMT (helse, miljø og tryggleik), overblikk, fleksibilitet og omsorg. Som leiar har ein teke på seg oppgåver som ein er pliktig å overhalde og fylgje opp.

Sjølv om mange arbeidsplassar har HMT-ansvarleg, er ikkje denne alltid kvalifisert til å utføre oppgåvene, men valt gjennom avstemming. Og sjølv med opplæring krev det mange års erfaring i arbeidslivet for å kunne sette seg inn i arbeidstakar sin situasjon.

Desse utvalte gjer ein god og plikt­oppfyllande jobb, men har ofte ikkje nok tid til råderett. Difor må leiaren ha falkeblikk over det heile for å fylgje opp at alle får behova dekka, sjå til at kvar og ein meistrar oppgåver og ansvar, at alle trives, at ingen fell utom gruppa, og leiar må gjere seg tilgjengeleg utan formelle krav. Open kommunikasjon er stikkordet.

Dessverre er det mange leiarar som ikkje har oppdaga gevinsten ved å passe godt på sine tilsette. Ikkje berre gjev det gevinst i betre helse, men synergieffekten er stor. Når medarbeidarane trivs på jobb, vil dei glede seg til neste arbeidsdag, dei vert sterkare knytte til kvarandre og får større ansvarskjensle for eigne oppgåver. Trivsel gjev tryggleik og godt humør, og tryggleik og latter gjev god helse. Frå­været minskar, og dermed aukar effektivitetsnivået. Det gir resultat.

Og resultatet og botnlinja må leiar svare for. Og her kjennes det at vi stundom kjem mellom borken og veden, fordi vi skal tilfredstille konsernsjefen. Konsernsjefen er ikkje alltid så opptatt av HMS-detal­jane på golvet (kva veit vel han?…), og det kan være ei utfordring for ein leiar å formidle kor avgjerande det er for resultatet at personalet vert godt ivareteke.

Det er viktig å investere i gode kontorstolar og godt arbeidslys, nok varme i romma, gode hjelpemiddel som ikkje er gått ut på dato og opplæring på desse. Og litt ekstra i ny og ne som ei god kake eller litt frukt på bordet. Alle slike ting kostar pengar, men vil gje personalet gode arbeidsvilkår og kjensla av å bli tekne på alvor.

Men det beste er ofte gratis. Nemleg ein klapp på skuldra i forbifarten. Aldri undervurder verdien av eit skulderklapp. Det tek to ­sekund! Dette gjev også trivsel, motivasjon og sjølvkjensle. Og god helse. Alt heng nemleg i hop på ein arbeidsplass. Akkurat som i kroppen vår, der fysikken og psyken er to deler i ein kropp. Svikter den eine delen, så svikter snart den andre også. Dette har mange av oss opplevd.

Når sjukdommen rammer ein tilsett, skal ikkje leiar analysere sjukdom eller person. Det er leiars oppgåve å fylgje regelverket og dei etiske og moralske retningslinjene for situasjonen.

Leiaren skal fylgje opp denne personen som sit heime, gjerne sende ein blome, og ringje kvar fjortande dag. Sei nokre utvalte, trøystande ord som fjernar dårleg samvit eller tungsinn, slik at den sjuke skal vite at alle tenkjer på ho, og har omsorg og forståing for situasjonen. Uansett kva bakgrunn for sjukdomen er.

Ein leiar skal være raus, ikkje dømmande. Vidare bør ein være open for at vedkommande kan ta kontakt når som helst. Ein bør også oppmuntre resten av personalgruppa til å vise omsorg og medkjensle, og opplyse om det som er naudsynt. Dette hindrar spekulasjonar i «korridorane».

Stå saman og aldri døme nokon, er mottoet. Sladder er forbode, og skal gripast fatt i av leiar med det same. Det er viktig å innføre null­toleranse på sladder, som skaper splitting i personalgruppa og eit usunt miljø. Det vil nesten alltid være ein person som liker å skape litt blest, ofte gjennom sladder og bakvasking. Det har leiaren eit stort ansvar for å fange opp og slå ned på.

Leiaren bør altså være ein omsorgsperson på arbeidsplassen. På eit overordna nivå som er vedteke, sett i system og nedfelt i arbeids­reglementet – med tiltak – slik at kvar og ein i personalgruppa er sikra at dei vert sett og høyrt. Berre ved slik kvalitetssikring kan me få eit godt arbeidsmiljø, ein fullstendig utnytting av kapasiteten til den enkelte og dermed auka effektivitet. Dette er ei investering for heile samfunnet.

Dermed kjem vi til problemstillinga om kven som er eigna til å drive personalleiing og vere sitt ansvar bevisst på dette nivået. Til sjuande og sist ligg hovudansvaret kanskje på den som har ansvar

for tilsetjinga av leiaren. Det nytter nemleg ikkje berre med gode ­eksamenspapir i administrasjon og leiing når mennesket står i fokus. Det seier seg nesten sjølv at utan ­arbeidserfaring, eller erfaring med arbeid «på golvet», har ein ikkje kjent på kroppen korleis ting kan opplevast, og burde heller ikkje vore leiar.

Slik kunne vi kanskje unngå å trakke på små arbeidsmaur som ofte jobbar mykje meir effektivt enn dei som står i krokane og kviskrar (jf. innlegg i Fagbladet nr.12/2011). Personalet er nemleg den viktigaste ressursen me har. Utan pliktopp­fyllande arbeidsmaur, stoppar bedrifta opp.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy