Språk og spontan lek

– Hos oss skal språkmiljø gå framfor individuell kartlegging av språk, seier Jenny Øberg, fagleiar ved Sagene barnehage, og viser fram ei avdeling krydra med språkstimulerande verkemiddel.

2012120311245620131214193000

Det er tidleg måndagsmorgon på avdeling Storebjørn, men ein solid mengde klossar er allereie strødd utover golvet av Saikou Sanneh (4 år) og Krystian Kupiec (5 år).

– Dette er ein Y! fortel Krystian kameraten sin. Nei, det er ein Ø! repliserer Saikou.

Dei har forma bokstavmønster av klossane på golvet, og dei går til namneskilta sine for å undersøke om bokstaven dei har laga er å finne i Krystian sitt namn. Ingen vaksne er til stade, men det er tydeleg at barna har glede av og erfaring med leik med bokstavar og klossar.

Spontan leik

– Språkmiljø skal inspirere til spontan leik. Barnehagen skal tilby eit miljø, materiell og voksenpersonar som stimulerer til utforsking og læring, meiner fagleiar Jenny Øberg, og får støtte frå pedagogisk leiar for dei store bjørnane, Anders Knuten.

I samlingsstunda samlar Knuten barna i ein sirkel rundt seg på golvet, og ulike barn får i oppdrag å henge opp namnelappar for dag og månad og ulike teikningar brukas til å prate om korleis været er.

Gutane og jentene vert telt, og pinnar vert lagt utover golvet for å vise kor mange dei er til saman.

– Kor mange stolar treng me, dersom me skal leike stolleiken i dag? spør Knuten, og barna undersøker ­pinnar og tenker seg godt om.

Målretta arbeid

Stolar med namnlappar setjast opp, og barna dansar rundt i dei lyse og solfylte lokala midt på Torshov i Oslo, på ei avdeling der det yrer av fargar, skilt, bilde og bokstavar. Knuten og Øberg har nyleg fått eit verktøy frå Sagene bydel for å arbeide målretta med språk i barnehagen. Verktøyet er ein plan som inkluderer ulike tema; kartlegging av språkmiljø; kartlegging av språkferdigheiter; samarbeid med foreldre og fleirspråklegheit.

– To gonger i året skal barnehagane kartlegge språkmiljøet sitt, og uttrykke kva vi gjer i barnehagen på det aktuelle tidspunktet, og kva tiltak som kan setjast inn, forklarar Øberg.

Inne på avdeling Storebjørn kan ein sjå korleis ulike språkstimulerande tiltak er satt ut i praksis, ved at stolane har namneskilt, plakatar med blomar og fiskar har fått namn på seg, og ved at dei tilsette forklarar ord, pratar tydeleg og konkret, og organiserar leikar og er på golvet saman med barna.

Fleirspråkleg

På veggen over lesekroken, heng eit verdskart med flagg og bilde av barn på mange ulike kontinent. Det vitnar om ei mangfaldig og samansett avdeling, med mange ­tospråklege barn.

– Tospråklegheit er ein rikdom for oss, seier Anders Knuten, og får støtte frå fagleiar Jenny Øberg.

– Prosjekt knytta til språk og identitet må inn i kvardagen, inn på avdelinga, og ikkje berre vere enkelttiltak, meiner ho.

– Det er vidare svært viktig for oss å skilje mellom språkforseinking og språkvanskar på den eine sida, og det at tospråkleg utvikling av og til fylgjer ei anna norm enn hjå einspråklege barn, seier Knuten.

– Spesifikke språkvanskar er meir sjeldan, og når me observerer dette, har me låg terskel for å nytte oss av hjelpa til spesialpedagogane i bydelen, seier pedagogisk leiar Anders Knuten.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy