Snittlønn
Her er dei 25 yrka med lågast lønn
Et vaskeri har enormt mange maskiner og automatikk. Men de som jobber her har lav lønn.
Ola Tømmerås
Fleire av gruppene i Fagforbundet er blant lønnstaparane i Noreg. Sjå lista over dei som nok ein gong endar på botnen av lønnsstatistikken.
tormod@lomedia.no
Kvart år legg Statistisk sentralbyrå fram ei oversikt over snittlønna i over 360 yrke. I februar kom oversikta for 2021.
Steinar Hammer (56) jobbar i yrket som hamnar på plass nummer 350. Han er hotellresepsjonist og har den 11. dårlegaste betalte jobben i Noreg, ifølge SSB. På botnen av lista finn vi også assistentar på kjøkken, bartenderar, servitørar og folk som jobbar på gatekjøkken og kafe.
Sjå alle dei 25 yrka med lågast lønn lenger ned i saka!
– Det er kjipt at eit yrke som eg er glad i og ser på som viktig, ikkje er så bra betalt, seier Fellesforbundet-tillitsvald Hammer når Magasinet møter han før ei nattevakt på Radisson Royal Garden i Trondheim.
Må ha ekstrajobb
Hammer jobbar som nattresepsjonist, sju dagar på og sju dagar av. For å få økonomien til å gå rundt jobbar han som vakt på festivalar, konsertar og utestadar i frivekene. Sånn har han råda til å eige hus og bil, i motsetnad til mange andre i bransjen.
– Eg gjer dette fordi eg har lyst, ikkje fordi eg vil bli millionær. Eg synest det er gøy å prate med folk og gi dei ei god oppleving. Det gir meg mykje, understrekar Hammer.
Likevel meiner han lønna ikkje står i stil med kompetansen jobben krev.
MANGLAR FOLK: Reise- og utelivet skrik etter arbeidskraft, men lønna er lågare enn i andre yrke med fagbrev. Lønna må opp, meiner resepsjonist Steinar Hammer.
Tormod Ytrehus
Kompetanse og ansvar
Sidan 2005 har han jobba som hotellresepsjonist, sidan 2015 med fagbrev. Det er slutt på tida da folk kunne komme rett inn i resepsjonen utan fagutdanning, fortel han.
– Vi er faglærte, må kunne mykje med tanke på data, førstehjelp, brann, tryggleik, matlaging, alkohol, lover og reglar. Vi skal vere service minded og kanskje litt psykolog i tillegg. Og så får vi den lønna vi får. Du skal vere veldig interessert i faget for å bli verande.
Jobben er dessutan viktig for både samfunnet og folk, meiner han. Samfunnet treng hotell når det brenn i ein bygard, beredskapshotell under kriser og karantenehotell når ein pandemi bryt ut. Folk treng ein stad å overnatte og ete – anten det er turistar på ferie, arbeidstakarar på jobbreise eller pasientar som må reise til sjukehuset.
Folk vil også ut i kulturlivet, på kafear og restaurantar.
– Det er tydeleg at vi er viktige.
Lønnsoppgjøret forklart: Slik bestemmes den nye lønna di
Lønna må opp
Reise- og utelivet har slite med å få tilbake arbeidskrafta som har forsvunne under koronapandemien. Høgare lønn hadde gitt jobbane høgare status og gjort det enklare å rekruttere og halde på folk, meiner Hammer.
– Vi har både stort ansvar og mykje kompetanse, men likevel tener folk i andre yrke mykje meir enn oss. Alle andre med fagbrev har mykje meir betalt enn oss, påpeikar han.
Hotell og restaurantar har nettopp komme seg gjennom nok ei runde med strenge smitteverntiltak, og no ser framtida lys ut. Det er innteninga fram i tid lønna skal betalast med, påpeikar Hammer. Årets lønnsoppgjer handlar om å få meir av kaka som skal bakast.
– Det er vi som dagleg møter opp og skaper magiske augeblink for gjestane som gjer at vi tener pengar, det er ikkje bygningane som genererer pengane. Det er vår innsats som gjer at hotellet blir fullt, at folk trivest og kjem tilbake, meiner Hammer.
Sjølv ønsker han høgare kvelds-, natt- og helgetillegg som startar tidlegare. 25 prosent bør tillegga auke i år, meiner han.
Dette er dei 25 dårlegast betalte yrka, sortert etter gjennomsnittleg månadslønn før skatt:
1. Hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon 27.780 kroner
2. Intervjuarar 28.620 kroner
3. Mannekengar og modellar 29.350 kroner
4. Gatekjøkken- og kafémedarbeidarar mv. 29.730 kroner
5. Hjelpearbeidarar i kombinasjonsbruk 30.070 kroner
6. Servitørar 31.090 kroner
7. Bartenderar 31.230 kroner
8. Kjøkkenassistentar 31.360 kroner
9. Plante- og husdyrprodusentar (kombinasjonsbruk) 31.540 kroner
10. Bingovertar, bookmakerar mv. 32.090 kroner
11. Hotellresepsjonistar 32.350 kroner
12. Mjølke- og husdyrprodusentar 32.510 kroner
13. Hjelpearbeidarar i nyttevekstproduksjon 32.520 kroner
14. Dyrepassarar og – trenarar mv. 33.220 kroner
15. Andre hjelpearbeidarar 33.250 kroner
16 Reinseri- og vaskerimaskinoperatørar 33.360 kroner
17. Skoleassistentar 33.370 kroner
18. Servicemedarbeidarar (bensinstasjon) 33.390 kroner
19. Varepåfyllarar 33.490 kroner
20. Korn- og grønsakprodusentar 33.660 kroner
21. Reinhaldarar i private heimar 33.760 kroner
22. Hjelpearbeidarar i gartneri mv. 33.990 kroner
23. Andre handverkarar 34.250 kroner
24. Sykkelreparatørar mv. 34.250 kroner
25. Barnehage- og skolefritidsassistentar mv. 34.260 kroner
Om tala
Tala er samla inn gjennom a-meldinga arbeidsgivarane sender inn til myndigheitene.
Lønna er rekna om til månadslønn for heiltidsstilling.
Med i reknestykket er avtalt lønn, inkludert faste personlege tillegg, uregelmessige tillegg og bonusar. Overtidsbetaling, naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjeringar og liknande er ikkje medrekna.
Oversikta viser gjennomsnittleg brutto lønn.
Kilde: SSB