JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Meninger

Ukraina

– Det beste vi kan gjere no er å gje nokon frå Russland ein klem

2022030909150020220315145833
 I RUSSLAND: Journalistane Maksim Kournikov og Øystein Windstad gjev kvarandre ein klem etter at dei overlevde eit angrep i Russland i 2016. I forrige veke blei arbeidsplassen til Maksim, Eko Moskva stengt av russiske myndigheiter.

I RUSSLAND: Journalistane Maksim Kournikov og Øystein Windstad gjev kvarandre ein klem etter at dei overlevde eit angrep i Russland i 2016. I forrige veke blei arbeidsplassen til Maksim, Eko Moskva stengt av russiske myndigheiter.

Øystein Windstad

I dag er dei russiske vennene mine livredde. For å bli arresterte eller verre om dei seier noko om krigen mot Ukraina. Og her i Norge kjem det overskrifter om russiske barn som blir hetsa. Kva er det som er i ferd med å skje?

oystein.windstad@fagbladet.no

Det renn rødt nedover ansiktet mitt, det smakar søtt og tennene mine lagar surklande lydar. Det er kveld og eg står utan klede på overkroppen. Bak meg blir den mørke himmelen farga oransje av glupske flammar som er i full gang med å sluke minibussen eg nettopp sat i. Blodet kjem piplande ut frå stikksår i armane og leggane. Saman med andre journalistar har eg så vidt overlevd eit angrep av 20 maskerte menn. Me har møtt folk sendt ut av Putins regime. Så skjer det.

Ein varmande russisk genser

Ein høgreist breiskuldra mann med djup stemme kjem mot meg. Han snakkar russisk og forstår noko av min engelsk. Han stoppar opp tre steg unna og ser opp og ned på meg. Mannen i 30-åra granskar såra og blodet som renn og peikar på overkroppen min som har fått kledene rive av seg under angrepet. Russaren stoppar opp og vrenger av seg genseren. Så strekkjer han ut handa si og gjev den til meg medan han nikkar. Han blir ståande der i berre t-skjorta denne marskvelden ein stad i Russland. Han insisterer på at eg skal ha genseren. Den varmande klemmen han gav meg rett etterpå gløymer eg aldri.

Fiendar blei venner

Den blå genseren ligg framleis i klesskåpa mi no seks år etter. Kvar gong eg ser den, kjem minna frå turane som journalist i Russland. På han eg traff som hadde starta ei vennskapsforening mellom russarar og tsjetsjenarar. To folkegrupper som har sloss mot kvarandre sidan slutten av 1700-talet. Eg tenkjer på dei unge studentane ved universitet som etter nokre timar og når ingen høyrde sa med låg stemme. «Actually, we don`t like Putin. We want freedom and better lives». Minna går til advokatane i menneskerettsgrupene Memorial og Kommiteen mot tortur. Som jobbar med å forsvare den siste rest av rettsstat i Russland. I dag er dei russiske vennene mine livredde. For å bli arresterte eller verre om dei seier noko om krigen mot Ukraina. Og her i Norge kjem det overskrifter om russiske barn som blir hetsa. Kva er det som er i ferd med å skje?

Sjokkerande

Det overraskar meg ikkje at ein diktator med eit langt rulleblad med både nye og gamle krigsforbrytelser strammar grepet. Det som sjokkerer meg, er kva som har skjedd i mitt eige heimland. Hotelleigaren som ikkje vil ha russiske gjestar. Kva om det er mannen som gav meg genseren sin som ville leige rom? Eller telefonen eg fekk som fortalde at ein tsjetsjensk birøktar på Austlandet blei trua med å bli kasta ut av eit birøktarlag. Fordi nokon hadde fått med seg at tsjetsjenarar var veldig aktive i angrepet på Ukraina.

Skulda motstandsmann for å vere Quisling

Dei hadde berre bomma på nokre vesentlege punkt. Mannen dei var sinte på, var tidlegare motstandsmann og hadde kjempa med livet som innsats mot det regimet som har sendt soldatar til Ukraina. Faktisk så ser han og stort sett alle tsjetsjenarar i Norge på regimet i Tsjetsjenia på same måte som nordmenn ser på regjeringa til Vidkun Quisling. Tsjetsjenia er okkupert av Russland og dei som er sendt for å krige mot Ukraina er hata av tsjetsjenarane sjølve. Hundrevis av tsjetsjenarar har reist som frivillige til Ukraina for å kjempe for demokratiet. Den tsjetsjenske birøktaren fekk forklart historia si og det enda med at han ikkje blei kasta ut av foreninga. Men, eg er redd kva som vil skje vidare i landet mitt når krigen rasar vidare.

Putin er ikkje Russland

Svært mange av russarane i Norge likar ikkje Putin og hans gjennom-korrupte regime. Det er ofte ein grunn til at dei er her og ikkje i Russland. Blir russarar møtt med hat, sinne og fordømmelse fordi dei er russiske, vil det truleg få ein konsekvens. At dei kan vende seg mot Putin og hans tankar om at dei er utsett for russofobi. Om dei ikkje føler seg velkomne her, kor skal dei gå? Det er dei som støttar Putin-regimet som fortener å bli kraftig utfordra. Skal verda kome ut som ein betre stad etter denne krigen, ber eg om to ting.

Slutt å tie og å sjå ein annan veg

Eg ber om noko frå mine russiske venner. Det finst eit vondt faktum som ikkje er til å kome utanom. Det er at diktatoren Putin har kome seg til makta og klora seg fast, fordi alt for mange i Russland har vore tause. Mange har tenkt at deira stemme er utan betydning. Dei har sett ein annan veg når tusenvis av sivile tsjetsjenarar har blitt drepne i to krigar. Dei har gått vidare når opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov blei skoten på opa gate. Dei har stått stille og sett på uskuldige bli slepa etter håret inn i fengsel. Det er eit tyrkisk ordtak som seier «La oss alle hylle slangen! Som ikkje bit meg».

{s1}

Fengsla blir fulle

Ordtaket kunne like gjerne vore russisk. Det som no må skje, er det Putin fryktar mest. At russarar i Norge, Russland og heile verda ikkje gjer den same feilen ein gong til: Å tie der dei skulle ha ropa. No håpar eg mine russiske venner protesterer høgt mot krigsforbrytelsene, krig mot broderfolket og mot diktaturet til Putin. Og ja, det vil ha ein pris. Men kostnaden av å ikkje ta eit oppgjer med diktaturet vil vere større. Før eller seinare vil dei russiske fengsla bli fulle.

Vær raus med russarane

Eg ber om noko frå mine norske venner. At de er rause med russarane i Norge. Og heller gjev dei ein klem enn ei kald skulder. Om de kjenne nokon i Russland, kontakt dei og vis at de støttar dei som vil protestere. At de viser klart og tydeleg at de er som meg rasande mot dei skuldige: Putin-regimet. Greier me å vere rause vil det hjelpe dei i Russland som no står opp mot eit av vår tids verste diktatur. Eg håpar ein dag å reise tilbake til Russland med den blå genseren. Og strekkje ut handa mi mot eigaren og gje han ein varm klem. Og seie takk for lånet. Og at vi i grunn ikkje er så forskjellege. Genseren passa oss godt begge.

Øystein Windstad

Det som no må skje, er det Putin fryktar mest. At russarar i Norge, Russland og heile verda ikkje gjer den same feilen ein gong til: Å tie der dei skulle ha ropa.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy