JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kronikk

Siv Jensens nye skatt

– Diettskatten er tidenes skatteskjerping

2018091812080020230821171436

Colourbox.com/LO Media

Finansdepartementet, med Frp i spissen, har bestemt at dietten for dei som har nattkvarter utanfor heimen skal skattleggjast.

Det siste året har den norske anleggsarbeidaren og mange andre pendlarar fått eit rettmessig diettfråtrekk på skatten for å bu utanfor heimen i vekene.For ettertida har Finansdepartementet, med Frp i spissen, bestemt at dietten for dei som har nattkvarter utanfor heimen skal skattleggjast. Denne ekstraskatten blir og kalla diettskatt eller matskatt. For mange betyr dette ei skatteskjerping på opp mot tretti tusen kroner i året. Då hjelper det lite med skattelette på andre område som i hovudsak går til dei som tener over ein million.

Matskatt har over tid vore diskutert og fremma. I 2005 låg det skattlegging inne i statsbudsjettet for 2006, som Bondevikregjeringa la fram. Denne regjeringa vart støtta av Frp. Dei raudgrøne tok som kjend over regjeringsmakta hausten 2005. Dei fjerna skattlegginga på diett i revidert nasjonalbudsjett våren 2006, og sidan har det vore slik heilt til no når Frp viser sitt sanne ansikt.

«Fjern matskatten», skreiv skatte- og avgiftspolitisk talsmann i Frp si stortingsgruppe, Gjermund Hagesæter, i eit lesarinlegg i 2006. Her uttalte han seg som garantist for at Frp var mot denne skatten. Han tok æra for at Frp fekk vekk denne skattlegginga/skatten i 2005, og angreip dåverande finansminister Kristin Halvorsen (SV) for ei enorm griskheit som ville gjennomføra skattlegginga. Som kjend vart det ikkje noko av det i 2006. No i vår grunngir statssekretær i Finansdepartementet, Jørgen Næsje (Frp), vedtaket om å innføre matskatt med at: «Det ikke bør være skattefritt å motta tilskudd som egentlig kan ses på som lønn», og dermed vert diett skattlagd i 2018!

Arbeidslivet skal i dag vera meir og meir fleksibelt. For mange betyr det at ein må vekependla bort i frå heimen. Ein del arbeidarar får tilrettelagt (eller vert lagt til rette for) med bustad og forpleiing, men det gjeld langt frå alle. For desse gruppene, gjerne mindre entrepenørar, har dette vore løyst med at ein har motteke ein diettsats etter Statens reiseregulativ, som skal dekka utlegg til blant anna mat.

Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt

Den blå-blå regjeringa med Venstre som ein filial av Frp, skryter jamt over skatte- og avgiftslettar på bil med meir. Dei er flinke til å snakka om «gjennomsnittlege» reduksjonar, for det høyrest best ut. For lågare inntektsgrupper er gevinsten beskjeden, men skattlegginga av dietten vil merkast.

Det er ikkje første gongen dei blå-blå skjerpar skattlegginga for anleggsarbeidarar og andre. LO og NHO kom i 1966, med hjelp av Rikslønnsnemda, fram til ein Sluttvederlagsavtale. Formålet med den er som det står: «Hensikten med denne avtale er å yte økonomisk kompensasjon til arbeidstekere som etter fylte 50 år og til og med fylte 66 år, blir sagt opp uten at oppsigelsen skyldes eget forhold, eller når arbeidsforholdet opphører som følge av uførhet eller kronisk sykdom». Sluttvederlaget kunne vera i frå tjue tusen opp til åtti tusen kroner. Dette beløpet, som partane i arbeidslivet kom fram til, har vore skattefritt heilt fram til no, når Frp kom i posisjon, då kom og skattlegginga.

Eg veit at mange av anleggsgutane har hatt Frp som «sitt» parti. Eg trur dei har all grunn til å følgja med framover. Meirbelastning og meirutgifter ved å bu utanfor heimen skal ikkje kunna kompenserast lenger, utan at det skal skattleggjast, har dei blå-blå bestemt. Dei raudgrøne har stemt mot dette.

Garantien i frå Frps Hagesæter, om å ikkje ha matskatt, kan snart setjast i bås med garantien i frå Frps Bård Hoksrud om å fjerna alle bompengane. Det verka godt som stemmefiske, men det har ingen truverd og kjennest ikkje bra ut i kvardagen.

Diettskatt: Så mykje må du betale i skatt på jobbreiser

Helge Haukeland, tidlegare nestleiar i Norsk Arbeidsmandsforbund

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy