JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kronikk

Arbeidslivet treng denne kombinasjonen av praksis og ny kunnskap. Likevel er det få som veit om fagskolane

2018071315480020230821171436

Sissel M. Rasmussen

Til tross for at dei er ein viktig del av utdanningssystemet, er fagskolane altfor lite kjent. Kombinasjonen av erfaring, praksis og nye arbeidsmetodar gjer dette til kompetanse som arbeidslivet etterlyser.

Rådgivar i Fagforbundet Seksjon helse og sosial og fungerande leiar i Nasjonalt utval for fagskoleutdanning i helse- og oppvekstfag (NUFHO).

EIN STOR DEL AV MEDLEMMANE våre har ei grunnutdanning som fagarbeidarar. Fagskole er eitt av dei viktigaste verkemidla for desse til å kunne vidareutvikle kompetansen sin. Fagskoleutdanning sørger for dyktige fagfolk til helsesektoren, og vil samtidig gi grunnlag for lønsauke og utvida arbeidsoppgåver og ansvar for den enkelte.

STYRKEN TIL FAGSKOLEN er at den har ein kunnskapsbase som er erfaringsbasert og praksisnær. Samtidig skal den bruke forskingsresultat og annan kunnskap til å utvikle nye arbeidsmetodar og god praksis. Dette er kompetanse som arbeidslivet etterlyser.

Fagforbundet jobbar for å løfte yrkesfaga og sørgje for at den kompetansen ein fagarbeidar har, blir verdsett og utvikla. «Kunnskapssamfunnet» betyr ikkje at alle skal ha master- eller doktorgrad. Kunnskapssamfunnet betyr at alle arbeidstakarar må utvikle sin kompetansen i samsvar med endra behov i arbeidsliv og samfunn – gjennom heile yrkeslivet. Fagskolen er eit viktig verkemiddel for å sikre at faglærte også får den mogelegheita.

UTDANNING I HELSEFAG UTGJER ein stor del av det norske fagskolesystemet og er den delen som veks raskast. Om lag ein fjerdedel av alle fagskolestudentar tek utdanning i helsefag.

Satsing på fagskole har blitt eit aktuelt politisk tema som dei to største partia kappast om å løfte høgst. Fagskole får, med den nye fagskolelova, status som høgre yrkesfagleg utdanning. Det blir innført studiepoeng, og studentane får rettar på linje med studentar ved universitet og høgskolar.

FAGSKOLEUTDANNING I HELSEFAG byggjer på dei gamle vidareutdanningane for hjelpepleiarar som blei etablert og bygd ut på 1970- og 80-talet i barsel- og barnepleie, psykisk helsearbeid og somatikk. Etter innføringa av Reform 94 i vidaregåande opplæring blei vidareutdanningane lagt ned. Men helsestyresmaktene, med god drahjelp frå Fagforbundet, tok initiativ til å innføre på nytt utdanningane og leggje dei under den nye lova om fagskolar frå 2003.

Bakgrunnen for etableringa av dei gamle vidareutdanningane og dagens fagskoleutdanningar har primært vore behovet for spesialisering og fagleg fordjuping. Dei største og mest populære tilboda er «Psykisk helse og rus» og «Helse, aldring og aktiv omsorg». I tillegg har det blitt utvikla tilbod i kreftomsorg, nevrologiske skader og lidelsar, rehabilitering, miljøarbeid, smittevern og sterilforsyning, rettleiing, administrasjon og team- og prosjektleiing.

DEI ALLER FLESTE SOM TEK fagskoleutdanning i helsefag, har ei grunnutdanning som helsepersonell. Det er mogleg å bli tatt opp som student til fagskoleutdanning på grunnlag av realkompetanse. Ein kan ikkje få autorisasjon som helsepersonell etter gjennomført fagskoleutdanning viss ein ikkje har ei godkjent grunnutdanning.

Det er fagskolane som søkjer Nokut om godkjenning av fagskoletilbod basert på studieplanane. Nasjonalt utval for fagskoleutdanning i helse- og oppvekstfag (NUFHO) utarbeider «nasjonalt anbefalte planar» som skolane kan byggje tilboda sine på. I NUFHO deltek arbeidslivspartane og representantar for dei offentlege og private tilbydarane.

Per i dag finst det rundt tolv anbefalte planar som er retta mot helsepersonell med utdanning frå vidaregåande nivå – primært helsefagarbeidarar. Helsedirektoratet har finansiert utvikling av fagskoleutdanning i helsefag via øyremerkt midlar på statsbudsjettet. For 2017 var løyvinga på vel 100 millionar kroner. I tillegg får studentar som er medlem i Fagforbundet, stipend.

DET FINST IKKJE SÅ MANGE vitskapelege studiar av kva fagskoleutdanning i helsefag betyr i arbeidsfeltet, det vil seie i kommunanes helse- og omsorgstenester og i sjukehus. KS har gjennomført eit FoU-prosjekt (forsking og utvikling red.anm.) som tyder på at det er stor variasjon i kva grad kommunane kjenner til fagskoleutdanning. Det er og eit spørsmål om dei har strategiar som inkluderer fagskoleutdanning. Likevel meiner dei fleste at fagskoleutdanning er viktig for å heve kompetansen til dei tilsette og utvikle og forbetre tenestene.

Stadig fleire unge tek bachelor- eller masterutdanning på høgskole eller universitet. Det er bra, men samfunnet treng også den yrkesfaglege kompetansen til fagarbeidarane. For at ungdom skal finne yrkesfag like interessant som høgskoleutdanning, må det finnast karrierevegar og måtar å byggje kompetanse på som gir utteljing. Fagskolane er nettopp yrkesretta alternativ til høgskole. Det må dessutan utviklast gode overgangar mellom systema.

DEI KOMMUNALE HELSE- OG OMSORGSTENESTENE står overfor utfordringar med å tiltrekkje seg nok personell med rett kompetanse. Stadig meir komplekse helse- og omsorgstenester skal ytast i kommunane og pasientar og brukarar har samansette behov. Dette krev mykje av alle som jobbar der, og ingen kan rekne med å vere ferdig utlært etter avslutta grunnutdanning, uansett kva nivå den er på.

Kjelder:

Agenda Kaupang (2017): Samarbeid mellom kommuner og fagskoler, KS FOU-prosjekt nr. 164021

Arbeidsforskningsinstituttet (2017): Helsefagarbeidernes muligheter for utvikling og bruk av kunnskaper og ferdigheter i jobben, FoU-resultat 02:2017

Høst, H., C. Tømte (2016): Styring og styrking av en fragmentert sektor – En evaluering av Nasjonalt fagskoleråd, Oslo. NIFU.

«Fagskoleutdanning sørger for dyktige fagfolk til helsesektoren, og vil samtidig gi grunnlag for lønsauke og utvida arbeidsoppgåver og ansvar for den enkelte.»

Tonje Thorbjørnsen, rådgivar i Fagforbundet

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
Tonje Thorbjørnsen

Tonje Thorbjørnsen

Moment Studio

Sissel M. Rasmussen

Tonje Thorbjørnsen

Tonje Thorbjørnsen

Moment Studio