JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

«Eg har høyrt folk presentere seg sjølv som «berre» tømrar»

Privat

Vernepleiar Elisabeth Bjordal Giil meiner det er på tide å innsjå verdien i «berre» yrkesfag.

2016102014171020230821171436

tips@fagbladet.no

Innlegget var først publisert i lokalavisa Firda.no og på framtida.no

Tal frå SSB viser at vi i 2030 kan komme til å mangle 127.000 yrkesfagarbeidarar. Ei undersøking Norstat gjorde i 2015 på vegner av NELFO (landsforeining for bl.a. elektrobedrifter), viser at 7 av 10 nordmenn meiner yrkesfaga har for låg status.

Svært mange eg kjenner tok til på ei yrkesfagutdanning, men fullførte den aldri. Det vil seie at veldig mange tok skuledelen av yrkesfagutdanninga, men valte så studiespesialiserande påbygg for å gå vidare til ei høgare utdanning i staden for læretid. Svært mange fordi det ikkje er nok læreplassar, så etter skuledelen står dei på bar bakke. Men og ofte fordi det ikkje er «nok» med yrkesfagutdanning.

Eg gjekk denne vegen sjølv. Eg fullførte helse- og sosialfag, og så omsorgsfagarbeidar (no helsefagarbeidar). Så tok eg allmennfagleg påbygging for å gå vidare på skule. Men bakgrunnen for mitt val var aldri eit behov for eit yrke med høgare status.

Eg var heldig å hadde læreplass, men eg var ikkje klar for arbeidslivet enno. Så eg surra rundt, før eg fann vernepleie, og blei vernepleiar. Valet mitt å gå denne bachelorutdanninga var på grunnlag av eit ynskje om å lære meir, og at eg er så glad i å lese/studere.

Alle kan ikkje springe rundt og ta ein master, skriv Linda Watten

Den praktiske læra mi kan eg takke livets skule mest for. Det vil seie alle dei åra eg arbeidde side om side med hjelpepleiarar på sjukeheimar. Lenge før eg sjølv blei utdanna. Lenge før eg sjølv var«høgare» på rangstigen. Då eg berre var ein assistent.

Plutseleg tok det heile ei vending, og eg var blitt ein høgare utdanna. For min del innebar det berre litt fleire og andre oppgåver enn for dei med yrkesfagutdanning. Men stundom merka eg fleire skilnadar. Eg beit meg merke i at nokre av mine kollegaer kunne omtale seg sjølv som «berre» hjelpepleiar i møte med meg og sjukepleiarar.

Dette har eg merka andre gongar og, blant dei med andre yrke. Eg har høyrt folk presentere seg sjølv som «berre» tømrar på ein fest, der flesteparten hadde ei høgare utdanning. Som om dei vegra seg for å seie at dei er yrkesfagutdanna med stoltheit i stemma. For alle veit vel at det ikkje ligg mykje pengar i å bygge eit hus? Alle veit vel at det ikkje trengst så mykje intelligens for å få det til?

Det følast som det er desse haldningane som ulmar i samfunnet. Som om at dei som vel yrkesfagleg utdanning gjer det fordi dei ikkje er flinke nok på skulen. At dei ikkje hadde greidd ei høgare utdanning, og difor må nøye seg med mindre. Vere ein yrkis. Alle veit jo at dei er slaurar, som nesten ikkje treng å møte opp på skulen for å få fullført. Dette har også kome fram i media, der ungdommar har følt seg pressa til å velje høgare utdanning, fordi dei har fått beskjed om at dei er for smarte til å velje yrkesfag.

Eg vaks opp med mange gutar. Fleire av desse gutane gjekk på yrkesfag, og blei anleggsmaskinførarar, mekanikarar, tømrarar m.m. Desse gutane er langt frå dumme. Dei kan i dag lage sine eigne tomter og bygge sine eigne hus. Dei har vore yrkesaktive sidan dei var 18 år gamle. Tenk på kor mange år dei har skapt verdiar for landet vårt? Alle skattepengane dei har bidrege med?

Det er i dag utruleg mange unge som tek ei høgare utdanning, som dei ikkje eingong veit om dei vil bruke til noko. Det er som om det er blitt ein mote å studere. Du kan eigentleg studere kva enn du vil, så lenge det er på universitetet eller høgskulen.

Vi har ikkje behov for at folk studerer kva som helst. Vi har ikkje behov for at unge overkvalifiserer seg. Vi treng dei som kan bygge hus til oss, dei som sørger for at vi får straum i husa, vatn i røyra og vegar å køyre på. Arbeidsmarknaden til fleire av desse yrkesgruppene er i dag vanskeleg, fordi dei blir pressa ut av billigare arbeidskraft frå EØS-landa. Her må politikarane ta grep, for å sikre at ein har arbeid så ein kan lokke ungdommane til å utdanne seg til. Vi treng å produsere denne arbeidskrafta sjølv, for det kan vere ganske skummelt å vere heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft. Vi vil nok alltid ha behov for arbeidskraft frå andre land, og dette er eit verdifullt supplement. Men, det bør vere nettopp det, eit supplement.

Ragnhild (22) fryktar media skremmer unge frå å satsa på eldreomsorg

Eg treng hjelpepleiarane/helsefagarbeidarane ved mi side. Mine oppgåver tek gjerne så lang tid at eg ikkje får tid til å vere nok med pasienten. Så eg legg kanskje ikkje merke til eit byrjande liggesår, eller manglande matlyst. Eg treng kunnskapen deira, eg treng hjelpa deira. For meg har det aldri vore noko mindreverdig å vere yrkesfagleg utdanna. Dei er mine likeverdige kollegaer som andre vernepleiarar og sjukepleiarar. Det er saman vi gjer eit godt helsetilbod. Det same gjeld f.eks. for ingeniørane, som treng sine kollegaer med yrkesfagutdanning for å realisere eit prosjekt.

Eg er stolt dotter til ein hjelpepleiar, som har lært meg kjærleiken til eit yrke som består i å hjelpe menneske. Eg er stolt dotter til ein anleggsmaskinførar, som gjer at akademikarar bleiknar, fordi far min kan bygge vegar og tomter (og alt anna i heile verda – heilt objektivt).

Det er behov for ei haldningsendring i samfunnet vårt i dag, så vi ikkje sit der i 2030 i manko på arbeidskraft. Dette er noko politikarane no har innsett, og dei har eit stort arbeid framfor seg for å gjere yrkesfagutdanning attraktivt. Men det er også eit arbeid for kvar og ein av oss. Det er på tide å innsjå verdien i «berre» yrkesfag.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy