Nadia Frantzen
Leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Naudsynt helsehjelp, medisinar og pleie er viktig. Det legg grunnlaget for å kunne leve. Men menneske treng meir.
Menneske treng aktivitet. Meiningsfull aktivitet. Å fylle dagane med innhald – ikkje berre å eksistere. Dette fortener våre gamle. Dei som bygga landet for oss andre. Våre foreldre og besteforeldre, vener og naboar. Våre medmenneske.
Pleiepersonellet gjer ein iherdig innsats for å fylle dagane med meining så godt det let seg gjere, men god pleie tek tid, og med avgrensa ressursar er det ofte vanskeleg.
Det er her aktivitøren kjem inn. Spesialistar på å leggje til rette for meiningsfull aktivitet, tilpassa individet.
Men kor vart dei av? Over lang tid no har det vore ei systematisk nedbygging. Det vart færre og færre aktivitørar, samstundes som læreplassane forsvinn, saman med høvet til å ta utdanninga på vidaregåande.
Parallelt er frivillige på veg inn i eldreomsorga. Desse bidreg òg til å gi meining til dagane. Ein god besøksven kan bety mykje. Men heller ikkje desse er aktivitørar. Dei er eit viktig supplement, men inga erstatning.
Fagforbundet er utruleg stolte av å organisere aktivitørane. Jobben dei gjer, sjølv om dei byrjar å bli få, er heilt uvurderleg. 7. juni er det aktivitørdagen. Dei fortener å bli feira, og me skal gjere vårt. Men meir enn det, for våre eldre sin skuld så fortener dei å bli satsa på.
Gode helse og omsorgstenester er eit teamarbeid. Men somme stader opplev me at dette teamet krympar. I ein hektisk kvardag må ein prioritere. Aktivitet må gjerne vike. Men sånn treng det ikkje å vere – me må berre utvide teamet igjen.
Så, er det aktivitørane sin tur, no? Veit du, det må det faktisk vere.
SPARER IKKE SELV: – Det er vel typisk kvinner det, sier Ruth Petersen.
Eivind Senneset
UTENFOR: Nicolay Hellestø mener Fagforbundet og LO må kreve en mye sterkere statlig styring av markedet enn i dag.
PRIVAT
NYTT FORSLAG: Mette Nord i Fagforbundet har lagt et forslag på bordet.
Alf Ragnar Olsen
HEKTISK: Nestleder Odd Haldgeir Larsen i Fagforbundet på LO-kongressen mandag.
Per Flakstad
TOLKER VEDTAKET: Sjeføkonom Roger Bjørnstad i LO.
Jan-Erik Østlie
LANDET SAKEN: Det er Odd Haldgeir Larsen, som inntil nylig var nestleder i Fagforbundet, som har holdt i denne saken. Torsdag ble han valgt til LO-sekretær.
Leif Martin Kirknes
Marte Bjerke
Nadia Frantzen
Marte Bjerke