Solfrid Rød
Sjukepleiar og tillitsvald for Fagforbundet ved Haukeland sjukehus
I det eg skriv dette har regjeringa nett avslutta sjukehusstreiken ved tvang. Nesten fire veker fikk me streike før det sedvanlege skjedde – tvungen lønnsnemnd. Kravet me streika for er strengt tatt forbløffande – pensjon for alle. Ikkje forbløffande fordi det er urimeleg, men forbløffande fordi eg lurer på kvifor i alle dagar me må streike for det. Det burde vere heilt opplagt at viss ein arbeider så skal ein få pensjon. Pensjon er lønn. Det er ikkje ei gåve frå gavmilde arbeidsgjevarar. Det er lønn som fagrørsla har kjempa fram.
Uvilja til å gi pensjon til alle, uavhengig av stillingsprosent, føyer seg inn i rekka med urealistiske forventningar som me sjukepleiarar, og mange andre som jobber innan helse, møter. Det sagnomsuste kallet. Idéen om at me eigentleg berre jobber fordi me ynskjer å hjelpe folk. For meg personleg er det ikkje heilt feil, eg vart jo sjukepleiar fordi eg ynskja å hjelpe folk. Men eg er ein arbeidar. Eg er avhengig av lønna mi for å leve. Uansett kor mykje Spekter og andre skulle ynskje det så klarar eg ikkje å leve basert reint på eit ynskje om å hjelpe sjuke menneske. Eg treng lønn. Når eg vart pensjonert treng eg pensjon.
Spekter har prøvd å skulde uvilja deira på oss sjukepleiarar. Me har lovfesta pensjonsordning – difor vil det vere urettferdig om medlemmer i Fagforbundet skulle få pensjon utan å endre den lovfesta pensjonsordninga. Det må vere ein av dei tynnaste argumentasjonane eg har høyrd, og eg har høyrd Høgre, Venstre og FrP «argumentere» for at ei innstramming av abortlova ikkje er ei innstramming av abortlova! Sidan når har lovfesta rettar vore ei maksgrense for kva ein kan få, og ikkje ei minstegrense?
Samstundes er eg, no som streiken vart avslutta, uroa over streikeretten vår. Me fikk ingen dispensasjonssøknadar. Viss ein faktisk var uroa for liv og helse skulle ein tru at ein tok det opp med dei streikande forbunda. Når ein vel å ikkje gjere det fremstår det som at ein trur at tvungen lønnsnemnd er eit legitimt mål å ha i ein streik. Det er kynisk og illustrerer manglande respekt både for forbunda ein samarbeider med, men kanskje aller mest for dei tilsette som faktisk gjer jobben i helseforetaka – dei same personane ein måtte gå til helsetilsynet for å tvinge tilbake i jobb.
Eg sit igjen med ein bismak etter denne konflikten. Det er flaut at Spekter, på vegne av dei statlege helseføretaka, nekta å godta vårt heilt rimelege krav om at alle skal få pensjon. Eg er òg skuffa over den kyniske handteringa av streiken frå Spekter si side. Dei streikande har eg stor respekt for. Dei stod på i fleire veker – ikkje for seg sjølv, men i solidaritet med kolleger som ikkje har samme rettar som dei. Respekten for Spekter byrjar å bli svært tynnslitt.
KOR MYKJE?: Det store spørsmålet er kor mykje meir dei som jobbar i kommunane vil få i år. Les meir om kva prognosene seier i denne saka.
Brian Cliff Olguin
SJEFEN: Sarah Williams leder matbanken i den britiske byen Banbury.
Anita Arntzen
– Jeg trodde at matbudsjettet da ville gå ned, men nei, sier Hege Hansen.
Ole Martin Wold
Anita Arntzen
MINISTERBESØK: Ingvild Kjerkol besøkte Emma Straub på St. Olavs hospital i forkant av sykehustalen. Fagforbundet krever flere lærlinger som Emma i norske sykehus.
John Olav Berdahl
KREV HANDLING: Janne Håkonsen jobbar som sosialkonsulent i Nav Sagene og er tillitsvalgt i Fagforbundet. Ho er uroa over fleire månaders ventetid på AAP-søknadar og den store prisauka.
Øystein Windstad