JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Julebord, alkohol og seksuell trakassering:

Ein av fem har fått uønskte seksuelle tilnærmingar frå rusa kollegaar. Her er fem gode råd i julebordsesongen

Colourbox

20 prosent av oss meiner at folk drikk for mykje alkohol på julebord, viser ei ny undersøking.

2019121309493820230821171436

tormod@lomedia.no

Desember er den desidert største julebordsmånaden. Over halvparten av oss skal på julebord, og langt dei fleste av desse skal på julebord arrangert av jobben. Då høyrer alkohol med for mange.

Samtidig viser ei fersk undersøking gjennomført av Respons Analyse for organisasjonen Av-og-til, at nærmere 20 prosent har opplevd uønskte seksuelle tilnærmingar eller kommentarar frå rusa kollegaar. Generalsekretær Randi Hagen Eriksrud meiner arbeidsgivarar må å ta grep.

– Vi veit at alkohol utløyser ein risiko for at tilsette blir utsette for hendingar som er uheldige og i verste fall ulovlege, sånn som seksuell trakassering. Vi meiner arbeidsgivarar har eit ansvar for å redusere alkoholbruken. Det kan dei gjere ved å ta bort alt som heiter fri bar og ha tydelege reglar for alkoholbruk på jobbarrangement, seier ho til Magasinet for fagorganiserte.

Her er fem råd alle ansatte og sjefer bør vite om før julebordet

p

Fylla har skylda

Omtrent 20 prosent meiner også at folk drikk for mykje alkohol på juleborda, ifølge undersøkinga.

– Eg trur metoo har bidratt til bevisstheit rundt alkoholen sine negative effektar, og at fleire ønsker ei endring i bruken av alkohol. Nordmenn drikk mykje i jobbsamanhengar som julebord, men også i gråsoner som under fredagspils og jobbreiser. Vi må snakke om alkoholen, kva effektar den har og lage tydelege reglar for når og kor mykje ein kan drikke i jobbsamanheng, seier Eriksrud.

– Er det ikkje lettvint å legge skylda for seksuell trakassering på bruken av alkohol?

– Det ligg jo eit menneskesyn til grunn når ein utfører seksuell trakassering, men det er heller ingen tvil om at i mange av metoo-sakene var alkohol inne i bildet. Ein måte arbeidsgivarar kan ta tak i utfordringa på, er å redusere mengda alkohol under jobbarrangement. Det er eit forholdsvist enkelt grep å ta, svarer Eriksrud som meiner gode alkoholfrie alternativ er viktig.

{f1}

Mindre gratis alkohol

Utviklinga verkar å gå svakt i riktig retning. To av ti seier at dei har fått mindre gratis alkohol påspandert av arbeidsgivaren under dei siste åra sine julebord, viste nyleg ei undersøking gjennomført av Kantar for NHO Reiseliv. Delen er størst i dei store bedriftene.

– Vi er positive til at bedriftene kuttar i gratis alkohol på juleborda, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, som organiserer bedrifter i utelivsbransjen, til Magasinet.

Ho fortel at mange bedrifter har kutta ut brennevin heilt og berre spanderer øl eller vin til maten. Annan drikke må deltakarane betale sjølv. I tillegg har mange bedrifter gått over til julebord i lønsjen, der det ikkje blir servert alkohol.

Her finner du Fagbladet på Facebook

Heilt på linje

– Mitt inntrykk er at både restauranteigarane og andre arbeidsgivarar er heilt på linje i dette spørsmålet. Hovudgrunnane er at mindre alkohol er helsemessig positivt for tilsette, i tillegg til at det blir enklare å unngå metoo-situasjonar. Så anbefaler vi heller arbeidsgivarane å ta med seg dei tilsette ut på restaurant oftare, seier Krohn Devold.

p

Undersøkinga til NHO-foreininga viste også at heile åtte av ti som har julebord på jobben, meiner det er lite fokus på seksuell trakassering. NHO Reiseliv oppfordrar derfor bedrifter som ikkje har rutinar for førebygging og handtering av seksuell trakassering, til å følge opp arbeidsgivaransvaret sitt og få dette på plass.

Likestillings- og diskrimineringsombodet, Arbeidstilsynet, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, lanserte nyleg ein digital kviss som dei oppfordrar arbeidsgivarar og tilsette til å ta i bruk. Formålet er å sette i gang samtalar om seksuell trakassering på jobben.

Gode råd til julebord

LO, NHO og Likestillings- og diskrimineringsombodet har utarbeidd fem råd til bedrifter som arrangerer julebord:

1. Førebygg uønskt oppførsel. Har verksemda tidlegare hatt episodar med grenselaus oppførsel på julebordet, er det viktig å ta opp temaet før festen er i gang. Dersom problemet er knytt til enkeltpersonar, bør leiar også ta ein særskilt samtale med dei det gjeld.

2. La folk gjere jobben sin. Hugs at dei som serverer dykk og gjer det hyggeleg for dykk på julebordet, er tilsette som er på jobb denne kvelden. Dei har rett på eit trygt og godt arbeidsmiljø utan trakassering og krenkingar.

3. Hugs at du er på jobb. Når du er på julebord med jobben, gjeld dei same reglane som i arbeidskvardagen. På julebord skal ein ha det hyggeleg saman med kollegaar. Om du har det hyggeleg på andre sin kostnad, er det ikkje greitt. Og heller ikkje lov.

4. Pass på alkoholinntaket. Om du ikkje kan drikke alkohol utan å skape ubehag for andre, så kan du ikkje drikke alkohol på julebordet.

5. Ver tydeleg som leiar. Leiarar har eit særskilt ansvar for å sikre at festen er hyggeleg for alle som deltek. Om du opplever at ein kollega går over streken, så sei ifrå med ein gong, og forvent støtte frå leiar og kollegaar.

Om undersøkingane

Respons analyse si undersøking for Av-og-til er tatt opp i månadsskiftet november/desember gjennom telefonintervju blant eit representativt utval på 1000 personar.

Kantar si undersøking for NHO Reiseliv er tatt opp i same periode gjennom webintervju blant eit representativt utval på 1000 personar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy