JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

André Martinsen

Steinar Hasselø

Takk for innsatsen!

«Walk on, walk on, With hope …» tonar ut frå mobilen. Kåre gløttar motvillig mot telefonen, og lurar på om han skal nyte heile songen før han svarar. Men ikkje denne gongen. Han bryt av Gerry & The Pacemakers før dei gjer seg ferdige med refrenget:

– Hei Pernille!

– Hei! Er du på rådhuset no, Kåre?

– Jau, på plass. Ein av få.

– Kan vi ikkje få låne kontoret ditt litt? Til eit Teams-møte. Kort.

– Eg skal ha eit møte med kommunedirektøren og HR om kartlegging av nøkkelpersonell om eit lite kvarter, svarar Kåre. Og det skal eg ha på Teams, så det kan bli vanskeleg.

– Nei, nei, dette skal vi ikkje bruke lange tida på! Du rekk knapt å ta deg ein kaffekopp! Eg ringer Gunnlaug og så sender eg møteinvitasjon til deg. Eg reknar med at ho er rundt der ein plass.

– Gunnlaug?

– Vaskedama. Ho har siste arbeidsdagen i dag.

– Å ja, ho, ja. Men de må vere kjappe! Viktig møte!

*

Tre-fire minutt seinare står Gunnlaug i døra.

– Eg skulle …

– Hei, ja, Pernille skulle snakke med deg på Teams. Eg skal kople dykk opp.

Eitt klikk og eitt til, og så dukkar Pernille opp på skjermen.

– Hei, no er besøket kome her, Pernille. Vent litt, så skal eg flytte meg. Og så kan du sette deg her og ta på deg dette headsettet. Mikrofonen framfor deg, sjølvsagt.

Gunnlaug sett seg forsiktig ned, vaglande heilt frampå på stolen, slik at setet vippar fram. Ho er ingen tungvektar, så det går bra. Kåre trekk seg tilbake, bråsnur etter Liverpool-koppen sin, og sig ut døra.

*

– Der er du, ja. Hei, Gunnlaug! Har du det bra?

– Jau, det …

– Eg har fått med meg Christiane også. Høyrer du oss, Christiane?

– Loud and clear!

– Eg ser ikkje noko bilde på deg, Christiane?

– Nei, det er noko problem her. Ja, det får vere utan i dag.

– Ok, men Gunnlaug... Eg og Christiane har sjølvsagt fått med oss at det er siste dagen din i dag og vi vil difor berre seie kor ufatteleg stor pris vi har sett på deg! Det skal du vite! Men det blir vel godt å bli pensjonist no, sikkert?

– Ja, det …

– Du får berre ligge utover og nyte morgonane! Når startar du dagane no? spør Christiane.

– Eg er vel her i seks-tida til vanleg, og …

– Seks-tida! Høyrde du det, Pernille!? Det hadde ikkje vi makta!

– Nei, nei! Ikkje snakk om! Men det må vel vere vaska før arbeidstida startar, så det er vel ikkje til å kome unna. Men det skal du vite, Gunnlaug: Det er de som gjer at vi andre får gjort jobben. Og no ser de kor viktige de er!

Christiane heng seg på:

– Eg ser dei klappar for sjukepleiarane i England, Pernille. Skal ikkje vi også ta ein kort klapp for Gunnlaug og likesinna? Bli med, Pernille! No!

Klapp, klapp!

– Absolutt velfortent! Absolutt! Vi skulle sjølvsagt vore der og hatt kakelag for deg, Gunnlaug, men du veit, i desse koronatidene … Hugsa heldigvis på at vi hadde bestilt kake, så eg stakk innom bakaren på senteret i går og avbestilte. Forferdeleg med folk der, forresten. Veit dei ikkje om viruset!?

– Var der i går eg også, Pernille. Det same da. Verkar ikkje som folk har vett til å halde seg heime!

– Eg kan skjønne dei litt, da. Ein mistar det sosiale med å ikkje vere på arbeid. Praten i kaffepausane. Ikkje er det bra heller, for no pimpar eg kaffe og et sjokolade dagen lang. Men vi må berre gjennom dette! Du er heldig, Gunnlaug, som har fysisk arbeid og får rørt deg i arbeidstida. Her eser eg berre ut! Du er samd i det, Christiane, det er eit gode å kunne få rørt på seg i arbeidstida?

*

– Christiane!?

– Jau. Det er klart. Men tilbake til kakelaget, Gunnlaug: Du blir sjølvsagt invitert på markering for pensjonistane neste sommar, så da skal vi snakke med Personal slik at du får eit ekstra stort kakesty…aaaaAAAA!

– Hei?! Kva skjer, Christiane? Høyrer du oss? Hallo?

– Hahaha! Eg berre forskreva meg og måtte ta meg for! Ned på kne, men det gjekk bra! Å, du skulle sett …

– Forskreva deg? Kvar er du?

– På tur opp til Toppen. Må utnytte godvêret, veit du.

– Å ja, opp den siste kneika da, tippa Pernille.

– Ja, skia sklei til kvar sin kant. Fekk ikkje tatt meg for sia eg held mobilen.

– Tykte eg høyrde litt vindsus, ja. Har du ikkje felleski?

– Nei, men …

– Du skulle hatt felleski, Christiane. Eg var der i går og da gjekk eg straka vegen opp kneika. No problem! Kjøp deg felleski, du vil ikkje angre! Da blir det kort veg opp til Toppen.

– Ja, får vel vurdere det. Kjem vel på sal snart, skal du sjå. Eg trur dei slit på Sport’n no. Ventar litt og ser det an.

– Oj! Ser det dukka opp ein atti bildet der no, Gunnlaug. Eg fekk berre nokre minutt med Kåre, så vi får avslutte. Men kjære Gunnlaug, takk for innsatsen og lukke til som pensjonist!

– Takk, ja, Gunnlaug, og lukke til! legg Christiane til.

– Ehh, ja, takk for det! Kva skal eg gjera her no for å …

Eitt utgåande signal og eitt til.

– Da tek du berre av deg headsettet, instruerer Kåre, så skal eg ta over.

*

– Vent litt forresten! Kan du sprite headsettet og armlenene før du går. Vi må for all del passe oss for at det ikkje blir spreidd smitte her no, ehh, Gunnhild!

Eit par-tre minutt seinare. Nytt Teams-møte for Kåre.

Det tok ikkje lange tida, så halvtimen seinare hadde Kåre logga av for å avspasere resten av dagen.

På tur ut gløymde han seg. Forsiktige Kåre brukte flathanda, og ikkje olbogen, på døropnaren. Ja, ja, eit og anna glipptaket må ein rekne med…

Vinterkledde Gunnlaug kom akkurat opp trappa og såg det. Snudde, henta eit tørkepapir, dynka i Antibac, og sprita den store kvadratiske knappen. Så logga ho ut. For godt.

Steinar Hasselø

Alder: 59 år

Yrke: Kulturkonsulent

Arbeidsplass: Kultureininga i Surnadal kommune.

Bakgrunn: Forutan å ha hatt ulike stillingar i Surnadal kommune, har han arbeidd på Nordmøre Folkehøgskule, i Orkdal kommune, Amfi Kreativ, avisa Driva og, ikkje minst, som dreng på Tustna.

Han har skrive ei sakprosabok: Tingvoll IL sitt hundreårsskrift. Fiksjon har det heller vore smått med; det siste forsøket på novelleskriving var for knapt førti år sia. Og da vart det med det. Til no.

Dette er juryens begrunnelse:

Morsomt, sårt og provoserende om forskjellssamfunnet. «Takk for innsatsen» skildrer kommunekontoret i koronaens tid med dets digitale møter og hjemmekontor der en renholder skal takkes av, over Teams må vite, før hun går ut som pensjonist. Gunnlaug, eller «Vaskedama», som hun blir omtalt av de kommuneansatte, må presses inn før et viktig møte, og resultatet er alt annet enn en verdig avslutning på et langt arbeidsliv. Teksten er leken, dialogen frisk og freidig, men bak lurer alvoret som stikker deg i hjertet.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy

::-----------------------------------

t: Tittel i bildet [][]

t!-----------------------------------

u: Skygge under tittel [][]

u!-----------------------------------

f: Farge på tittel [#000000][#000000]

f!-----------------------------------

z: Tittelstørrelse [6][9]

z!-----------------------------------

j: JS-lenke [https://fagbladet.no/mapper/spesial/novellekonkurransen/novelleartikkel.min.js]

j!-----------------------------------

c: CSS-lenke [https://fagbladet.no/mapper/spesial/novellekonkurransen/novelleartikkel.min.css]

c!-----------------------------------