Får ris og ros i postkassa

– Pårørande til pasientar på sjukeheimen er ikkje urimelege

LÅG TERSKEL: – Vi ser kanskje ikkje den terskelen som dei pårørande opplever som høg, seier Vigdis Folkestad (t.v.). Her er ho saman med Hege R. Gjersvoll (i midten) og Una Holmelid. Dei meiner trygge pårørande og godt samarbeid med dei gjer livet betre for pasienten.

LÅG TERSKEL: – Vi ser kanskje ikkje den terskelen som dei pårørande opplever som høg, seier Vigdis Folkestad (t.v.). Her er ho saman med Hege R. Gjersvoll (i midten) og Una Holmelid. Dei meiner trygge pårørande og godt samarbeid med dei gjer livet betre for pasienten.

Oddleriv Apneseth

Pleiarane må sjå lenger enn til pasienten. Også dei pårørande skal vite at dei blir sett og kjenne seg trygge når dei kjem på besøk.

2018062811531920180628114901

«Pårørande krev meir, men ikkje for mykje.»

Una Holmelid

karin.svendsen@fagbladt.no

«Eg syns dei skal ha meir kjeks og kakar til pårørande.»

Det er no meininga til 7-åringen som var på besøk.

– Ho har skjønt poenget med postkassa, smiler Hege R. Gjersvoll, sjukepleiar og fagleiar på Førde helsetun.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

GEVINST: – Dess betre kontakten er mellom pleiarar og pårørande, dess fleire og mindre er dei sakene dei tar opp, fortel Una Holmelid. Dei som vil, kan også leggje anonyme lappar i postkassa.

GEVINST: – Dess betre kontakten er mellom pleiarar og pårørande, dess fleire og mindre er dei sakene dei tar opp, fortel Una Holmelid. Dei som vil, kan også leggje anonyme lappar i postkassa.

Oddleriv Apneseth

Ris og ros

Postkassa med teksten «Ris og ros» er eitt av fleire tiltak dei tilsette no prøver ut på sjukeheimen. Alle pårørande blir inviterte til å seie si ærlege meining om korleis dei sjølv og deira kjære har det på Førde helsetun.

– Vi har fått mange lappar med ros, nokre med ris og ein som førte til avviksmelding, fortel Una Holmelid, sjukepleiar og leiar på langtidseininga.

Når det skjer noko som bryt med lover og reglar på ein helseinstitusjon, skal dei tilsette skrive avvik. Leiinga er då forplikta til å endre praksis slik at feilen ikkje skjer igjen.

– I dette tilfellet tok eg kontakt med den pårørande og inviterte henne til samtale slik at eg kunne få høyre meir om det som hadde skjedd. Det er alltid best å møtast for å få full klarleik i kva som har skjedd, meiner Holmelid.

– Vi er glad for å få litt ris også. For vi kan sjølvsagt bli betre, seier ho.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

SOM HEIME: – Når Marta Bruland og andre får besøk, skal det vere som då dei var heime og fekk gjester før i tida. Difor byr vi på kaffi og kaker, fortel Monika Smådal.

SOM HEIME: – Når Marta Bruland og andre får besøk, skal det vere som då dei var heime og fekk gjester før i tida. Difor byr vi på kaffi og kaker, fortel Monika Smådal.

Oddleriv Apneseth

Må alltid ha leppestift på

Ofte reagerer dei pårørande på noko som for andre verkar lite, men som er viktige for dei.

– Difor prøver vi å ta alle signal frå pårørande på alvor, seier Gunnvor Solheim Hjelkrem, leiar på skjerma eining.

Pleiarane kan nok bli oppslukte av stell, måltid og medisinar. Det er inga sjølvfølge at dei steller pasienten nett slik han eller ho pla gjere. Men pårørande kan legge merke til om til dømes hårskiljet er på feil side. For at pasienten skal få halde på stilen, hender det at pårørande tek med eit bilete av han eller henne. Det er særleg nyttig når pasienten ikkje sjølv kan seie ifrå om eigne ønskjer.

Både av bilete og samtaler med dei som har kjent pasienten lenge, får pleiarane vite om dei har brukt sminke, naglelakk og smykke.

– Nokre har aldri gått ut av huset utan leppestift. Det er greitt å vere merksam på slikt, meiner ho.

Frå godt til betre

For å betre samarbeidet med pårørande har Førde helsetun gjennomført eit prosjekt saman med Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester Sogn og Fjordane. Målet er kort sagt at dei pårørande skal føle seg velkomne og trygge når dei kjem på besøk. Dei byrja med å spørje dei pårørande om deira inntrykk og korleis dei opplevde å vere pårørande til ein bebuar på helsetunet.

– Det kom fram at mange tykte dei ikkje fekk nok informasjon, fortel Una Holmelid.

– Vi trudde vi var så flinke til å informere. Men så var vi ikkje det, skyt einingsleiaren på skjerma eining inn. Gunnvor Solheim Hjelkrem og kollegaene hennar vart overraska over akkurat det. Samstundes veit dei at det skal godt gjerast å informere nok. Ofte er situasjonen overveldane for dei som er nær han eller ho som flyttar inn på ein sjukeheim. Dei får kanskje ikkje med seg alt som blir sagt i møte med dei tilsette.

– Vi har lenge hatt eit informasjonshefte til dei pårørande. No har vi justert dette litt etter råd frå pårørande. Alle faguttrykk er tatt ut, og språket er blitt betre og lettare å forstå, meiner Holmelid.

Pårørande til dei som har flytta inn på Førde helsetun etter nyttår, har fått med seg det nye informasjonsheftet. Dei har også oversikt over primærkontakt og leiar på avdelinga saman med telefonnummer.

Godt informert

Andreas Bruland er som veteran å rekne mellom dei pårørande på Førde helsetun.

– Fyrst var far her nokre år. No bur mor her, fortel 65-åringen. Han er ein av fem sysken, fire av dei bur i Førde. Sjølv prøver han å stikke innom ein gong i veka, og i blant tek han med seg mor si heim.

Bruland seier han alltid har vore nøgd med sjukeheimen. Det gjeld også informasjonen han får.

– Viss eg lurer på noko, spør eg. Enkelt og greitt.

Kjenner livshistoria

Den store skilnaden mellom før og etter pårørande-prosjektet er at arbeidet for å involvere og støtte dei pårørande er blitt meir systematisk.

Pleiarane har no ein intervjuguide som blir brukt i innkomstsamtalen like etter at ein ny pasient har flytta inn. Pleiarane spør til dømes om det er i orden at pasienten er med på biltur eller ute med sykkeldrosje, og om det er greitt at han eller ho blir fotografert. Alle svar og andre opplysningar blir skriven ned.

Livshistoria til pasienten er eit anna tema på innkomstsamtalen. Pasienten sjølv, gjerne saman med pårørande, fyller ut eit skjema om livssyn, interesser, yrkesliv og familie.

– Særleg for elevar og studentar kan livshistoria vere til hjelp for å få praten i gang, meiner Una Holmelid.

Men også for pleiarar med lang erfaring kan kjennskap til pasienten sin historie vere til god hjelp. Ein gong overraska ein av dei mannlege pasientane både tilsette og andre då han samla og stabla alle stolane i daglegstova. For å forstå kvifor han gjorde det, var det greitt å vite at han hadde vore skogsarbeidar. Kanskje var han tilbake i skogen og stabla ved.

– Vi har fått mange overraskingar når vi har lese om livet deira. Dei har opplevd mykje meir enn vi tenkjer oss, seier Holmelid.

Pårørande har også eit møte med sjukeheimslegen. Eit halvt år etter innflytting blir dei igjen inviterte til møte.

– Dei som er her ofte, har kanskje ikkje behov for ein ny samtale og takkar nei, seier Holmelid.

Krava er blitt høgare

Pleiarane på Førde helsehus har registrert at familien til pasientane har fått auka forventningar til sjukeheimen.

– Dei krev meir, men er ikkje urimelege, meiner Una Holmelid og dei andre pleiarane på helsehuset.

– Vi er tydelege på kva vi tilbyr. Vi tek også ansvar for å spørje dei pårørande kva dei vil og kan bidra med. Mange har bil og følgjer gjerne til lege og tannlege. Andre pyntar rommet før høgtidsdagar, fortel ho.

På spørsmål om det av og til oppstår usemje mellom helsetunet og dei pårørande, fortel einingsleiaren at dei kan vere usamde om til dømes aktivitetsnivå.

– Medan pasienten er heilt utsliten og ikkje har lyst å vere med på aktivitetar, hender det at dei næraste syns han eller ho skal vere med på mykje.

Mot slutten av livet kan det vere auka behov for informasjon til dei som snart skal miste ein av sine nære. Det er viktig at pleiarane opptrer trygt og støttande og gir informasjon etter behov. Slik oppnår ein lettare at det blir mindre misforståingar. Det bidreg til tryggleik hos dei pårørande.

Tillit frå første dagen

– Dei pårørande kjenner pasienten og er dei som best veit kva han eller ho treng, meiner Linn Hege Førsund.

Høgskolen i Sørøst-Norge

– Korleis meiner du at sjukeheimane best kan ta imot dei pårørande?

– Eg tenker det er viktig å skape tillit frå første dagen. Det gjer dei tilsette på sjukeheimen ved å sjå dei pårørande og spørje dei ut om deira behov og korleis dei ønsker å bli involverte. Det meiner Linn Hege Førsund, førsteamanuensis på Fakultetet for helse- og sosialvitenskap ved Institutt for sykepleie- og helsevitenskap ved Universitetet i Sørøst-Norge.

– Har ikkje pleiarane nok med å dekkje behova til pasienten?

– Familien er så viktig for bebuaren at han eller ho får det betre om dei blir involverte. Viss dei tilsette på sjukeheimen skal klare å involvere dei pårørande, må dei vise at dei bryr seg om dei også.

– Kan kjærleiksgarantien som inneber at partnaren kan flytte inn på sjukeheimen, vere ei god løysing?

– Det er sikkert riktig for mange. Viss dei har ein god relasjon, er det synd om dei ikkje får den moglegheita.

Men dei som har budd heime med ein sjuk partnar i mange år kan vere slitne. Dei har ofte fått stress-symptom som kan gå ut over eiga helse. Da må ikkje stresset fortsetje etter at partnaren har fått ein sjukeheimsplass. Det er difor viktig at ingen kjenner seg pressa til å flytte inn på sjukeheimen.

– Kva med dei som ikkje har hatt eit godt forhold?

– Vi veit at relasjonar finst i alle former. Eit dårleg parforhold blir som regel ikkje betre når eine parten blir ramma av ein alvorleg sjukdom.

Eg har tru på meir opne sjukeheimar, med større moglegheiter for individuell tilpassing. Kanskje kan partnaren ha ei seng på rommet og overnatte når han eller ho vil det.

Betre samarbeid med pårørande

Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenenster i Sogn og Fjordane såg at mange sjukeheimar trong meir systematisk arbeid for å bli meir pårørande-venlege.

Saman med Førde helsetun og pårørande har dei utvikla tiltak for å betre samspelet mellom pårørande og omsorgstenesta.

MEST LEST:
LØNNSVINNER: Hadde ikke miljøterapeut Siri Therese Nummedal fått en solid lønnsøkning, ville hun tenkt på å bytte jobb etter hvert.

LØNNSVINNER: Hadde ikke miljøterapeut Siri Therese Nummedal fått en solid lønnsøkning, ville hun tenkt på å bytte jobb etter hvert.

Helge Skodvin

Miljøterapeut Siri ble lønnsvinner blant de kommuneansatte. Se lista over hvem som fikk mest i fjor

Går du eller står du mye på jobb? Da er det viktig å velge riktig fottøy. Bedriftsfysioterapeut Helene Nilssen ved HMS-senteret Øvre Romerike gir deg tipsene.

Går du eller står du mye på jobb? Da er det viktig å velge riktig fottøy. Bedriftsfysioterapeut Helene Nilssen ved HMS-senteret Øvre Romerike gir deg tipsene.

Bjørn A. Grimstad

Hvilke sko bør jeg bruke på jobben? Sju spørsmål og svar

DÅRLIG SIGNAL: – Dette er nesten litt komisk. Praktisk sett er det en tullesak. Det er også et jævlig dårlig signal å sende til sine ansatte som har jobbet i vinkel, dag, kveld, helg og natt i tre år for å få til sammenslåingen, sier Anders Fosen, leder i Fagforbundet i Asker kommune.

DÅRLIG SIGNAL: – Dette er nesten litt komisk. Praktisk sett er det en tullesak. Det er også et jævlig dårlig signal å sende til sine ansatte som har jobbet i vinkel, dag, kveld, helg og natt i tre år for å få til sammenslåingen, sier Anders Fosen, leder i Fagforbundet i Asker kommune.

Bjørn A. Grimstad

Skal lunsjpausen vare i 20 eller 30 minutter? Nå havner saken i retten

BEDRE FØR: Før Eli Kristine Ekeren fikk jobb som nattevakt på sykehjemmet i 1989, hadde moren hennes den samme jobben. Den gang var tillegget en prosent av lønna, slik at tillegget økte i takt med lønnsutviklingen. Slik er det ikke nå lenger.

BEDRE FØR: Før Eli Kristine Ekeren fikk jobb som nattevakt på sykehjemmet i 1989, hadde moren hennes den samme jobben. Den gang var tillegget en prosent av lønna, slik at tillegget økte i takt med lønnsutviklingen. Slik er det ikke nå lenger.

Frøydis Falch Urbye

Jobben kan påføre Eli både kreft og depresjoner

Mannen må møte i retten for anklagene. Ifølge advokaten nekter han straffskyld for handlingene han er tiltalt for. (Illustrasjonsfoto)

Mannen må møte i retten for anklagene. Ifølge advokaten nekter han straffskyld for handlingene han er tiltalt for. (Illustrasjonsfoto)

Svein Tofteng

Barnevernsgründer tiltalt for seksuelt misbruk av sitt eget fosterbarn

RO: Kos med Pus roer når det trykker innvendig.  – Spesialisthelsetjenesten er så neddynga at de ikke klarer å møte fristene til Nav, sier Helene Spro, helsefagarbeider og mor til to døtre med spesielle behov. Hun har permisjon uten lønn for å ta vare på barnet sitt på skolen og sliter økonomisk. Spro får ikke engang søkt om pleiepenger grunnet lang ventetid i spesialisthelsetjenesten.

RO: Kos med Pus roer når det trykker innvendig. – Spesialisthelsetjenesten er så neddynga at de ikke klarer å møte fristene til Nav, sier Helene Spro, helsefagarbeider og mor til to døtre med spesielle behov. Hun har permisjon uten lønn for å ta vare på barnet sitt på skolen og sliter økonomisk. Spro får ikke engang søkt om pleiepenger grunnet lang ventetid i spesialisthelsetjenesten.

Yngvil Mortensen

Alenemor Helene (46) får ikke pleiepenger: – Faen ta dere hele gjengen!

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy