Fallande organisasjonsgrad

– Regjeringa svekkar organisasjonsgraden

Arild Grande, leiar for Arbeidarpartiets arbeidslivsutval og medlem i Stortingets arbeids- og sosialkomite.

Arild Grande, leiar for Arbeidarpartiets arbeidslivsutval og medlem i Stortingets arbeids- og sosialkomite.

Jan-Erik Østlie (arkivfoto)

Forskarar avkreftar at fagforeiningane har ansvaret for fallande organisasjonsgrad og anbefaler auka eksklusive fordelar ved medlemskap. Samtidig har fagforeiningsfrådraget stått stille sidan 2013.

2018021407450020180219122405

tormod@lomedia.no

Fleire har lagt ansvaret for fallande organisasjonsgrad over på fagforeiningane sjølv, og meiner fagforeiningane har svikta i å gjere seg attraktive.

Høyres Trond Helleland mener LO har seg selv å takke for lavere organisasjonsgrad

Rapporten «Organisering av uorganiserte» fra forskningsstiftelsen Fafo og Arbeidsforskningsinstituttet viser derimot at folk generelt har positive haldningar til fagforeiningar og at haldningane har vore stabile dei siste åtte åra.

Ifølge rapporten er fire av ti interessert i å fagorganisere seg. Interessen er særleg stor blant ungdom.

Det gjer at Arild Grande (Ap) no meiner regjeringa må slutte å mistenkeleggjere fagforeiningane og støtte tiltaka som vil auke organisasjonsgraden.

«Gratispassasjerane»

Manglande modernisering i fagrørsla er ikkje eit avgjerande hinder for organisering, skriv forskarane, i rapporten som er utarbeida av Afi og Fafo, på bestilling frå LO, YS, Unio og Akademikerne.

Det er først og framst «gratispassasjerprinsippet» som står i vegen for organisering: 44 prosent av dei som ikkje er interessert i å organisere seg seier at dei får same løns- og arbeidsvilkår uansett.

Forfattarane av rapporten anbefaler derfor å auke dei eksklusive fordelane knytt til medlemskap i fagforeiningar.

– Svekkar fagforeiningsfrådraget år for år

– Om organisasjonsgraden går ned, på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida, truer det heile samfunnsmodellen. Derfor er vi sterkt kritisk til at regjeringa svekkar fagforeiningsfrådraget år for år, seier Arild Grande, leiar for Aps arbeidslivsutval og medlem i Stortingets arbeids- og sosialkomite.

Han peikar på auka fagforeiningsfrådrag som eit effektiv tiltak mot fallande organisasjonsgrad.

Ein kan i dag skrive av 3850 kroner av fagforeiningskontingenten på sjølvmeldinga. Frådraget er ikkje auka sidan 2013 og heller ikkje pris- eller lønsjustert.

– Til og med statsministeren har sagt at høg organisasjonsgrad er eit konkurransefortrinn for Norge. Likevel svekkar dei arbeidet ved å gjere det stadig dyrare å vere medlem i fagforeiningar. Ho har eit tydeleg forklaringsproblem og viser at det er langt mellom fine ord og reell politikk.

Høgre trur på si side at fagforeiningsfrådraget ikkje er eit godt tiltak for å auke organisasjonsgraden.

– Nei, eg trur vi heller må rette oss mot dei som står utanfor arbeidslivet, seier Margret Hagerup, medlem av arbeids- og sosialkomiteen for Høgre.

– Om fagforeiningane er i jamnleg kontakt med folk og snakkar om kva dei kan tilby, er sannsynet for at dei klarer å rekruttere fleire medlemmer større. Det er godt nytt at mange ventar på å bli plukka opp.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Margret Hagerup (H), medlem i Stortingets arbeids- og sosialkomite.

Margret Hagerup (H), medlem i Stortingets arbeids- og sosialkomite.

Høgre (pressefoto)

Stramme inn adgangen til innleige

Grande peikar, i tillegg til fagforeiningsfrådraget, på forslaget om at kun verksemder med tillitsvalt i fagforeining med innstillingsrett skal ha adgang til innleige, som ligg til behandling i arbeids- og sosialkomiteen. Han trur dette også vil verke inn på organisasjonsgraden.

Hagerup har ikkje stor tru på at innstramming av adgangen til innleige vil styrke organisasjonsgraden og meiner det vil svekke fleksibiliteten i arbeidslivet.

– Vi har ikkje konkludert enno, men er glade for at Arbeidarpartiet går vekk frå eit forbod mot innleige. I utgangspunktet er vi skeptiske til forslaget – vi meiner det må gå an å avgjere dette lokalt på arbeidsplassen, seier Hagerup.

– Mistenkeleggjering

Det vekte stor forarging i opposisjonen og fagrørsla etter at regjeringa skreiv at dei «anerkjenner at mange arbeidstakere velger å være uorganisert» i den politiske plattforma si.

– Den mistenkeleggjeringa høgresida driv med mot LO og store delar av fagrørsla er til skade for auka organisasjonsgrad, seier Grande.

– Når dei i tillegg har fått ein partileiar inn i regjeringa som seier ho blir kvalm av LO, er det heller ikkje eit bidrag til trepartssamarbeidet eller høgare organisasjonsgrad.

Hagerup er lei av skuldingane om at regjeringa ikkje liker fagforeiningar og forsikrar om at Høgre meiner det er viktig å legge til rette for auka organisasjonsgrad.

Ho viser til YS sitt arbeidslivsbarometer frå fjoråret, som viser at 40 prosent av dei uorganiserte meiner fagforeiningane har for tette koplingar til politiske parti.

– Eg kjenner fleire som har meldt seg ut på grunn av dette. Fagforeiningane må sjølv jobbe med å gjere seg relevante, seier ho og utdjupar:

– Konflikt og streikar er ikkje like aktuelt som det har vore historisk. Arbeidstakarar i dag er opptatt av konstruktiv diaolog, ikkje den typiske konfliktlinja. Når LO streikar mot generell adgang til midlertidig tilsetting og er skeptiske til vikarbyrå, stenger dei adgangen til arbeidslivet. LO og Arbeiderpartiet må gjere noko for å få fleire inn i arbeidslivet, kontrar Hagerup.

Dette er lønna i over 300 yrker

Kven er uorganisert?

• Det er 1,14 millionar uorganiserte arbeidstakarar i Norge.

• Dei fleste jobbar i privat sektor og fleirtalet har ikkje høgare utdanning. (63 prosent av dei uorganiserte jobbar innanfor vareproduksjon og privat sørvis.)

• Organisasjonsgraden er lågast bland dei med svak tilknytting til arbeidslivet.

• Ein av fire uorganiserte jobbar på arbeidsplassar med fagforeining og tariffavtale.

Kven er interessert i å organisere seg?

• Dei under 36 år er meir interessert i fagorganisering og er ikkje meir interessert i å forhandle eigen løn.

• Dei med låg løn er spesielt interessert i å organisere seg.

Rapporten anbefaler å:

• målrette innsatsen mot uorganiserte på arbeidsplassar der det allereie er fagforeiningar

• satse på dei unge, der potensialet og interessen er størst.

Kjelde: Arbeidslivsbarometeret (AFI), Arbeidskrafts

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy