Colourbox.com
tormod@lomedia.no
Høgare løn og kortare arbeidstid vart resultatet for 900.000 industriarbeidarar i den tyske delstaten Baden-Württemberg. I sjette forhandlingsrunde, og etter ei rekke varslings- og heildagsstreikar, vart partane seint måndag kveld einige i tarifforhandlingane.
Delstaten er det første distriktet der IG Metall, med sine 2,3 millionar medlemmer, forhandlar fram ny tariffavtale. Det er vanleg at dei resterande distrikta tek utgangspunkt i resultata frå delstaten.
Nytt av året er fleire løysingar som gir redusert arbeidstid. Ordningane skal lette belastninga for skiftarbeidarar, i tillegg til å gi auka fleksibilitet til tilsette som til dømes ønsker meir tid til omsorg for barn eller pleie av familiemedlem.
Dette er resultata:
• 4,3 prosent lønsauke frå 1. april.
• Eit fast beløp på 100 euro for månadene januar til mars.
• Eit tillegg på 27,5 prosent av ei månadsløn i 2019. Tilsette som ønsker det, kan konvertere tillegget til åtte fridagar.
• Eit fast beløp på 400 euro i 2019.
• Retten til å redusere arbeidstida ned til 28 timar i veka, i minimum seks og maksimalt 24 månader. Den tilsette kan deretter gå tilbake til den originale arbeidstida på 35 timar. (Forbundet fekk ikkje gjennomslag for full lønskompensasjon.)
• Fleire arbeidsavtaler med arbeidstid på 40 timar i veka, i bytte mot dei nye arbeidstidsordningane.
(Avtala går ut i 2020.)
IG Metall: – Ein milestolpe
Leiaren for IG Metall, Jörg Hofmann, omtaler overenskomsten som ein milestolpe på vegen til eit moderne, sjølvstyrt arbeidsliv, i ei pressemelding.
Han meiner måla dei sette seg er nådd: ein større del av industriens økonomiske framgang, meir sjølvstyrt arbeidstid og lette i skiftarbeidet. Hofmann konstaterer at industriarbeidarane no tek imot ein betydeleg auke i realinntekta. Han viser også til gjennomslag i kravet om meir fleksibel arbeidstid:
– Fleksibilitet er ikkje lenger eit privilegium for arbeidsgivaren, heiter det i pressemeldinga.
Også tariffmotparten Südwestmetall kallar arbeidstidsordninga for nyskapande.
IG Metall
IG Metall: – Gir tilsette arbeidstidar som passar liva deira
Det tyske forbundet ser lønsauken og moglegheita til kortare arbeidstid som like viktige delar av resultatet, forklarer Hartmut Steiger, kommunikasjonssjef i IG Metall, til frifagbevegelse.no:
– Lønsauken gir dei tilsette ein del av industriens økonomiske framgang. Valet om å redusere arbeidstida gir dei meir sjølvstyre og ein betre balanse mellom familie og arbeid, i tillegg til at det avlastar skiftarbeidarane.
På spørsmål om moglegheita til kortare arbeidstid – eller «kort fulltid» som tyskarane kallar det – er eit steg mot ein ny normalarbeidsdag, er han meir atterhalden. Men moglegheita gir tilsette arbeidstider som passar liva deira, konstaterer han.
Enno står forhandlingane i resten av IG Metall sine distrikt igjen. Men resultata har tidlegare blitt adoptert i andre distrikt, forklarer Steiger. Nokre av IG Metall sine distrikt har allereie signalisert at dei vil ta utgangspunkt i resultata frå delstaten.
Eggum: – Det er situasjonen i Norge som gjeld
Resultata frå forhandlingane i den tyske industrien er kjent for å også påverke lønsnivået utanfor grensne sine. Fleire i den europeiske sentralbanken trur resultata kan føre til lønsauke over heile Europa, ifølge Financial Times.
Her heime, krev også Fellesforbundets leiar auke i realinntekta til medlemmene sine. Men han er meir skeptisk til at nyheitene frå Tyskland påverkar forhandlingane i Norge.
«Fellesforbundet er selvsagt opptatt av hva som skjer i europeisk fagbevegelse og vi har et tett samarbeid med søsterforbund i andre land. Men når vi skal fremme våre krav, er det ut i fra situasjonen i Norge og i norske bedrifter. For vår del har vi før dette oppgjøret krevd økt kjøpekraft for våre medlemmer» , forklarer Jørn Eggum, leiar for Fellesforbundet, i ein e-post til frifagbevegelse.no
På spørsmål om korleis Fellesforbundet ser på løysingar der ein tar ut auka produktivitet i kortare arbeidstid, svarer Eggum at det ikkje er drøfta i forbundet og derfor ikkje ei aktuell problemstilling.
Tysklands største forbund
• IG Metall har 2,3 millionar medlemmer på landsbasis og er Tysklands største fagforbund, i tillegg til Europas største forbund for industriarbeidarar.
• 1,5 millionar av medlemmene har den siste tida deltatt i kortsiktige «varselstreikar» og heildagsstreikar.
• Økonomisk vekst har gitt IG Metall ein sterk forhandlingsposisjon. Landet går inn i sitt niande vekstår og har ikkje hatt større økonomisk vekst sidan 2011. Arbeidsløysa har ikkje vore lågare sidan 1990.
Terje Bendiksby / NTB
Lønnsoppgjøret for kommunene gjelder 450.000 ansatte. Mette Nord representerer 190.000 av dem. Det er Norges største tariffoppgjør, og er derfor omfattet med stor interesse fra media.
Per Flakstad
PENSJON: Utbetalingen av den økte pensjonen, inkludert etterbetaling for mai, kommer 20. juni.
Colourbox.com
Forbundsadvokat Kjetil Edvardsen har vært sentral i alle rettsrundene mellom Stendi og Fagforbundet.
Werner Juvik
karin svendsen
Årets lønnsoppgjør startet med kravoverrekkelsen mellom Jørn Eggum i Fellesforbundet og Knut E. Sunde Norsk Industri.
Håvard Sæbø