JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
70/30

70/30

Agnes Bridge Walton

Sjukepleiarfabrikken

Antalet spanske sjukepleiarar i norsk helsevesen eksploderer: Dette er mannen bak

700 timar norskopplæring og eit rekrutteringsnettverk som spenner over fem land. Pablo Lanza forsyner distriktsnoreg med sjukepleiarar – og meiner han har løysinga på den norske helsepersonellkrisa. 

agnes.bridge.walton@fagbladet.no

{O}

Agnes Bridge Walton

I tusental migrerer norske turistar til Alicante og den spanske solkysten. Dei færraste veit at ein storstilt migrasjon også går i motsett retning. 

40/20

40/20

Colourbox

Tusenvis av sjukepleiarar frå Spania har i løpet av få år fått fotfeste i det norske helsevesenet. Fleire er på veg. 

I eit gigantisk og nesten tomt kontorbygg i utkanten av Alicante finn ein Global Working sine klasserom og kontor. Herifrå blir hundrevis av sjukepleiarar sende til norske kommunar kvart år.

Og for dei aller fleste startar eventyret nettopp her – i eit halvtomt kontorbygg mellom flyplassen og stranda i feriebyen Alicante.  

70/30

70/30

Agnes Bridge Walton

På same kontor sit Pablo Lanza, sjefen i selskapet Global Working og hjernen bak eit velolja samlebandssystem som leverer arbeidskraft til Helse-Noreg. 

{/o}

Han er mannen bak helserevolusjonen dei fleste aldri har høyrt om. 

– Kva gjorde du for to dagar sida? Vi har studert norsk i tre veker! No skal vi bruke ulike tidsuttrykk, seier lærar Olivia Kyvik medan ho skriv norske uttrykk med spanske omsetjingar på tavla. 

Læraren er ung, bestemt og engasjert. Ho står aldri stille i klasserommet og beveger seg frå bord til bord, stiller spørsmål og korrigerer. 

Lærar Olivia Kyvik forklarer korleis ein bøyer eit verb i preteritum. Pandemiprosjektet hennes var å lære seg spansk. No lærer ho spanske sjukepleiarar norsk.

Ti unge sjukepleiarar sit i det lyse klasserommet, alle under 30. Framfor seg på borda har dei lange handskrivne lister over norske gloser, fargekoda og systematiserte. 

Og kanskje er det nettopp eitt av desse ansikta du vil møte på sjukeheimen eller i heimetenesta neste sommar? 

Sjansen er i alle fall stor for at du anten møter, eller allereie har møtt, ein sjukepleiar som fann vegen frå Spania til Noreg via nettopp dette klasserommet og selskapet Global Working. 

Global Working er eitt av berre to selskap som tilbyr norskopplæring og arbeidsformidling til spanske sjukepleiarar. Og hittil i år er det berre Danmark og Sverige som ligg over Spania i statistikken over antal autorisasjonar til utanlandske helsearbeidarar i Noreg

Dei kjem frå heile landet, til og med så langt unna som Tenerife. I Alicante bur dei – heilt gratis – i ei av selskapet sine seks leiligheiter. For berre tre veker sida hadde ingen i denne gruppa høyrt eit einaste ord norsk. No prøver dei å lage setningar. 

{o}

Lange lister med norske gloser som må inn i ordforrådet før neste prøve.

«For en måned siden reiste jeg til Alicante.»

«Om fem måneder skal jeg reise til Norge.»

«Jeg skal bo i Norge i to år.»

{/o}

Sjukepleiarane skal studere norsk saman i fem månadar. Heile dagen, kvar dag. Totalt utgjer det 700 timar med opplæring i daglegspråk, «helsenorsk», altså fagspråk, rutiner og protokollar for norsk helsevesen, arbeidsplasskultur og kvardagsliv i Noreg. 

Før årsskiftet skal alle vere ferdige med kurset og ha signert arbeidskontrakt som sjukepleiarvikarar med eit av fem store bemanningsbyrå i Global Working-nettverket.

Desperate kommunar blir fyrste stopp

– Den fyrste arbeidsplassen dei kjem til, vil nesten alltid ligge i distriktsnoreg. Gjerne på avsidesliggande plassar der mangelen på helsepersonell er størst, seier Pablo Lanza, gründeren bak Global Working og dagleg leiar for selskapet.

Der det er størst behov for arbeidskraft, er ofte krava til språkforståing lågare.

Norske sjukehus krev som regel at helsepersonell kan dokumentere norsk på minst B2-nivå – «høgare mellomnivå».

{f2}

Men Global Working-kandidatane ligg hakket under: Før dei sluttar på kurset må alle oppnå B1, altså lågare mellomnivå. Derfor er det arbeidsplassar i kommunane som er fyrste stopp på den norske arbeidsmarknaden.

{f1}

I Noreg finst det ingen nasjonale språkkrav for helsepersonell med utdanning frå EU/EØS-området. Arbeidsgivarane, i dette tilfelle kommunane, står dermed frie til å setje krav sjølve, så lenge helsetilbodet kan betraktast som «forsvarleg». 

– Vikarbyråa ber oss om å levere sjukepleiarar med B1-norsk, slår Lanza fast.

Pablo Lanza på hovudkontoret som han deler med ein raskt veksande stab. Mange hender må til for å koordinere rekruttering og språkutdanning av sjukepleiarar i fem land.

– Sjølvsagt er det tøft for sjukepleiarane når dei skal bruke språket i dagleglivet og arbeidslivet for fyrste gong. Det hender at kommunane ikkje er nøgde den fyrste tida. Men det går fort over, seier han.

På jakt etter den perfekte kandidaten

Bemanningsbyrået må navigere ein delikat balanse.

Vikarane skal vere gode nok i norsk til at kommunane ikkje sender dei i retur, men utdanninga kan ikkje bli så dyr at byrået taper anbodsrundar. Derfor er byrået også med på å designe det pedagogiske opplegget hos Global Working. 

LES OGSÅ: Norske kommuner og helseforetak brukte opp mot 3,6 milliarder kroner på sykepleiervikarer i fjor

Silje Gartland Hoff, leiar for utdanningsløpet, seier at kundane stadig etterlyser meir «helsenorsk», meir trening i å forstå norske dialektar, og meir kulturforståing.  

Jakta på den perfekte kandidaten startar hos vikarbyrået. 

– Kunden projiserer framover og fortel oss kor mange vikarar dei kjem til å trenge om eit halvt år eller eit år. Vi får detaljerte bestillingar som også kan omfatte ønskelege personlege eigenskapar, for eksempel, seier Pablo Lanza.

I løpet av to lange intervju skriv to ulike psykologar grundige rapportar om søkjarane og korleis dei er som personar. Målet er å finne dei som kan tole den store kulturelle omstillinga og klare seg gjennom ei krevjande tid, både på studiet og på isolerte arbeidsplassar i distrikta.

«Korleis er det å være sjukepleiar i Noreg?» spør eit banner innanfor den anonyme hovuddøra, med informasjon om arbeidsoppgåver, arbeidstid, eldreomsorg og heimeteneste.

– Den perfekte kandidaten er eventyrlysten, sjølvstendig og driven. Vi liker folk som trekk fram norsk natur og stabiliteten i samfunnet som grunnar til å søkje. Dei har tenkt på kva Noreg kan tilby, seier Rosi Molina Moreno, som er psykolog og rekrutteringskonsulent for selskapet.

Sjølv om lønna sjølvsagt er eitt av dei store trekkplastera på den norske arbeidsmarknaden, seier ho at selskapet helst ikkje rekrutterer kandidatar som primært lar seg motivere av pengane. 

– Vi er selektive, men det går også an å forme folk litt. Nokon som er veldig knytt til familien i Spania er ikkje nødvendigvis ein dårleg kandidat. Men vi må snakke om forventningar, ha tett oppfølging og førebu dei på at det kan vere einsamt og utfordrande, seier Molina. 

Sjukepleiarane som kjem vidare kan velje mellom tre kursløp: fem månadar med intensivopplæring på plass, ti månadar med nettundervisning på deltid, eller ei hybridløysing. 

– Alle får ein jobbgaranti. Dei får to års kontrakt med eit vikarbyrå, med norsk lønn, betalt reise og bustad. Vi ordnar alt det byråkratiske; autorisasjon, papirarbeid, tilgang til ID-nummer, hjelp med banktenester og så vidare. Den største rekrutteringsutfordringa vi har er kanskje at det verkar for godt til å vere sant, seier Molina. 

Ikkje lov å mislykkast

Frå fyrste dag eit nytt kull møter på kurset har bemanningsbyråa – kunden – begynt å peike seg ut «sine» folk. 

Sjukepleiarane får ikkje vite kven som har vald dei, eller kvar i landet dei sannsynlegvis vil ende opp, før kurset går mot slutten. 

Bak kulissene kan kunden følgje med på alt i eit gigantisk excelark. Der blir kvart einaste prøveresultat logga og fargekoda. Med ein gong kandidaten begynner å slite på kurset, kjem kurskoordinatoren på bana. 

– Vi legg inn ekstraundervisning og coaching. Tar det meir tid, så tar det meir tid, men alle skal klare dette, seier kurskoordinator Amalia Picó Pérez. 

LES OGSÅ: Med spesialkomponerte sanger og musikkvideoer lokker et vikarbyrå sykepleiere til Norge. Hjernen bak er en legeutdannet firebarnsfar i Warszawa. 

No blar ho opp ein kalender, fullspekka med klokkeslett og notat. 

– Ho sleit med å setje av tid til undervisninga. Så eg laga eit skjema der absolutt alt ho skal gjere i løpet av veka er planlagt. 

Tysdag klokka 11 står det «uñas» – studenten skal til neglesalongen. Absolutt alt er skjemalagt med koordinatoren. 

Kurskoordinatoren har tett kontakt med studentane og blir både venn, støtteapparat og coach i ei omveltande tid. Studentane tar avskjed med koordinatoren for pegagogprogrammet på hans siste dag før sommarferien.

Utdannar tusenvis til arbeidsløyse

Global Working vart til i 2016 mot eit bakteppe av den massive økonomiske krisen i Spania. 

Ungdomsarbeidsløysa toppa seg rundt 55 prosent i 2013 og held seg stabilt høgt – framleis står nesten tre av ti unge utan jobb. 

På den tida jobba kona til Lanza som sosialarbeidar i den «norske» byen Alfaz del Pi. Ho møtte nordmenn som fortalde om mangelen på helsepersonell i heimlandet, og nemnde det for Lanza, som er utdanna i arbeidsrett og har jobba med HR. 

Det vart kimen til ein forretningsidé. 

Under pandemien skrudde Global Working opp produksjonen for fullt. I 2022 sende selskapet 250 sjukepleiarar til Noreg. Totalt, seier Lanza, har om lag 2000 sjukepleiarar gjennomført norskprogrammet. Rekrutteringa går så det suser.

På Instagram legg kommunikasjonsrådgivarane ut velprodusert informasjon i fordøyelege drypp om eventyret Noreg til nesten 14 000 følgarar. Dei har ein eigen podkast. I tillegg seier Lanza at selskapet har avtaler med fleire enn 80 av drygt 110 sjukepleiarstudium i Spania. 

Lanza har aldri retta rekrutteringa mot spanske kundar:

– Det eg veit er at det berre går an å finne ein rettferdig arbeidskontrakt med rettferdige forhold i utlandet. Det let seg ikkje gjere i Spania. Gløym det.

Må jobbe for å få jobb

José Miguel Hermosilla Moyano, Fabiola Yameli Meilán Maldonado og Carlos Calvente Vera sit i ein IKEA-sofa på det minimalistisk innreidde lunsjrommet. Bak dei lagar tilsette og studentar mat saman. Samtalen dreier seg om verbbøyingar og lekser. Sjukepleiarane vrenger på munnen for å uttale norske vokalar. 

José Miguel Hermosilla Moyano, Fabiola Yameli Meilán Maldonado og Carlos Calvente Vera.

– Du må forstå korleis helsevesenet i Spania fungerer, seier José Hermosilla, når eg spør kvifor i all verda han vil forlate solkysten for den norske bygda. 

– Som nyutdanna får du ikkje jobb, i alle fall ikkje fast jobb. Du blir oppringd på kort varsel for å jobbe nokre dagar, eller eit par veker, kor som helst i regionen. Dersom du takkar nei blir du svartelista. 

For å få fast jobb må sjukepleiarane tene opp poeng. Kvar arbeidsdag i det offentlege helsevesenet er poenggivande. 

Nyutdanna sit derfor i ei klemme: Dei får ikkje jobb, så dei får ikkje poeng, og derfor får dei ikkje jobb.

Desse tre, alle midt i tjueåra, har fire års universitetsutdanning og månadsvis med praksis i bagasjen. 

LES OGSÅ: Sykepleier Violeta tredoblet lønna og fikk halvparten så mange pasienter

Utanom Fabiola, som har ein periode bak seg som dialysesjukepleiar i privat og dermed ikkje poenggivande sektor, har dei knapt jobba. 

«Independizarse»: På spansk finst det eit eige verb for å gjere seg uavhengig. Den store urettvisa som det spanske samfunnet påfører dei unge er at åra går og ungdomen forsvinn medan dei ventar på å kunne stå på eigne bein. 

– Ingen blir sjukepleiar for å sjå pasientane lide

Carlos Calvente fortel om arbeidsforholda i helsevesenet.

– Éin sjukepleiar kan ha ansvar for 50, 100, 150 pasientar. Det er ingen som drøymer om å bli sjukepleiar for å sjå pasientane lide utan å kunne yte rett hjelp. Det bryt deg ned.

Spania har ei av dei lågaste sjukepleiardekningane i Europa – 6,1 per tusen innbyggarar. Noreg har verdas høgaste, 18 per 1000 innbyggarar. Dette er politisk styrt. 

Dei tre sjukepleiarane er spende på korleis det vil vere å bu i Noreg. Sjølvsagt går tankane fyrst til lange sommarnetter og grønkledde fjellsider, ikkje vintermørke og slaps. Folk er som regel optimistar. 

Dei gler seg til å utforske naturen og sjå noko nytt, og ser på den komande tida litt som eit utvekslingsår med innlagt ansvar for liv og helse. 

Alle arbeidsplassane som blir formidla gjennom Global Working er tilknytta det offentlege helsevesenet, så dei vil også kunne samle opp ein haug med poeng. 

– Vi kjem tilbake til Spania med mange fleire poeng enn vi kunne tent opp her i løpet av same tidsperiode. Vi hoppar framover i livsløpet, seier Fabiola Meilán. 

Fyrste stopp må vere eldreomsorga og kommunane, der språkkrava er lågare og behovet for arbeidskraft større. Men dei legg allereie planar for det som kan komme etter. Dei spør meg:

– Kva er krava for å få jobb på sjukehusa? 

– Treng vi høgskuleutdanning for å bli spesialistar?

– Korleis fungerer fagforeiningar i Noreg?

Sjukepleiarane skal stille spørsmål om mengde, lengde og tid. «Cuanto amas a tu madre? Hm, på norsk blir det "hvor glad er du i moren din" eller "hvor mye elsker du moren din". Det er eit spørsmål du ikkje kjem til å bruke så mykje. Men vi skriv det opp!» seier Olivia Kyvik.

Ikkje heilt gratis

Opphaldet er sjeldan kortare enn to år. 

Når ein sjukepleiar set seg på flyet til den fyrste arbeidsplassen i Noreg, har dei teknisk sett ei gjeld til Global Working på nesten 5000 euro. 

Nedbetalinga funkar slik: Det er vikarbyrået som har det primære ansvaret for å betale Global Working for kurset. Etter kvart som sjukepleiaren jobbar, betaler byrået kursavgifta i tre avdrag.

I tillegg må byrået betale eit rekrutteringsgebyr. 

Lanza fortel ikkje kor mykje det er. 

I sin tur reknar vikarbyrået sjølvsagt kostnaden for opplæring og rekruttering inn i beløpet kommunen betaler for tenestene. Ofte kostar det dobbelt så mykje for ein kommune å tilsette vikarar frå eit byrå som å tilsette sjukepleiarar direkte. 

Dersom alt ikkje går som planlagt, og sjukepleiaren sluttar å jobbe hos vikarbyrået før dei to åra er omme, må dei sjølve betale den resterande gjelda til Global Working. 

Lanza meiner det er ei rettferdig ordning:

– For det fyrste tener dei godt i Noreg, så beløpet er overkommeleg. Om det skulle oppstå ein akutt situasjon med ein vikar som må reise heim etter kort tid, jobbar vi med vedkomande for å finne ei grei betalingsløysing. Sjukepleiaren har framleis språket og autorisasjonen og kan reise tilbake til Noreg, jobbe og tene pengar i framtida.

Det er knivskarp konkurranse om sjukepleiarane, fortel Lanza. Bemanningsbyrå utanfor Global Working-nettverket lokkar til seg folk med høge timesatsar og er villige til å «betale dei ut» av kontraktane med det fyrste byrået. 

Spania – og Italia, Frankrike, Hellas og Portugal: Tusenvis lengtar bort

Det humrar i gangane og veggane skjelv. Kontorbygget – ein tidlegare fransk skule – er midt i ei storoppussing. Alle andre har flytta ut, men Global Working-maskineriet bremsar ikkje. Tvert imot. 

I år har Global Working begynt å rekruttere i fire nye land: Italia, Hellas, Portugal og Frankrike. 

For fyrste gong er eit kull med italienske sjukepleiarar på plass i Alicante. På nett koordinerer selskapet greske, portugisiske og franske sjukepleiargrupper – alle snart klare for avreise til norske utkantbygder. 

Mange av dei same faktorane som driv sjukepleiarar ut av Spania, pressar helsepersonell ut av heile Sør-Europa. Det er tusenvis av sjukepleiarar som lengtar ut til eit anna, betre liv, fortel rekrutteringskonsulentane. Å lære norsk blir eit overkommeleg hinder.

Det kan sjå ut som om verda, eller i alle fall Sør-Europa, ligg for Lanza sine føter. 

Pablo Lanza er for det meste å finne på møterommet. Her renn det stadig inn telefon- og videosamtaler frå kundane i Noreg.

Vi kjenner prognosane: Noreg manglar nesten 5000 sjukepleiarar. Fram mot 2035 kan underskotet stige til 28 000. 

For å avlaste sjukepleiarane vil helsefagarbeidarane få ei stadig større rolle og fleire oppgåver i framtida. Men da vil det mangle tusenvis av helsefagarbeidarar òg. 

For helseentreprenørane kan situasjonen kanskje best beskrivast med dollarteikn. 

Det veit Lanza. Han fyrer av idear.

Strenge krav gjer det vanskeleg for sjukepleiarar med ikkje-europeisk utdanning å jobbe i Noreg. Kan han finne ein måte å navigere krava på, kanskje i samarbeid med eit universitet i Noreg, meiner han at Global Working langt på veg kan løyse helsepersonellkrisa nasjonalt.

– Helsefagarbeidarar. Dei kan vi rekruttere lett. I Spania har helsefagarbeidarar toårig universitetsutdanning og er veldig godt kvalifiserte. Og sjukepleiarar? Den største kjelda, som så langt ikkje er utnytta, er Latin-Amerika.

Dette må du kunne på Nivå B1 – Mellomnivå

• Lytteforståelse

Jeg kan forstå hovedinnholdet i klar, standard tale om kjente emner knyttet til blant annet arbeid, skole og fritid. Jeg kan forstå hovedinnholdet i mange radio- og TV-programmer om aktuelle saker eller om emner som er av personlig eller faglig interesse for meg, når det snakkes relativt langsomt og tydelig.

• Leseforståelse

Jeg kan forstå tekster der språket i stor grad er preget av vanlige, dagligdagse ord og uttrykk eller vanlige ord knyttet til arbeidet mitt. Jeg kan forstå personlige brev med beskrivelser av hendelser, følelser og ønsker.

• Føre en samtale

Jeg kan klare meg språklig i de fleste situasjoner som kan oppstå når jeg reiser i et område der språket snakkes. Jeg kan uforberedt delta i samtaler om kjente emner, emner av personlig interesse eller som er viktige i dagliglivet (for eksempel familie, hobby, arbeid, reise, aktuelle hendelser).

• Uttrykke seg muntlig

Jeg kan gi en enkel, sammenhengende fremstilling av hendelser, erfaringer, drømmer, håp og planer. Jeg kan kort forklare og begrunne mine meninger og planer. Jeg kan fortelle en historie eller gjenfortelle handlingen i en bok eller en film og beskrive reaksjonene mine.

• Skriftlig

Jeg kan skrive en enkel og sammenhengende tekst om dagligdagse emner eller om emner som berører meg personlig. Jeg kan skrive personlige brev og beskrive opplevelser og inntrykk.

Kilde: Folkeuniversitetet

Dette må du kunne på Nivå B2 – Høyere mellomnivå

• Lytteforståelse

Jeg kan forstå lengre sammenhengende tale og foredrag, samt følge komplekse argumentasjonsrekker når emnet er forholdsvis kjent. Jeg kan forstå de fleste nyhets- og aktualitetsprogrammer på TV. Jeg kan forstå de aller fleste filmer der det brukes standard tale.

• Leseforståelse

Jeg kan lese artikler og rapporter om aktuelle problemstillinger, der forfatteren gir uttrykk for bestemte holdninger eller synspunkter. Jeg kan forstå prosalitteratur fra vår egen tid.

• Føre en samtale

Jeg kan bruke språket så flytende og spontant at samtaler med morsmålbrukere ikke byr på særlige problemer. Jeg kan delta aktivt i diskusjoner i kjente sammenhenger, og jeg kan uttrykke og begrunne synspunktene mine.

• Uttrykke seg muntlig

Jeg kan gi klare og detaljerte beskrivelser innenfor et vidt spekter av emner knyttet til mitt interessefelt. Jeg kan forklare et synspunkt på en gitt problemstilling og gjøre rede for fordeler og ulemper ved ulike alternativer.

• Skriftlig

Jeg kan skrive klare, detaljerte tekster om et vidt spekter av emner knyttet til mine interesser. Jeg kan skrive en sammenhengende fremstilling eller rapport for å formidle informasjon eller argumentere for eller imot et bestemt synspunkt. Jeg kan skrive brev som tydelig viser hvilken betydning visse hendelser og erfaringer har for meg.

Kilde: Folkeuniversitetet

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy