JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret 2022

Brot i frontfagsmeklinga: Her kan 28.000 industriarbeidarar gå ut i streik fredag

Arkivfoto.

Arkivfoto.

Håvard Sæbø

Den tvungne meklinga hos Riksmeklaren startar måndag. Om Fellesforbundet og Norsk Industri ikkje blir einige om lønnsoppgjeret innan 1. april, går 27.600 industriarbeidarar ut i streik.

2022032811012020220328110105

tormod@lomedia.no

Søndag vart det brot i den frivillige meklinga i det viktige frontfagsoppgjeret mellom Fellesforbundet og Norsk Industri. Det melder Fellesforbundet.

Riksmeklaren har kalla inn partane til såkalla tvungen mekling måndag 28. mars klokka 11.00.

– Det kjem til å bli eit veldig vanskeleg oppgjer, slo riksmeklar Mats Ruland fast da Fellesforbundet først braut forhandlingane med NHO-foreininga 15. mars.

Fristen for å bli einige om lønnsoppgjeret er midnatt natt til fredag 1. april, men partane i frontfagsoppgjeret forhandlar ofte langt på overtid for å unngå streik.

Sjå krava i tariffoppgjeret, lengre ned i saka!

Over 600 Fellesforbundet-medlemmer kan legge ned arbeidet på verftet til Aibel i Haugesund. I rundt 1.000 industribedrifter over heile landet blir det streik fredag, om partane ikkje blir einige i lønnsoppgjeret.

Over 600 Fellesforbundet-medlemmer kan legge ned arbeidet på verftet til Aibel i Haugesund. I rundt 1.000 industribedrifter over heile landet blir det streik fredag, om partane ikkje blir einige i lønnsoppgjeret.

Håvard Sæbø

Her kan det bli streik

Det er ikkje tradisjon for streik i frontfagsoppgjeret, men Fellesforbundet har varsla at 27.600 medlemmer i industrien legg ned arbeidet om delegasjonane ikkje blir einige i siste del av forhandlingane. Streikevarselet omfattar over 950 bedrifter.

760 bedrifter er organisert i Norsk Industri:

Streikevarsel NHO-bedrifter frontfaget 2022

Resten av bedriftene har såkalla direkteavtale med Fellesforbundet:

Streikevarsel direktebedrifter frontfaget 2022

Det mindre YS-forbundet Parat har også brote meklinga og varslar at dei vil ta ut rundt 1.000 medlemmer i cirka 60 bedrifter i ein eventuell streik:

Streikevarsel Parat frontfaget 2022

Meir å rutte med

Alles auge er på frontfagsoppgjeret, forhandlingane om den største tariffavtala i privat sektor. Det er fordi tariffoppgjeret i den internasjonalt konkurranseutsette industrien legg føringar for alle andre lønnsoppgjer i Norge.

– Vi skal ikkje rane bedriftskassa, men vi skal ha handa djupt ned i honningkrukka for å få vår del av verdiskapinga, sa Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum da han overleverte krava til Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen 9. mars.

I fjor fekk arbeidsfolk mindre å rutte med etter at historisk høge straumprisar åt opp lønnsveksten og vel så det.

No er det kroner og øre som gjeld, slo forbunds- og forhandlingsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet fast da han overleverte krava sine til forhandlingsleiar og Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen tidlegare i mars.

No er det kroner og øre som gjeld, slo forbunds- og forhandlingsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet fast da han overleverte krava sine til forhandlingsleiar og Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen tidlegare i mars.

Jan-Erik Østlie

Krav nummer ein er for Fellesforbundet at kjøpekrafta skal auke i år. Da må årets lønnsvekst bli større enn prisstiginga.

Det siste anslaget er 3,3 prosent prisvekst i 2022, frå Teknisk berekningsutval som legg talgrunnlaget for tariffoppgjera. Det oppjusterte anslaget er samtidig usikkert på grunn av krigen i Ukraina som har ført til ekstra høg prisstiging på elektrisitet og andre varar.

Sanksjonane mot Russland har ført til usikkerheit i verdsøkonomien, og Lier-Hansen er opptatt av at lønnsveksten ikkje skal bli større enn at industrien opprettheld konkurransekrafta internasjonalt.

Dette er krava

Årets oppgjer er eit hovudoppgjer, noko som betyr at partane forhandlar om heile overeinskomsten. Krava til Fellesforbundet i industrien er:

• lønnstillegg til alle, ekstra til lågtlønte eller dei som har hatt svak lønnsutvikling og ein auke i minstelønna og andre satsar i overeinskomsten

• sette i gang eit arbeid for å vurdere ordninga med korte velferdspermisjonar

• ei satsing på etter- og vidareutdanning

• endre/spesifisere omfanget til Industriovereinskomsten

• innføre betre reglar om likestilling

• krav om tilpassa arbeidstøy for både kvinner og menn

• dekking av utgifter til vernebriller med styrke

• regulere satsane i fondet for opplysing og utdanning

Forbundet seier også dei vil prioritere spørsmål knytt til arbeidstidsordningar i offshoredelen av tariffavtala, noko det har vore svært vanskeleg å bli einige med arbeidsgivarane om i tidlegare oppgjer.

Blant krava til Norsk Industri er meir individuell avlønning og meir fleksible arbeidstidsordningar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
Over 600 Fellesforbundet-medlemmer kan legge ned arbeidet på verftet til Aibel i Haugesund. I rundt 1.000 industribedrifter over heile landet blir det streik fredag, om partane ikkje blir einige i lønnsoppgjeret.

Over 600 Fellesforbundet-medlemmer kan legge ned arbeidet på verftet til Aibel i Haugesund. I rundt 1.000 industribedrifter over heile landet blir det streik fredag, om partane ikkje blir einige i lønnsoppgjeret.

Håvard Sæbø

Arkivfoto.

Arkivfoto.

Håvard Sæbø