Colourbox / innfelt skjermdump
tormod@lomedia.no
Talet arbeidssøkarar hos Nav aukar for første gong sidan midten av april, etter nye massepermitteringar på grunn av strengare koronatiltak.
Det første du må gjere er å melde deg som arbeidssøkar og søke dagpengar frå Nav sånn at du har ei inntekt å leve på.
Men kor mykje mindre får du enn den vanlege lønna di?
Her får du svar:
Dagpenge-kalkulator 2.0
Aller først: Når du er permittert, etter at varslingstida på 14 dagar har gått ut, skal du først ha 10 dagar full lønn frå arbeidsgivaren din.
Deretter kjem perioden der du får dagpengar.
For å få innvilga dagpengar frå Nav må du oppfylle fleire krav:
Du må ha mista arbeidsinntekt og vere minst 50 prosent permittert frå jobben. Du må dessutan ha tent over 152.000 kroner dei siste 12 månadene, eller 304.000 dei siste 36.
Krava var lågare i samband med koronaen, men det har regjeringa avvikla.
Inntektene dine kan du sjekke hos Skatteetaten. Er det noko feil, må du varsle Nav og be arbeidsgivaren din rette opplysingane.
Studentar får som hovudregel ikkje dagpengar, ifølge lova, og heller ikkje personar som er 67 år eller eldre.
Kor mykje du får i dagpengar, er svaret på eit litt komplisert reknestykke:
Dagpengane skal vere tilsvarande 80 prosent av inntekt opp til 304.000 kroner. På delen inntekt mellom 304.000 kroner og opptil 608.000, får du vanleg dagpenge-sats på 62,4 prosent.
Satsen på 80 prosent vil regjeringa forlenge ut mars 2021, før han blir 62,4 på heile inntekta opptil taket på 608.000 kroner.
Du betaler skatt av pengane. Derfor må du hugse å endre eller bestille nytt skattekort sånn at Nav ikkje trekker for mykje skatt.
Pengane får du utbetalt kvar 14. dag etter at du har sendt inn meldekort.
Meldekort må du også sende inn når du ventar på svar på søknaden. Nav kan nemleg bruke fire veker på å behandle saka.
FORNØYDE: Anniken Lien van Marion og Knut Erik Elnæs fra Fagforbundet rapporterer om god stemning rundt lokale forhandlinger, takket være et system som partene har bygd opp sammen.
Berit Baumberger
PROTEST: Ansatte og pårørende reagerte sterkt da helsebyråden gjorde det klart hvilke sykehjem som skal privatiseres.
Kathrine Geard
BEKYMRET: Morten Marthinsen er fortvilet over situasjonen i ambulansetjenesten ved OUS.
Jan-Erik Østlie
SLITER: En av seks sier de opplever seg selv som fattig.
Eirik Dahl Viggen
BEREDSKAP: Flere nordmenn har et beredskapslager hjemme.
Terje Bendiksby / NTB
Mellomfornøyd: Hedda Elise Riise skulle gjerne sett at årets oppgjør hadde gitt enda bedre uttelling. – For prisøkninga over tid og rentenivået som også har vedvart merkes veldig for folk flest, sier hun.
Nina Hanssen