JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dyrtid

Dei gode tipsa: Slik kan du spare tusenlappar i månaden

Kristin M. Johansen

Prisen på lånet, matvarene og straumen esar ut. Her er sparetips frå ein som har hjelpe folk med å få bedra økonomi i 30 år.

2023111311253520231113112535

oystein.windstad@fagbladet.no

 

Han har hjelpe fortvila folk igjennom bankkrisa på starten av 1990-talet, finanskrisa i 2008 og dyrtida som rammar no. Han held kurs i kvardagsøkonomi og jobbar til dagleg som fagrådgjevar i økonomi på Nav:

– Det er ei større interesse for sparing. Folk er meir aktive på bruktmarknad og Facebook-sider der det er kjøp sal og bytte eksempelvis, fortel Snorre Visnes. Kristiansundaren og Fagforbundet-medlemmen har sett folk med over ein halv million i kredittkort- og forbrukslånsgjeld. Her er dei beste tipsa han har til korleis du kan spare pengar no som det meste blir dyrare.

HJELPER: Snorre Visnes jobbar med gjeldsrådgjeving i Nav Kristiansund og er Fagforbundet-medlem.

HJELPER: Snorre Visnes jobbar med gjeldsrådgjeving i Nav Kristiansund og er Fagforbundet-medlem.

Privat

Mat

Visnes starta yrkeslivet i bank og har dei siste 30 åra jobba med gjeldsrådgjeving i Nav. Å vere strategisk i mathandlinga er noko du kan spare mykje på:

– Planlegg innkjøpa av daglegvarer med handleliste og sats på å handle ein gong per veke. Sjekk ut varer på tilbod og kampanje på for eksempel frukt og grønt, og handle inn stort av basisvarer av for eksempel ost, pålegg og mjøl som er haldbare på tid. Lag rettar frå grunnen av og frys ned.

– Ei investering i ei kjøkkenmaskin til brødbaking lettar arbeidet, og du får brød av høg kvalitet til ein rimeleg pris.

– Unngå å kjøpe vatn på flaske. Det er gratis frå springen.

– Sjekk om din kommune har avtale om kompostering av matavfall med redusert renovasjonsavgift. Nokre kommunar gjev også økonomisk støtte til innkjøp av utstyr. Det gjev næringsrik jord til dyrking av eigne grønsaker.

DYRARE: Finn mat som er på sal og frys ned, rådar Visnes.

DYRARE: Finn mat som er på sal og frys ned, rådar Visnes.

Fabrizio Bensch/Reuters/NTB

 

Straum, varme og nett

– Med høge straumprisar kan ein med tids- og termostatstyring av varme i huset spare. Med straumappar som f.eks. Tibber sin kan ein følgje forbruket live. Vurder nattsenking av temperatur. Kan ein senke temperaturen permanent på badegolvet? Varmekablar trekker mykje straum.

Sjølvhugd ved varmar som kjent to gonger – både når den hugges og fyres med.

– For små hushaldningar kan installering av vannmålar, framfor forbruk av vatn fastsett ut ifrå størrelsen på bustaden, vere lønsamt.

– Nettbruken bør skje frå det faste WiFI-nettverket i huset. Alternativt kan ein kutte ut fibernettverk og bruke ein mobiltelefon nr. 2 som ruter for å kunne sjå TV via eksempelvis Chromecast eller AppleTV.

 

– Vurder å seie opp TV-pakker frå kabel-TV selskap.

– Styr unna kjøp av nyaste mobiltelefon på avbetaling, og unngå abonnement med mange gigabyte data på mobilen.

DYRARE: Det er store prisforskjellar på straum i Norge. I november har prisen auka i heile landet. Visnes rådar alle som kan til å sjå på løysingar som tidsstyrer straumen.

DYRARE: Det er store prisforskjellar på straum i Norge. I november har prisen auka i heile landet. Visnes rådar alle som kan til å sjå på løysingar som tidsstyrer straumen.

Colourbox

Transport

– Del bil med venner eller organisert bildeling. Om ein må ha eigen bil, sjå etter bruktbilar med låg kilometerstand og av eit merke med godt renommé for få feil.

BYTT BANK: På to år har renta auka opp mot fire-gangen. Det er framleis mykje å spare om du flyttar lånet til ein annan bank.

BYTT BANK: På to år har renta auka opp mot fire-gangen. Det er framleis mykje å spare om du flyttar lånet til ein annan bank.

Colourbox.com

Sparing og gjeld

– Mange vil sikkert synest det kan vere vanskeleg å få forsert nedbetalinga på gjeld. Rentene på eit bustadlån har i løpet av dei siste 2-3 årene steget med mellom 3,5-4 gonger frå lågaste nivå. Men, forsøk å halde fast ved sparemål eller mål som er sett for nedbetaling av gjeld. Det kan vere til ekstra nedbetaling av dyr gjeld, eller så kan det vere avsetning til ein sparekonto. Då vil det vere sjølve forbruket ein set under lupa. Har du eit for stramt og kanskje urealistisk budsjett, då får du heller oppjustere det.

– I den grad ein ønsker å prioritere gjeldsreduksjon, så må det vere den med høgast rente. Om nødvendig kan ein be banken om avdragsfritak på bustadlån og betalingsutsettelse på studielån i Lånekassen. Pengane som blir frigjort skal fortrinnsvis nyttast til å betale ned på anna gjeld, ikkje til forbruk. Bustadlån og studielån er gjeld med lågare rente og lengre nedbetalingstid. Desse vil ein uansett måtte leve med ei stund.

– Be banken om halvårlege terminar på lånet. Det sparer deg for 10 av banken sine månadlege termingebyr, seier Visnes.

 

 

 

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy