Dei rike og utdanna ser lyst på eigen økonomi og jobbsituasjon i 2018. Dei lågtløna er meir redde

Dei med låg inntekt og låg utdanning er meir redde for å miste jobben. Dei ser óg mørkare på privatøkonomien i det nye året.

USIKKERHEIT: Trua på dårlegare privatøkonomi aukar jo lågare inntekt ein har.
USIKKERHEIT: Trua på dårlegare privatøkonomi aukar jo lågare inntekt ein har.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Heile 390.000 yrkesaktive personar meiner dei ikkje har ein trygg jobbsituasjon. Det viser ei meiningsmåling teke opp av Respons Analyse for Sparebank 1.

Lågt utdanna

Usikkerheita er størst blant dei som ikkje har høgare utdanning. Her meiner to av ti at dei ikkje har ein trygg jobb, medan omtrent 70 prosent ikkje er redd for å miste jobben. Det er ein nedgang på nesten 10 prosentpoeng frå 2017.

Tryggleiken er størst hos dei som har fire år eller meir ved universitet eller høgskule. Av dei høgt utdanna er omtrent åtte av ti ikkje redd for å miste jobben, medan omtrent 10 prosent er det.

– Eg antek at usikkerheita er knytt til både frykta for bedriftas utvikling og bemanning, i tillegg til bekymring for eigen tilsetting. Det kan handle om både kollektiv usikkerheit eller at ein er innleigd og førebels tilsett, seier Line Eldring, rådgivar i Fellesforbundet og i avslutningsfasen av boka «Løsarbeidersamfunnet».

– At dei med høg utdanning har større jobbsikkerheit, kan vere fordi dei jobbar i mindre utsette bransjer eller har faste tilsettingar. Eller det kan ha med oppfatta sjanse på arbeidsmarknaden å gjere: Om det skulle skje noko med jobben, får ein alltids jobb ein annan plass, spekulerer Eldring.

Dette er snittlønna i over 300 yrker

Redd for å miste jobben

Jobbsikkerheita følger på same måte inntekt. I husstandar med under 400.000 kroner i årleg inntekt, er seks av ti redd for å miste jobben. I husstandar som tener over 1 million kroner, er derimot berre ein av ti redd for å miste jobben.

– Dei med låg løn har mindre buffer i økonomien, og då bekymrer ein seg naturleg nok for å miste jobben.

Mest usikkerheit blant unge

Av den yrkesaktive delen av befolkninga som heilskap er det åtte av ti som meiner dei har ein trygg jobb, medan 14 prosent meiner dei ikkje har det. I den siste gruppa er personar i alderen 25 til 34 år overrepresentert.

– Dei unge vil antakeleg i større grad ha lause tilsettingar, er i etableringsfasen og lågare på lønsstigen. Det er viktig at ungdommen får ein god start på arbeidslivet, sjølv om ein ofte tåler litt meir usikkerheit i ung alder, seier Eldring og legg til:

– Men det er viktig å vere kritisk og ikkje sjå på dette som berre eit generasjonsproblem.

Ove (72) har tapt tusenvis i pensjon på å jobbe etter at han ble 67. Nå har han ikke råd til å slutte

Dette blir de store sakene i 2018

Powered by Labrador CMS