JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dette betyr barnehageforliket for deg som jobbar i barnehage

BARNEHAGELOV: Neste år vil eit fleirtal på stortinget vedta ei ny barnehagelov. Snart skal to forslag til ny pensjonsordning for tilsette i private barnehagar ut på høyring. Elise Waage er stortingspolitikar for Ap og seier den nye lova kan opne for betre pensjon i private barnehagar.

Blant anna kan du forvente høgare pensjon, seier Elise Waagen (Ap) som har leia forhandlingane.

2024112212450820241122124508

oystein.windstad@fagbladet.no

Ap, Høgre, Venstre, Sp, KrF, Pasientfokus og Venstre er einige om ei ny barnehagelov.

Kva vil denne lova bety for dei som lagar bursdagskroner, tek nokon som treng trøyst i fanget eller nok ein gong får testa kva immunforsvaret er i stand til å takle etter å ha tørka våte nasar?

Skal sikre forsvarleg bemanning

Det første barnehageforliket kom i 2003.

Då var alle partia på Stortinget med. Frp, Rødt og SV blei ikkje med i det nye barnehageforliket. Stortingspolitikar Elise Waagen (Ap) har leia forhandlingane og seier dei vil bli meir tydelege på kor mange som skal vere på jobb:

– Barnehagelova er tydeleg på at ein må ha tilstrekkeleg personale for å kunne drive pedagogisk verksemd. Men sjølv om lova er tydeleg på det, har ho altfor ofte eit hardt møte med verkelegheita. Og vi veit at det kanskje ikkje er mogleg å få tak i vikar, eller at økonomien ikkje strekker til, seier Waagen.

Ho legg til:

– Det finst mange gode og dårlege unnskyldningar. Men poenget er at lova i seg sjølv er ganske klar. Og at lova går utanfor og gjeld utover bemanningsnormene. Så det vi no er einige om på tvers av partia, er at vi må ha eit endå tydelegare regelverk for kva som er forsvarleg bemanning.

I dag er det vanleg at ein del barnehagar oppfyller bemanningsnorma ein til tre timar om dagen.

Waagen seier at partia som står bak det nye barnehageforliket også vil ha styrka tilsyn med bemanninga i barnehagane.

LEIAR: Elise Waagen har leia forhandlingane om ny barnehagelov. Den har fleirtal av Høgre, Ap, Sp, Venstre, KrF og Pasientfokus.

Kasper Holgersen

Ønsker høgare pensjon i private barnehagar

Waagen seier at noko av det viktigaste for ho og Ap er å sikre at pengane som går til barnehage kjem ungane til gode. Og ikkje ulike former for urimeleg profitt.

Det andre hovudpunktet for Ap er at det skal bli slutt på at dei som jobbar i private barnehagar har lågare pensjon enn dei i kommunale.

Forslag til to modellar for pensjon skal ut på høyring før lova blir vedteken i 2025:

– Vi kan ikkje leve med ein situasjon der tilsette i private barnehagar ikkje har likeverdige pensjonsvilkår som i det offentlege. Så det har vore ekstremt viktig for oss når vi har gått inn i dette. Og få løyst den uhaldbare situasjonen som er no, seier Waagen.

Ho seier at dei med den nye barnehagelova vil fjerne ei sperre som har gjort at det ikkje har vore mogleg å forhandle om pensjon:

– Vår jobb er å legge til rette for at ein kan forhandle om pensjon. Pensjonsforhandlingane går føre seg jo mellom partane. Det er ein verdi i seg sjølv at det ikkje er politikarane som fastset det, men at det er Fagforbundet som skal kjempe på vegner av medlemane sine.

– Men det viktigaste vi kan gjere no, for å fjerne urimelegheita som gjer at ein ikkje har hatt moglegheit til å forandre pensjonane. Og så har eg stor tillit og tru på at ein gjennom forhandlingane skal kome på plass gode vilkår, seier Waagen.

KRITISK: Berit Tevik har sjølv jobba i barnehage og er kritisk til at barnehageforliket og den nye barnehagelova ikkje sørgar for eit løft i bemanninga.

Jo Straube

Tillitsvald: – Vidareutdanning hjelper ikkje om du blir sjuk av jobben

Waagen seier vidare at den nye barnehagelova har handla om korleis barnehagane skal styrast og drivast. Og at det ikkje har handla om meir eller mindre pengar, men korleis ein skal bruke dei pengane som barnehagane får.

Berit Tevik er tillitsvald og leiar Fagforbundet Barn og oppvekst Oslo. Ho har jobba i barnehage frå 2009-20015.

Tevik fortel ho er leia av innsparingar og for lite folk på jobb. Og som ho sjølv opplevde på jobb i barnehage:

– Vi sat å perla med ungane. Då fekk vi beskjed om at vi ikkje kunne stryke perlene slik at dei smelta saman. Fordi det hadde vi ikkje råd til og ungane måtte bruke perlene på nytt, seier Tevik om eksempelet frå då ho jobba i barnehage.

Ho er kritisk til at den nye barnehagelova ikkje har med seg noko om auka bemanning:

– Bemanning og lite folk på jobb er den største utfordringa. Det er nemnt i forliket at ein skal sjå på sjukefråveret. At ein skal sjå på rekruttering og kompetanseheving.

– Dette er ikkje nye tiltak. Bransjeprogrammet og ABLU-skulering har eksistert ei stund. Det finst vidareutdanning, fagbrev og fagskule. Men, viss du blir sjuk av å gå på jobb hjelper det ikkje med meir utdanning. Du blir ikkje verande i sektoren då, seier tillitsvalde Tevik.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy