JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Disse chatbotane skal jobbe turnus i heile og faste stillingar

TURNUSGURU: Spesialrådgjevar i Fagforbundet Siv Karin Kjøllmoen har laga turnusen for dei nye chatbottane som kjem innan nokre veker på fagforbundet.no. Bottane har fått heile faste stillinger og går i ein seks-vekers turnus.

TURNUSGURU: Spesialrådgjevar i Fagforbundet Siv Karin Kjøllmoen har laga turnusen for dei nye chatbottane som kjem innan nokre veker på fagforbundet.no. Bottane har fått heile faste stillinger og går i ein seks-vekers turnus.

Fagforbundet

Lurer du på om kva som er reglane for overtidsbetaling eller når du har krav på å bli fast tilsett? Snart vil Karima, Sarah og Kim gje deg svar. Fagforbundet stiller no med chatbotar som går i heile faste stillingar og turnus.

2024090612583220240906151704

oystien.windstad@fagbladet.no

Om du går inn på nettsidene til fagforbundet.no, ser du eit det smilande fjeset av ei kvinne inne i ein raud ring. Det er chatboten «Frøya». Klikkar du på logoen og skriv:

– Når har eg krav på overtidsbetaling? svarar ho kontant:

– Ved overtidsarbeid har du etter arbeidsmiljølova krav på eit tillegg på minst 40 % av den vanlege løna. Det kan ikkje avtalast ein lågare prosentsats enn dette.

Fleire med låg inntekt kan sleppe skatt

Robot-mangfald

Etterfølgt av eit meir utfyllande svar. Om nokre veker skal «Frøya» få selskap av dei fem kollegaene Sarah, Jan, Karima, Kim og Robin:

– Nettsida er for mange det første møtet med Fagforbundet. Skal du då stille spørsmål til chatbotane, er det fint om du treffer nokon du kan identifisere deg med. Og at vi med chatbotar med ulike bakgrunnar har ein større sjanse til å nå fleire. Tanken er at chatbotane skal spegle medlemmane, seier Ellisiv Solskinsbakk som er nettredaktør for fagforbundet.no og rådgjevar i infoavdelinga. Det var OSS Tillitsvalgte som skreiv om chatbotane i turnus først.

FEKK IDEEN: Ellisiv Solskinsbakk er nettredaktør i Fagforbundet og fekk ideen til at chatbotane skulle få turnus. Ho har bakgrunn som journalist, tilsett i barnehage og forfattar.

FEKK IDEEN: Ellisiv Solskinsbakk er nettredaktør i Fagforbundet og fekk ideen til at chatbotane skulle få turnus. Ho har bakgrunn som journalist, tilsett i barnehage og forfattar.

Fagforbundet

LO vil ha fleire eigenmeldingsdagar

Turnusguru flirte då ho fekk robotspørsmål

Siv Karin Kjøllmoen er spesialrådgjevar i forhandlingsavdelinga i Fagforbundet. Ho fekk oppdraget med å sy saman ein turnus for dei seks Fagforbundet-robotane:

– Eg lo litt av det, til å begynne med. Men når eg fekk tenkt litt på det, synest eg det var morosamt å få utfordringa med å lage turnus. For det er det jo mange år sidan eg har gjort. Eg har sete der og kontrollert turnusar. Det å få laga turnus synest eg var spennande. Og særleg det å måtte tenke på at det skulle vere heile stillinga, seier Kjøllmoen.

Ho sat seg ned og teikna den komplekse turnusordninga på eit A3-ark. Kjøllmoen har bakgrunn som tillitsvald vernepleiar og vidareutdanna seg innan administrasjon og leiing. Som hovudoppgåve laga ho allereie i 1993 ein turnus for tilsette på ein barnevernsinstitusjon. Der la ho inn skrivedagar med fleksitid, slik at dei tilsette kunne hente og levere i barnehage og SFO.

KOMPLEKS: Slik ser chatbottane sin turnus ut etter at den blei sett saman og teikna av Siv Karin Kjøllmoen i Fagforbundet.

KOMPLEKS: Slik ser chatbottane sin turnus ut etter at den blei sett saman og teikna av Siv Karin Kjøllmoen i Fagforbundet.

Øystein Windstad

NHO vil ikkje frede sjukelønsordninga

– Må vere lov å leike litt

Chatbotane er laga av Ørjan Jensen som er mediegrafikar i infoavdelinga til Fagforbundet. Rådgjevar Solskinsbakk har jobba fleire år i barnehage, har skrive barnebøker og er utdanna journalist.

– Nokon kan tenkje at dette er maskin og ikkje menneske, og lure på korfor dei skal gå i turnus? Kva seier du då?

– Dette er jo berre gøy, og eg tenkjer at det er fint å leike litt. Fagforbundet som organisasjon er jo gjennomsyra av å tenke betre arbeidskår for medlemmane, så vi fekk oss liksom ikkje til å setje dei i ein tilfeldig loop sjølv om dei «berre» er chatbotar. Kven veit, kan hende vi tek skrittet og gjev chatbotane seks timars arbeidsdag om det kjem, seier Solskinsbakk.

Både ho og kollega Kjøllmoen seier at jobbinga med chatbotane viser at det er fullt mogleg å få til turnusar utan å bruke deltid.

• Vi brukar mindre tid på husarbeid

Ser på generativ KI

Nettredaktør Solskinsbakk seier turnusprosessen har vore lærerik. Og at dei ser på om meir avansert KI kan føre til enno betre svar frå chatbotane:

– Eg har aldri jobba med turnus før, og dette har gjeve meg mange tankar om turnus. Berre sjå på bildet av lista som kom tilbake til meg. Det er alvor når du skal gje seks menneske heil og fast stilling, seier ho.

Laget i Fagforbundet som jobbar med chatbotane, jobbar med om dei kan kople på generativ KI:

– Chatboten vil då berre få lov til å hente svar frå kjelder som vi vel ut og vil kunne svare meir utfyllande som om det var ein samtale. Der har vi sett nokre eksempel på svar, og det er heilt fantastisk, seier Solskinsbakk.

 

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy