Fagforbundets Arbeidsgjevarpris til Britt Velsvik i Helse Bergen:

Fekk pris for fleire faste og heile stillingar på Haukeland

Dei tillitsvalde i Helse Bergen meiner Britt Velsvik har gjort seg vel fortent til å få prisen som årets arbeidsgjevar 2016.

PRISVINNAR: Britt Velsvik vart svært overraska over prisen. Ho hadde reist på ferie til Dubai og sende helsing og takk på film.
PRISVINNAR: Britt Velsvik vart svært overraska over prisen. Ho hadde reist på ferie til Dubai og sende helsing og takk på film.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Ho er positiv og løysingsorientert, seier Irene Hopsdal, føretakstillitsvald i Helse Bergen. Hopsdal er godt nøgd med det samarbeidet Fagforbundet har med seksjonsleiaren for Bemanningssenteret.

Heile stillingar

For dei tillitsvalde er det viktigaste at dei tilsette har fått heile stillingar og ei løn å leve av.

– Dei har fått heile stillingar ved å ha til dømes 70 prosent på ein post og resten i Bemanningssenteret, sjukehusets eige vikarbyrå, seier Hopsdal.

Det fungerer godt for dei tilsette av di turnusen framleis er føreseieleg.

– Eg har inntrykk av at det meste er mogleg for Britt Velsvik, og ho legg stor vekt på å leggje til rette slik at turnusen passar kvar og ein, seier Hopsdal.

Ho ser heller inga ulempe ved at dei tilsette arbeider fast på ein post og fyller opp stillinga på andre postar. Ho meiner tvert imot at det er ein god måte å heve kompetansen på.

Helsing på video

Prisvinnaren vart truleg svært overraska over tildelinga. Ho hadde i alle fall reist på ferie til Dubai og sende helsing og takk på film. I helsinga seier Britt Velsvik mellom anna at dei skal gjennomføre fleire tiltak for at dei tilsette skal ha eit godt arbeidsmiljø og for at pasientane skal få endå betre tenester.

Tal på resultat

Ein grunn til at Fagforbundet gjev prisen til Britt Velsvik er mellom anna at innleie av arbeidskraft frå eksterne byrå har gått ned. I august 2012 vart til dømes 110 personar leigde inn. Same månad i 2016 var talet redusert til 46.

Talet på tilkallingsvakter har gått ned frå 2700 i 2009 til 750 i 2015. Dei er no tilsette og vert difor følgt opp betre.

Medan talet på faste stillingar har auka frå om lag 8400 i august 2011 til over 9500 i same månad i 2016, har talet på mellombels tilsette gått ned frå 4000 til under 3300 i same periode.

Powered by Labrador CMS