JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fra Royal Albert Hall til Folkets hus på Kvål

Det er langt frå Royal Albert Hall til Folkets Hus på Kvål. Men då Åge Aleksandersen skulle sette opp turneen sin i sommar, etter mal frå den ikoniske songen, måtte Kvål besøkast.

2016081909540020230821171436

anders@lomedia.no

ole@lomedia.no

Dermed fekk Jill Haugen, leiar i Folkets Hus på Kvål i Sør-Trøndelag, telefon om at Åge ville leige lokalet for å halde konsert.

– Då blei eg rimeleg satt ut. Men dette er jo eit av høgdepunkta i huset si historie, seier ho.

Jubileum

Og historia til huset er rik. Folkets Hus på Kvål har hatt både Tranmæl, Steen og Gerhardsen på besøk. I sommar kom også Åge Aleksandersen.

Kvål Arbeidersamfunn eig huset, og blant stiftarane her finns Martin Tranmæl, som står på sokkel i nabobygda Melhus. Arbeidersamfunnet har eit husstyre, og her sit Jill Haugen (leiar), Nina Trotland og Tore Strøm.

RAKTE UT EI HAND: Åge Aleksandersen hadde ingen problem med å fylle Folkets Hus på Kvål i sommar. Vanlegvis er scena bandet spelar på større enn lokalet på Kvål.

RAKTE UT EI HAND: Åge Aleksandersen hadde ingen problem med å fylle Folkets Hus på Kvål i sommar. Vanlegvis er scena bandet spelar på større enn lokalet på Kvål.

Ole Palmstrøm

Huset vart bygd i 1906, og har 110-årsjubileum i år. Då Kvål Arbeidersamfunn bestemte seg for å byggje eit Folkets Hus, måtte nokon garantere for økonomien. Det ansvaret tok Arnt Trøan, og vart dermed personleg ansvarleg for økonomien i byggjeperioden.

Det er to salar i huset, på 30 og 90 kvadratmeter.

– Den vesle salen blei kalt «karsk-salen», der dei før sat og pjalla. Det er det slutt på no, ler Haugen.

I mange år var det bygdekino her, ei luke i veggen minner om det. Dei klassiske portretta heng framleis på veggane, sjølv om nokon av Melhus sine motstandsheltar frå arbeidarrørsla blei tatt ned i høve konserten. Lydmannen kunne risikere å få dei i hovudet.

Huset vart utvida i 1980, med blant anna kjøken. Folkets Hus i Kvål har blitt meir brukt dei siste åra.

– Bruken tar seg heldigvis opp. Vi har til dømes hatt fleire humanetiske gravferder her, seier Trotland.

AKKURAT NO: Leder Jill Haugen i husstyret fann ut at dette var ein selfie-verdig augenblink.

AKKURAT NO: Leder Jill Haugen i husstyret fann ut at dette var ein selfie-verdig augenblink.

Ole Palmstrøm

– Tidlegare var alt inne i huset brunt. No når det er malt lyst, er det litt trivelegare. Dette skal vere eit hus som er billeg å leige, slik at alle kan gjere det, seier Haugen.

Det kostar 3 000 kroner å leige huset ei helg. Dei siste åra har Folkets Hus arrangert loppemarknad for å skaffe inntekter til huset. I år vart det Åge-konsert i staden. I tillegg arrangerer dei julemesse. Då er det kaffisal og utlodding, og så leiger dei ut bord til dei som har varer å selje, mest handarbeid og julebakst.

– Vi må ha økonomi for å vere sikre, seier Tore Strøm, og legg til at dei har klart å investere noko dei siste åra – blant anna i nytt lydanlegg.

LØRDAG: Husstyret for Kvål Folkets Hus jobba hardt for å kunne ta i mot Åge Aleksandersen og igjen en lørdagskveld med fullt   hus. Fra venstre Jill Haugen, Nina Trotland og Tore Strøm.

LØRDAG: Husstyret for Kvål Folkets Hus jobba hardt for å kunne ta i mot Åge Aleksandersen og igjen en lørdagskveld med fullt hus. Fra venstre Jill Haugen, Nina Trotland og Tore Strøm.

Ole Palmstrøm

Eksotisk

Lydanlegget blei imidlertid for smått for Åge Aleksandersen. På konsertdagen i sommar kom ein semitrailer som nesten var større enn huset, med utstyr. Kasser på kasser blei trilla inn i storsalen, som fort vart fylt opp. Brannvesenet hadde satt 200 personar inne i lokalet som grense for konserten. Det er nok mange år sidan Åge Aleksandersen spelte ein ordinær konsert for så få.

Sjølv kom han og bandet ein dryg time før konserten for ei kjapp lydprøve. Før den starta, ga han beskjed om at dei fire-fem ivrigaste som allereie sto på trappa, måtte sleppast inn. Det regna denne sommarkvelden.

– Ja, det er dårleg stil å la folk stå ute i regnet og vente, sa han sjølv til LO-Aktuelt.

Dermed blei lydprøva ein ekstra liten intimkonsert.

LANGT IGJEN TIL ROYAL ALBERT HALL: Den fyrste sangen på Åge Aleksandersen si fyrste plate, er utgangspunktet for turneen som tok han både til London, Kirkenes, Hammerfest, Vinstra og til Kvål.

LANGT IGJEN TIL ROYAL ALBERT HALL: Den fyrste sangen på Åge Aleksandersen si fyrste plate, er utgangspunktet for turneen som tok han både til London, Kirkenes, Hammerfest, Vinstra og til Kvål.

Ole Palmstrøm

Åge forklarer at konserten i Kvål er like viktig som den han spelte i London nokre veker før.

– Det å spele i slike lokaler er ein stor del av historia mi som musikar. Så det er litt nostalgi og litt jippo. Dette er like eksotisk som å spele i Royal Albert Hall. Eg kan ikkje hugse sist vi spelte i eit så lite lokale. Heile rommet er mindre enn kva vi vanlegvis har som scene, seier Aleksandersen.

Sjølv har han rikeleg med minner frå Folkets Hus, og meiner han har spelt på alle.

– Det var her det foregjekk tidlegare. Dans, dugnad, samlingar, konfirmasjonar, møter og kurs. Den tida er borte, men det er klart Folkets Hus har vore veldig viktige, seier han.

På sine mange år på turne rundt om i Norge, har han også merka seg spesielt ved nokre Folkets Hus rundt om:

– På nokon av dei store industriplassane er det nokre svære, flotte salar. I prinsippet er dei like, med dei same bildene som heng på veggane, smiler Aleksandersen.

Åge har ei lang og velkjent historie med LO og arbeidarrørsla. Tidlegare leiar Arthur Svensson i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund fiksa medlemskap for han etter at han ikkje fekk bli med i musikarforbundet. Prosjektet hans i Nicaragua har fått god hjelp frå AOF og Fagforbundet. Når Åge tar oppdrag for LO eller forbunda, går honoraret til dette formålet.

Aleksandersen etterlyser artistar som meinar noko om samfunnet.

– I dag er artistar som seier ifrå viktigare enn nokon gong. Eg reiser mykje og ser mange stakkarar som jobbar, og som hadde hatt behov for ei sterk fagrørsle. Vi er inne i ei utvikling der vi er oss sjølve nærast, seier han.

Han er ikkje i tvil om at fagrørsla blir ein nøkkelfaktor framover:

– Den totale omsorgen som ligg i tanken bak fagorganisasjonar, og korleis det har prega samfunnet vårt, er vel verd å ta vare på. For ein jævla viktig samfunnsaktør fagrørsla har vore, og den trengs for å stoppe ei utvikling der ein tenkjer mest på seg sjølv, seier han.

Dugnad

John Eidem (85) er ikkje ein av dei som tenkjer mest på seg sjølv. Han var med på restaureringa og utbygginga av huset rundt 1980, og var med på dugnadsinnsatsen i forkant av konserten i sommar. Han var den som malte opp under gavlen. Men så er han også fersk verdensmester i skihopp, der han vant med eit hopp på 20 meter i vinter.

– Om vi ikkje hadde gjort noko då, ville bygget ha sige ned i jorda. Eg jobba med linjebygging på den tida, og fekk tak i impregnerte pålar. No står huset på desse. Det er dugnadsanda som har heldt det oppe her i Kvål. Og så er det søye artig at Åge kom hit. Det er midt i blinken, seier han.På FriFagbevegelse.no finn du fleir bilete og video frå konserten. (red.)

Kvål Folkets Hus

Ligg i Kvål i Melhus kommune i Sør-Trøndelag.

Åpna dørene i 1906.

Kvål Arbeidersamfunn eig bygget.

Har to salar (40 og 90 kvadratmeter) og kjøkken med dekkeutstyr til 90 personar.

Blir i dag brukt som forsamlingslokale og møtelokale.

Det å
spele i
slike lokaler er ein stor del av historia mi som
musikar.

Åge
Aleksandersen

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy