JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
PÅ BØLGJELENGDE: Dei to kollegaene Anne Gro Olesrud Rugaas (36) og Nina Helen Haugan Hansen (38) og er samde om det meste. Og viktigast for begge er at brukarane har gode dagar og opplever meistring når dei er på dagavdelinga.

Marianne Otterdahl-Jense

Full jobb og høgare vidareutdanning: Slik får helsefagarbeidarane Anne Gro og Nina kabalen til å gå opp

Med full jobb er det tungt å studere ved sida. Men Nina, Anne Gro og kollegaene brenn for faget, brukarane og jobben – og kommunen brenn for dei.

karin.svendsen@fagbladet.no

Dei to eldsjelene Nina Helen Haugan Hansen (38) og Anne Gro Olesrud Rugaas (36) greip sjansen då fagskulen kom til Rjukan. Dei arbeider saman tre dagar i veka på ei dagavdeling for eldre heimebuande.

– Eg er mest overglad i jobben og brukarane, seier Nina og ler litt av seg sjølv.

I september 2024 byrja Nina og Anne Gro på kurset «Aktiv omsorg for personar med demens».

– Vi ynskjer meir kunnskap for å gjere jobben så godt som mogleg, seier Anne Gro.

PÅ VEG: Dei to studentane er på veg til kommunehuset og kommunestyresalen i Tinn. Dei vil bli endå betre til å møte og ta vare på brukarane.

PÅ VEG: Dei to studentane er på veg til kommunehuset og kommunestyresalen i Tinn. Dei vil bli endå betre til å møte og ta vare på brukarane.

Marianne Otterdahl-Jense

To tilsette og 14 brukarar

Dagavdelinga der Nina og Anne Gro arbeider, har opptil 14 brukarar på ein dag. Dei fleste er oppegåande, men nokre er også ramma av ei demensliding. Ein dag i veka tek dei imot sju brukarar. Uansett talet og helsa til brukarane er dei aldri meir enn to tilsette.

Ein av dei køyrer ut og hentar dei eldre frå klokka åtte om morgonen. Imens steller den andre til frukost. Klokka fire på efta skal alle brukarane vere vel heime, og Nina og Anne Gro avsluttar dagen.

Heile mennesket

Den avgjerande grunnen til at dei tek denne vidareutdanninga, er at dei vil lære meir om korleis ein kan nærme seg, få kontakt med og ta vare på kvar og ein – uansett kor forskjellige brukarane er. Dei håper at meir kunnskap skal gjere dei enda betra på jobb slik at brukarane skal oppleve enda meir meistring og enda betre livskvalitet.

– Vi må heile tida vere medvitne om at alle er heile menneske, understrekar Nina.

Ho peiker på at fysisk og psykisk helse, sosialt og åndeleg liv speler saman.

– Dette studiet får oss til å tenkje meir over kor samansett ein person er, meiner Anne Gro.

Avtalen i Tinn

Slik har Tinn lagt til rette for tilsette som studerer:

* Du får fri med full betaling når det er undervisning (både fysisk samling og nettbasert) i arbeidstida.

* Overtidsbetaling dersom du skulle hatt vakt på dagen, men i staden går på jobb etter full dag på skule.

* Betalt overtid dersom du arbeider kveldsvakt etter full skuledag for å hjelpe til.

* Betalt overtid for skuledag dersom du har kveldsvakt etterpå.

* Nattevakter får fri med full betaling dagen før ein skuledag.

* Alle som fullfører denne høgre yrkesfaglege utdanninga, får ein årleg lønsauke på 20.000 kroner.

Dette er nokre punkt frå avtalen som kommunen og tillitsvalde gjorde før studiestart hausten 2024.

Godt skolerte

Nina er hjelpepleiar frå 2005 og har arbeidd på Austbygd i om lag ti år. Anne Gro var ferdig utdanna helsefagarbeidar i 2010 og har berre arbeidd på dagavdelinga i nokre månader. Begge andre oppgåver i heimetenesta slik at Nina arbeider fire dagar (86 prosent) og Anne Gro alle kvardagar (100 prosent).

Før dei byrja på Aktiv omsorg for personar med demens, hadde Anne Gro 30 studiepoeng i Demensomsorg. Ho hadde også 30 poeng i Velferdsteknologi. Begge vidareutdanningane var nettbaserte i regi av NKI. Nina hadde 30 poeng i Demensomsorg og 60 poeng i Kroniske sjukdommar. Begge studia hennar var i regi av AOF.

Fagskulen er heil ukjent for mange leiarar

Studentleiar Thea Tuset seier det ikkje er noka sjølvfølgje at arbeidsgjevar legg til rette når ein fagarbeidarar skal studere.

Når Thea Tuset møter folk ute i kommunane, ser ho manglande kunnskap om høgare yrkesfagleg fagskuleutdanning i alle ledd.

ONF (Organisasjon for norske førskolestudentar) arbeider for at det skal bli lettare for fagarbeidarar å gjennomføre eit studium.

Manglar kunnskap

Thea Tuset trur at dersom fleire leiarar hadde visst kva ei fagskuleutdanning er, ville fleire ha vore interesserte i at dei tilsette tok ei slik vidareutdanning.

– Då ville dei også ha visst kva den tilsette kan bidra med etterpå, seier ho.

Stort arbeidspress

Mange studentar opplever ifølge studentleiaren at arbeidsplassen ikkje legg godt nok til rette for tilsette som tek ei høgare yrkesfagleg utdanning. Det kan vere at dei ikkje får fri til å vere med på samlingar, eller at dei ikkje får nok fridagar til å konsentrere seg om studiet.

– Det største problemet er at det samla arbeidstrykket blir for stort. Nokon held ut i den perioden det gjeld, medan andre gjev opp studiet, fortel ho.

Løn for innsatsen

Thea Tuset meiner det er eit problem at mange tilsette ikkje får anerkjenning for den kompetansen dei skaffar seg. Dermed får dei heller ikkje nye oppgåver.

Det er heller ikkje slik at alle får høgare løn etter ei vidareutdanning. Partane i arbeidslivet har i mange år tilrådd ein lønsauke på 20.000 kroner i året, men ikkje alle arbeidsgjevarar gjev det.

– Ein skulle forvente ein kompensasjon for innsatsen, syns ho.

Løysinga ligg i dialog

Enkelte fylke har ifølge studentleiaren godt samarbeid mellom fagskulane, arbeidsplassane og studentane. Erfaringa hennar er at god praksis for samarbeid resulterer i betre tilrettelegging og mindre fråfall.

– Mitt inntrykk er at dei som meistrar dette best, er dei som har eigne møte mellom skule, leiar i verksemda og den enkelte studenten, seier ho.

Ho vedgår at rutinar for dialog og oppfølging av kvar student er krevjande, men er overtydd om at det er beste løysinga.

– Både arbeidsplassen og studenten får mykje tilbake for jamlege møte. Det bidreg til at arbeidsgjevar veit meir om kva for kompetanse den tilsette kjem tilbake med, og kva ho eller han kan bidra med. Og den tilsette sjølv har større sjanse for å få oppgåver som svarer til den nye kompetansen.

Klar avtale

Tuset har også eit anna råd til arbeidsgjevar og student:

– Eg tenkjer at ein bør inngå ei avtale mellom skule, arbeidsgjevar og student. Og det må skje før den tilsette byrjar på fagskulen, understrekar ho.

Ho meiner at dess fleire tema som ligg i avtala, dess betre. Tid og økonomi er heilt naudsynt å ha med.

– Jo meir informasjon den tilsette har, jo betre er grunnlaget for å vurdere om det er aktuelt eller ikkje å ta ei vidareutdanning.

Gjev og tek energi

Om det er slitsamt å arbeide og studere samstundes?

– Eg vert heller litt gira, ler Nina.

Anne Gro, som arbeider full tid, opplever det litt annleis.

– Eg kjenner det er tyngre enn eg hadde venta, er hennar svar.

Ho spør seg faktisk om det er verdt det. Inntil vidare er svaret «ja».

– Det er av di eg syns alle tema er svært interessante.

Ei gåve til kommunen

Gry Anja Gundersborg, kommunalsjef for utvikling og levekår i Tinn, ser på vidareutdanninga som ei gåvepakke til kommunen. Då utdanningstilbodet kom, hadde dei nett avslutta arbeidet med Demensplan 2025. Her hadde dei blinka ut aktiv omsorg og opplæring som område dei skal satse på.

– Vi har om lag 140 fast tilsette helsefagarbeidarar i kommunen og håpte at vi ville fylle ei klasse, fortel ho.

Fagskolen Diakonova kom for å informere om utdanninga. Tilsette i administrasjonen og leiarar i sektoren møtte opp. Men berre seks–sju helsefagarbeidarar kom på informasjonsmøtet.

Likevel: Innan studiestart var klassen full med 20 studentar.

Theas tips:

Studentleiar Thea Tuset meiner dette bør vere med i ei avtale før den tilsette byrjar på fagskulen:

* Kor mange timar som blir sette av til studiet.

* Om du får noko fri med løn.

* Endra rutinar slik at du får prøvd deg på nye arbeidsoppgåver under studiet.

* Avtale bindingstid når det er aktuelt.

I tillegg syns leiaren i ONF det er lurt å snakke om kva ein kan vente i løn framover.

Strekkjer seg langt

Ei avtale mellom arbeidsgjevar og tillitsvalde kom på plass.

– Mange jobbar hardt for å få flyt i tenesta når studentane har undervisning, seier Gry Anja Gundersborg.

Den store utfordringa er å skaffe vikarar. Enklare var det å skaffe ein PC til dei som trong å låne det. Og å dekkje alle utgifter til semesteravgift og litteratur.

– Vi har strekt oss langt for at studentane skal klare å gjennomføre.

STREKKJER SEG: – Vi er innstilte på å strekkje oss langt for at alle skal klare seg gjennom studiet, seier Gry Anja Gundersborg.

Jobb, skule, jobb

Nina og Anne Gro syns det er flott at dei får ta vidareutdanninga i arbeidstida. Dei roser også kommunen for å kjøpe bøker og betale semesteravgift.

Men kvardagen er krevjande.

Studentane er samla på kommunehuset ein tysdag i månaden frå klokka 9 til 14. I tillegg kjem nettundervisning ein gong i veka to timar midt på dagen.

– Det går i eitt dei dagane vi har undervisning. Fyrst jobb, så skule, og så jobb igjen, seier helsefagarbeidar og student Anne Gro Olesrud.

Vidareutdanning på fagskule

Fagskoleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som gjev studiepoeng. Det finst nokre fagskuletilbod for barne- og ungdomsarbeidarar. For helsefagarbeidarar er det mange ulike tilbod. På nokut.no finn du ei samla oversikt over godkjende fagskular og studie.

Dei som tek slik vidareutdanning, er som regel tilsette i ei verksemd og arbeider der ved sida av studiet.

Det er vanleg at studiet er sett saman av undervisning på nett og fysiske samlingar.

Eit vanleg opptakskrav er ferdig fagutdanning og fem år i relevant arbeid. Søkjarar som ikkje oppfyller desse krava, kan få studieplass etter ei vurdering av realkompetansen deira.

– Gruppearbeid er krevjande

Mellom kvar samling skal studentane førebu seg til neste samling. Dei skal lese pensum, høyre podkastar og sjå korte filmsnuttar og lange filmar. På samlinga må dei vere førebudd på å få spørsmål om det dei har vore gjennom sidan sist. I tillegg skal dei arbeide med ei større oppgåve over fleire veker. Heile gruppa må vere førebudd til samlingane, og oppgåver skal leverast av gruppa.

– Gruppearbeidet tek mest tid, seier Anne Gro.

Ho trur det ville ha vore enklare å kombinere full jobb med studiet om dei ikkje måtte ha brukt så mykje tid på å møtast for å gjere gruppearbeid.

– Vi har ulik erfaring med å skrive oppgåve. Eg har vore student før, så for meg ville det nok ha vore lettare å levere oppgåvene åleine, meiner ho.

Ho seier dei får god vegleiing, men syns det hadde vore fint om dei også kunne ta kontakt utanom kontortid.

– For mange passar det å ringe på dagen, men ikkje for meg som aldri har fri på dagtid, seier ho.

Skulen er nøgd

Gry Ulvedalen, rektor ved Fagskolen Diakonova, meiner vegleiinga er lagt godt til rette for studentane.

«Ved behov (…) for veiledning gir lærerne individuell veiledning eller er tilgjengelige på nett og svarer innen kort tid», skriv ho i ein e-post og legg til at «De fysiske samlingene gir mulighet for personlig kontakt mellom lærere og studenter (…) Det gir mulighet for å stille spørsmål og få umiddelbar tilbakemelding.»

Rektoren kommenterer ikkje det Anne Gro Olesrud Rugaas seier om gruppearbeid.

Kommunalsjefen i Tinn vil ikkje kommentere saka, men håper alle dei 20 studentane klarer å gjennomføre.

Dette har du rett til når du studerer

Som student ved ein godkjend fagskule har du rett til lån og stipend frå Lånekassa.

Du har også rett til fri på eksamensdagen og to lesedagar før kvar eksamen. Du har også fri på eksamensdagen.

Hjelp!

Allereie midt i fyrste semesteret kjenner ho seg sliten.

– På tre år tok eg studiekompetanse og to vidareutdanningar. Det gjekk heilt fint, seier Anne Gro.

Ho meiner det var mindre krevjande enn den utdanninga ho no tek. Forskjellen er at då ho tok vidareutdanning i demensomsorg og velferdsteknologi, kunne ho be om vegleiing også på kvelden.

Studenten med full stilling skjøner at det er vanskeleg for arbeidsgjevar å leggje endå meir til rette. Dei manglar jo folk.

Men ho kjenner at ho hadde trengt ein heil dag i veka for å konsentrere seg om studiet.

For helsearbeidarar som brenn for jobben og brukarane slik ho og Nina gjer, er studiet framfor alt interessant og nyttig.

– Men no tenkjer eg også: To år med så stor belastning? Hjelp!

Vidareutdanning i aktiv omsorg for personar med demens

Fagskolen Diakonova starta hausten 2024 denne høgare yrkesfaglege utdanninga i Oslo, Bergen, Hurdal, Tinn og i Helgeland (Mosjøen og Sandnessjøen).

Tema er mellom anna eit aldersvenleg samfunn, aktiv omsorg samt verdiar og relasjonar.

Studentane har fem dagar med fysiske samlingar med undervisning per semesteret. Dei får også nettundervisning kvar veke.

Studiet går over to år og gjev 60 studiepoeng.

Studiet er finansiert av Kunnskapsdepartementet gjennom Direktoratet for høgare utdanning. Studentane har rett til lån og stipend gjennom Lånekassen.

Demensplan 2025 i Tinn

Høgare kompetanse og aktiv omsorg er satsingsområde for pleie- og omsorgssektoren i kommunen. Tanken er at trivsel og livskvalitet er best når vi driv med det vi sjølv likar og har godt av.

Når det trengs, skal dei tilsette motivere kvar einskild til å vere aktive på den måten han eller ho sjølv har behov for. For nokon passar det best å delta på sosiale eller kulturelle aktivitetar. For andre betyr det mykje å fortsetje med ein hobby, vere fysisk aktiv eller å halde kontakten med vener og familie.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
PÅ BØLGJELENGDE: Dei to kollegaene Nina Helen Haugan Hansen (38) og Anne Gro Olesrud Rugaas (36) er samde om det meste. Og viktigast for begge er at brukarane har gode dagar og opplever meistring når dei er på dagavdelinga.