JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Gina laga sitt eiga undervisningsopplegg: Her kan assistentane bli helsefagarbeidarar medan dei jobbar

TENER PASIENTANE: – Dess meir kunnskap dei tilsette har, dess betre blir vi på observasjon og vidareformidling til kollegaene i teamet. Da blir også tenestane våre betre, meiner Gina Helland.

TENER PASIENTANE: – Dess meir kunnskap dei tilsette har, dess betre blir vi på observasjon og vidareformidling til kollegaene i teamet. Da blir også tenestane våre betre, meiner Gina Helland.

Grete Nygaard

Her fortel tillitsvalde Gina Helland kvifor det kan vere vanskeleg å ta fagbrev viss du bur på bygda. Difor har ho laga et heilt eiga opplegg for dei som vil bli helsefagarbeidarar eller barne- og ungdomsarbeidarar.

2021122109473220211221100942

karin.svendsen@fagbladet.no

Frank Finnebotten (34) har fem år bak seg som assistent på Eining for sikkerheit på Valen sjukehus. Snart blir den tidlegare industrimekanikaren helsefagarbeidar.

– Eg vil gjerne gjere ein betre jobb. Difor treng eg fagbrev, seier han.

VIL BLI BETRE: – Eg ønskjer å gjere ein betre jobb. Difor tek eg fagbrev, seier Frank Finnebotten.

VIL BLI BETRE: – Eg ønskjer å gjere ein betre jobb. Difor tek eg fagbrev, seier Frank Finnebotten.

Grete Nygaard

Men det var ikkje sjølvsagt at ein assistent frå ei lita bygd i Hardanger skulle få til det. Takk vere sjukepleiar og tillitsvald på sjukehuset, Gina Helland, kan Frank gå opp til eksamen til våren. Det gjer han saman med fem andre assistentar ved sjukehuset pluss ein tilsett i Kvinnherad kommune.

Her fortel Gina kvifor det kan vere vanskeleg å ta fagbrev viss du bur på bygda. Ho fortel også korleis problemet kan bli løyst. For ho fann ei løysing som kan hjelpe assistentar som vil ta fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Uansett kor dei bur.

Lang veg til skulen

Gina Helland seier at ho som tillitsvald i Fagforbundet lenge har arbeidd for at assistentane ved sjukehuset skal få ei moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar.

– Som fagarbeidar blir du meir inkludert i teamet saman med overlege og sjukepleiar. Du observerer betre, og du forstår betre hensikta med tiltaka rundt pasienten, seier ho.

Ho legg til at det er lettare å få større stilling for ein medarbeidar med fagbrev. Dessutan blir årsløna om lag 50.000 kroner høgare.

Før assistentane kan gå opp til fagprøven og få fagbrevet, må dei gjennom ein teoretisk eksamen i programfaga. Her blir dei testa utifrå dei kompetansemåla som Utdanningsdirektoratet har fastsett. Vaksenopplæring er mogleg for mange, men dei som allereie har gjennomført ei vidaregåande utdanning, mistar vaksenretten.

– Dessutan, påpeiker Gina, – for å få opplæring i teorien, må folk herifrå reise med både buss og båt til Stord to eller tre gonger i veka.

Ho kom fram til at det ikkje var mogleg for vaksne folk som kanskje har familie og barn heime. For ikkje å snakke om at dei gjerne har små helgestillingar og må jakte vaktar resten av veka.

– Dei må framfor alt jobbe for å ha mat på bordet og tak over hovudet, seier ho.

Nytt nettkurs

Dei seks assistentane på Valen sjukehus var motiverte for å ta fagbrevet, og nokre var klare for å byrje på Fagbrev på jobb. Men dette tilbodet fall bort i Vestland på grunn av mangel på pengar. Bekka Skaasheim, assisterande direktør i avdeling opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, stadfestar at dei brukte opp alle midla for 2021.

I staden for at kollegaene måtte vente kanskje i fleire månader, byrja Gina å leite etter kurs på nett. Men ho syntest nettkursa var dyre. Sidan ho sjølv er utdanna yrkesfaglærar i helsefag, tenkte ho at ho kunne lage eit kurs sjølv.

– Etter endå meir leiting på nettet fann eg Hanne Svendsen som allereie hadde etablert Pednettakademiet med tilbod til dei som vil bli barne- og ungdomsarbeidar, fortel ho.

Dei byrja å samarbeide, og no har Gina laga 61 leksjonar som dekkjer pensum for elevar som skal bli helsefagarbeidar. Dei som melder seg på, får to leksjonar i veka.

Medlemmar i Fagforbundet får kurset til halv pris. Dei kan også søkje om stipend frå forbundet. Same tilbod har dei som skal ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Deltakarar som ikkje har norsk som førstespråk, kan finne støtte for å lære fagspråk på applikasjonen Klar. Appen er utvikla av andre yrkeslærarar. Utdanninga gjev rett til lån og stipend frå Lånekassa. Til saman 22 elevar over heile landet abonnerer no på nettkurset for helsearbeidarfaget.

Gina tener ikkje noko på kurset, men ho håper at ho får dekt utgiftene ho har hatt til utstyr og program.

Pensum på video

– For meg er dette eit bra opplegg, seier Frank.

Han får to leksjonar på video på til saman ein dryg halvtime kvar veke. Her presenterer Gina teorien i kortversjon pluss at ho kjem med døme frå verkelegheita. Frank og dei andre elevane får også moglegheit for ein time med videoprat med Gina kvar veke. I tillegg les han pensum tre–fire timar i veka. Leiinga ved sjukehuset er positive til tiltaket og gjev dei tilsette to studiedagar med løn før eksamen. Alt i alt er både Gina og Frank overtydde om at vegen til fagbrev vil lukkast.

Dette er fagbrev på jobb

• Fagbrev på jobb er ei ordning for vaksne som er i arbeid. Ordninga gjeld for alle lærefag.

• Det krevs minst eitt år med yrkespraksis for å inngå kontrakt om fagbrev på jobb. Kandidaten får opplæring på ein eller fleire arbeidsplassar og som regel undervisning i programfaga på vidaregåande skule.

• Total praksis er fire år, og minst eitt år må vere med strukturert rettleiing i praksis. Det er inga krav om eksamen i fellesfaga i denne ordninga. Dei fleste fylka tilbyr fagbrev på jobb.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet og regjeringen.no

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy