JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Her blir det slutt på privat ambulanse

Hans Kjetil og kollegaene får betre pensjonsrettar og antakeleg betre løn når ambulansetenesta vert offentleg

BLÅLYS: – Då kampen  for å bli offentleg tilsett starta, var det store forskjellar i løn. Tillegga var berre halvparten, minnes Hans Kjetil Hommo. Her saman  med kollega Anne Elin Midtgarden.

BLÅLYS: – Då kampen for å bli offentleg tilsett starta, var det store forskjellar i løn. Tillegga var berre halvparten, minnes Hans Kjetil Hommo. Her saman med kollega Anne Elin Midtgarden.

Werner Juvik

Frå 1. april 2023 tek Sjukehuset Telemark HF over drifta av sju private ambulansestasjonar i Telemark. Då er det berre Sørlandet sjukehus som framleis let private drifte ambulansetenesta.

2022042511415720220425114843

karin.svendsen@fagbladet.no

Alle dei tilsette på stasjonane er nøgde med at dei frå neste år blir tilsett i Sjukehuset Telemark HF.

– Eg veit ikkje om vi får høgare løn, men vi får ei mykje betre pensjonsordning, seier Hans Kjetil Hommo. Han er tillitsvald på ambulansestasjonen i Tokke.

Overgangen frå privat til offentleg drift betyr at ambulansearbeidarane får særaldersgrense. Då er pensjonsalderen 60 år. Viss alder og arbeidsår til saman er 85 år eller meir, kan dei gå av med pensjon når dei fyller 57 år.

I avtala som gjeld private selskap og deira tilsette, er pensjonsalderen 67 år.

Får truleg meir i løn

I dag får ambulansefagarbeidarane i Tokke og dei andre stasjonane som framleis er private, eit tillegg på 20 prosent mellom klokka 20.00 og 08.00 uansett om dei er på stasjonen eller ute på utrykking. Men dei får berre betalt for ein tredel av tida.

Når dei frå neste år blir tilsett på sjukehuset, får dei framleis berre løn for fire timar for ei nattevakt på tolv. Men dei får eit tillegg på 50 prosent når dei er ute på oppdrag.

– Talet på utkøyringar avgjer om det lønner seg med 20 prosent for heile natta eller 50 prosent ved utrykking, seier Hommo.

Jo fleire oppdrag, jo betre kjem dei ut med den nye ordninga. På stasjonen trur dei at dei vil tene på at sjukehuset overtar drifta.

Knut Inge Skoland, leiar for prehospitale tenester ved Sjukehuset Telemark, opplyser at det har vore ein auke i talet på utrykkingar over mest heile landet. Han skriv i ein epost at talet på ambulanseutrykkingar steig med over 13 prosent frå 2020 til 2021. Men då hadde det vore ein liten nedgang i 2020 på grunn av pandemien.

Han skriv vidare at etter tre månader ser det ut som veksten vil fortsetje i 2022, men at det er litt for tidleg å konkludere.

Anne Elin Midtgarden og Hans Kjetil Hommo blir med ambulansen frå privat til offentleg til neste år.

Anne Elin Midtgarden og Hans Kjetil Hommo blir med ambulansen frå privat til offentleg til neste år.

Werner Juvik

Taper sjukepengar som privat tilsette

Helgetillegga er klart betre når ein er tilsett på sjukehuset samanlikna med i eit privat selskap. På sjukehuset er tillegget 133 prosent. I dei private selskapa er tillegget 100 prosent.

Ein annan fordel med offentleg drift er utbetaling av sjukepengar. Viss du som tilsett ved sjukehuset blir sjuk, får du løna di utbetalt uansett om du er sjuk eller frisk. Som tilsett i ei privat ambulanseteneste er det Nav som sender deg pengane etter dei første 16 dagane som arbeidsgjevar dekkjer. Og då kjem dei ikkje
alltid i rett tid.

Dessutan får du ikkje feriepengar for meir
enn tolv veker når det er Nav som dekkjer løn under sjukdom.

Kollega Anne Elin Midtgarden minner om at den grensa også gjeld ved svangerskapspermisjon.

GODT Å KOME HEIM: – Eg føler vi kjem over til huset, nærmare sjukehuset når vi blir tilsett der, seier Hans Kjetil Hommo.

GODT Å KOME HEIM: – Eg føler vi kjem over til huset, nærmare sjukehuset når vi blir tilsett der, seier Hans Kjetil Hommo.

Werner Juvik

Sjukehusa sparer

Det er ifølgje Hommo berre sjukehuset som tener på at private driftar ambulansetenesta.

– Dei kallar inn nokon frå det private når deira eigne tilsette har arbeidd hundre prosent. Så betaler dei berre vanleg løn og ikkje overtids-
tillegg, fortel Hans Kjetil Hommo.

Men no har altså styret i Sjukehuset Telemark vedtatt at dei sjølv skal drifte ambulansane
i Tokke, Bamble, Seljord, Vinje, Drangedal, Nome og Bø.

Hans Kjetil Hommo syns dei har hatt det godt som tilsette i dei private selskapa dei siste åra.

– Tidlegare, då kampen mot privatisering begynte, var det større skilnader, seier han.

SSH har framleis åtte private stasjonar

Frå april neste år er det berre Sørlandet sjukehus (SSH) som nyttar private selskap i ambulansetenesta. Av dei 21 ambulansestasjonane som server SSH, blir åtte framleis drifta av private. Seks av dei ligg i Agder, to i Telemark.

Ifølgje Espen Jarle Hansen, direktør prehospitale tenester ved SSH, har dei ein avtale som går ut 31. desember 2023. Hansen byrja som klinikkdirektør etter at avtalen blei inngått. 

– Kva som skjer etter 31. desember 2023,
er opp til styret ved SSH, seier han. Men han lover at dei vil konkludere i god tid før årsskiftet 2023/2024.

I dag er det om lag 120 ambulansefagarbeidarar som høyrer inn under NHO Service-avtale 118. Når dei seks stasjonane med rundt 80 tilsette i Telemark går over til offentleg drift,
vil tariffavtalen til Spekter helse erstatte NHO-avtalen for dei. *

«Dei kallar inn nokon frå det private når deira eigne tilsette har arbeidd hundre prosent. Så betaler dei berre vanleg løn og ikkje overtidstillegg.»

Hans Kjetil Hommo,
tillitsvald på ambulansestasjonen i Tokke

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy