JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

I denne kommunen jobbar dei hardt for mest mogleg heiltid

TRYGGARE: Anja Paulsen Malvik er glad ho er på veg mot full stilling i barnehagen.

TRYGGARE: Anja Paulsen Malvik er glad ho er på veg mot full stilling i barnehagen.

Lena Knutli

Anja fekk 82 prosent stilling etter fem år i Sandfjøra barnehage, og fortsetter arbeidet for å få heiltidsjobb.

2017110913120720230821171436

karin.svendsen@fagbladet.no

– Tolv prosent større stilling betyr mykje, meiner barne- og ungdomsarbeidar Anja Paulsen Malvik.

27-åringen arbeidde først fire år som vikar og tilkallingsvakt før ho i 2012 fekk ein 70 prosent fast stilling. No i september gjekk ho opp til 82 prosent.

– Eg har hus og gjeld og må arbeide 100 prosent for å klare meg, seier ho.

No er økonomien tryggare. Og ho er friare.

Anja er ein av 34 tilsette i Sandfjæra barnehage i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. Fire av dei har fått større stilling gjennom samarbeidet for heiltidskultur mellom Fagforbundet og kommunen.

Fleire tiltak for auka stilling

Line Johnsen, leiar i Fagforbundet Malvik, brenn for heiltidskultur og for heile, faste stillingar.

– Vi nyttar ofte arbeidsmiljølovas paragraf 14-4 for å få auka stillingar, fortel ho.

Det var den paragrafen som også hjelpte Anja. (Sjå faktaboks.)

Ein annan moglegheit for auka stilling er å slå saman to små stillingar til ein. To tilsette har fått heil stilling på den måten. To andre har fått heil stilling ved å skifte arbeidsplass.

Inga enkel løysing

Line Johnsen seier det er svært vanskeleg å skaffe full stilling til alle, særleg i pleie- og omsorgssektoren. Ikkje nok med at helgearbeid er ei utfordring. I Malvik har dei eit ekstraproblem fordi kommunen i mange år har nytta korte vakter.

– Ei anna side ved saka er at mange tilsette ikkje kan eller vil arbeide full tid, seier Line Johnsen. Andre vil ikkje arbeide fleire stader.

Grunnane til deltid er komplekse. Derfor finst det heller inga enkel løysing.

– Det einaste som er sikkert i dette arbeidet, er at du treng mykje tolmod, seier Fagforbundets leiar i Malvik.

Full stilling etter 25 år

Tolmodet til Alma Fossen (55) var nær ved å ta slutt da ho etter 25 år i pleie- og omsorgstenesta endeleg fekk full stilling i april i år.

– Eg har alltid tatt ekstravakter og derfor arbeidd full tid, så eg tener ikkje meir no. Men eg veit når eg har fri, seier hjelpepleiaren.

– Og eg slepp endelig å jakte på ledige vakter, legg ho til.

(Artikkelen held fram under biletet)


IKKJE FRIVILLIG: Alma Fossen var delvis arbeidslaus. Men arbeidsgjevar definerte henne som frivillig deltidsarbeidar.

IKKJE FRIVILLIG: Alma Fossen var delvis arbeidslaus. Men arbeidsgjevar definerte henne som frivillig deltidsarbeidar.

Lena Knutli

Ulik forståing av kva som er frivillig

Alma Fossen er i seg sjølv eit døme på kor samansett heiltidsproblemet er; Ho vil og kan arbeide heiltid. Men på grunn av ein skade i akilleshælen kan ho ikkje gå og arbeide lenge på harde golv. Difor har ho måtte takke nei til nokre tilbod om auka stilling.

Når ein tilsett ikkje tek imot det tilbodet han eller ho får, reknar arbeidsgjevar den tilsette som frivillig deltidsansatt. Uavhengig av kvifor den tilsette takkar nei.

Dette har gjort Alma temmeleg oppgitt. Korkje ho eller Fagforbundet i Malvik har rekna deltida hennar som frivillig.

Fagforbundsleiaren i Malvik, Line Johnsen, er heller ikkje nøgd med denne måten å definere frivillig deltid på. Ho meiner det blir for enkelt for arbeidsgjevar å definere alle som ikkje takkar ja til eitkvart tilbod, som frivillig deltidstilsette.

– Vi vil gjerne bli samde om ein definisjon. Det må vere avgjerande om den tilsette sjølv meiner det er frivillig deltid eller ikkje, meiner Line Johnsen.

Ei hjartesak for ordføraren

Fagforbundet i Malvik er ikkje aleine i arbeidet for heile stillingar. Dei har formalisert samarbeid med Ap og SV, medan Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet har føretrekt eit uformelt samarbeid.

Etter valet i 2015 fekk dei ein entusiastisk ordførar med på laget.

– Eg er med i politikken for å få til endringar, seier Ingrid Aune (Ap).

– Heiltid er ei av mine hjartesaker. Det handler om god eldreomsoerg, tryggleik for dei tilsette og likestilling, seier den utypiske ordføraren.

Ho er 31 år og første kvinnelege ordføraren i Malvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

STILLINGSBANK: – Så ofte eg kan, trekker eg fram skjemaet frå stillingsbanken som syner kor mange som har fått auka stilling, fortel ordførar Ingrid Aune. Av og til etterlyser ho meir fart i arbeidet for heile stillingar.

STILLINGSBANK: – Så ofte eg kan, trekker eg fram skjemaet frå stillingsbanken som syner kor mange som har fått auka stilling, fortel ordførar Ingrid Aune. Av og til etterlyser ho meir fart i arbeidet for heile stillingar.

Lena Knutli

Alltid på dagsorden

Ordføraren seier heiltid er ei av dei tre høgst prioriterte sakene for Ap i Malvik.

– Heiltid står på dagsorden på alle møter der det er mogleg, og talet på møter i trepartssamarbeidet mellom tillitsvalde, politikarar og administrasjon er dobla, seier ho.

Etter at Ingrid Aune byrja som ordførar, arrangerte kommunen tre samlingar for heile leiinga i kommunen. Tema var sjukefråver, trepartssamarbeid og heiltidskultur.

– Politikarane i Malvik er no samde i målet om meir heiltid – mellom anna fordi det vil betre kvaliteten på tenestene, seier ho.

Stillingsbank for alle som vil arbeide meir

Da tillitsvalde og politikarar bestemte seg for å gå laus på deltidsuhyret, la dei hovuda i blaut. Resultatet vart ein stillingsbank der alle tilsette kunne leggje inn opplysningar om kor stor stilling dei hadde, og kor mykje dei ønskte å arbeide. Når kommunen lyser ut ei ny stilling, sjekkar personalavdelinga alltid om nokon i stillingsbanken passar.

Deltid i Malvik

Sidan arbeidet for heiltidskultur byrja i 2015, har 14 fått full stilling. Seks har fått auka stilling.

Framleis ønskjer 31 av dei nesten 900 tilsette auka eller full stilling. Dei fleste arbeider i pleie og omsorg, nokre i oppvekst og ein i teknisk.

Slik blir det meir heiltid

• Bruk av arbeidsmiljølova, § 14-4 som seier at hovudregelen er at tilsette har rett til ei stilling som svarer til det dei faktisk har jobba dei siste tolv månadene.

• Slår saman små stillingar.

• Stillingsbank med oversikt over kor mykje dei tilsette arbeider og kor mykje dei ønskjer å arbeide.

• Trepartssamarbeid: Fagforbundet i Malvik samarbeider med politikarane og administrasjonen for å nå felles mål. I mange andre kommunar er også Utdanningsforbundet og Sjukepleiarforbundet involverte.

• Tillitsvalde, politikarar og personalkontoret møtast ofte for å sjå på utviklinga og moglegheitene for å auke stillingsandelane.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy