JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

I denne kommunen løyser dei mangelen på sjukepleiarar med å vidareutdanne helsefagarbeidarane

HJARTESTARTAR: – Den einaste feilen du kan gjere med ein hjartestartar, er å ikkje bruke han, meiner instruktøren. Nina Mana forsikrar studentane om at instruksjonen som følgjer med, er superlett å følgje.

HJARTESTARTAR: – Den einaste feilen du kan gjere med ein hjartestartar, er å ikkje bruke han, meiner instruktøren. Nina Mana forsikrar studentane om at instruksjonen som følgjer med, er superlett å følgje.

Eivind Senneset

Ein dag i veka får dei fri frå jobben for å studere. – Når ikkje det er sjukepleiar på vakt, må me fungere som sjukepleiar, seier Janne Valland.

2022070709053520220707125029

karin.svendsen@fagbladet.no

Dei har eitt mål for denne skuledagen: Alle studentane skal kjenne seg tryggare dersom dei ser ein pasient med hjartestans.

Undervisningslokalet på rådhuset i Kvam i Vestland er fylt opp av hjartestartarar, livlause dokker og helsearbeidarar. I dag er det HLR, hjarte- og lungeredning, som står på timeplanen for studentane i Observasjons- og vurderingskompetanse i helsetenesta.

– Midt i blinken

Janna Valland var ferdig utdanna helsefagarbeidar i 2009 og arbeider i ein bustad for menneske med utviklingshemming. Ho tykkjer dette fagskule-tilbodet er midt i blinken.

– Dei fleste utdanningstilboda handlar om eldre, men dette passar også for oss som arbeider med yngre menneske, seier ho.

Janne er ein av heile 26 helsefagarbeidarar og assistentar frå kommunen som byrja på denne vidareutdanninga i januar. Anna kvar veke møtes dei anten på nett eller her.

Vil lære meir

Cisa Mohammed, med fast jobb i ein omsorgsbustad, tok fagbrev som helsefagarbeidar for ti år sidan og kjente at tida no var inne for fagleg påfyll.

– Denne utdanninga er svært nyttig. På grunn av låg sjukepleiardekning treng me meir kompetanse, seier han.

Av særskilt matnyttige tema frå fyrste del av utdanninga nemner han opplæring i bruk av kartleggingsverktøy og måling av blodtrykk.

Kollegaen Anette Fredheim har også arbeidd ti år i helsetenesta og ynskte å auke kompetansen.

– Hittil har eg nok hatt aller størst utbytte av denne dagen med HLR, seier ho.

{f1}

Ei stor satsing

Er det nokon som er glade for at så mange tilsette i helsetenesta ynskjer å lære meir, er det leiarane i pleie- og omsorg (PLO). Leiargruppa på sju er redd for at dei skal mangle sjukepleiarar framover. Det er ein grunn til at dei vil løfte andre tilsette slik at dei uansett er godt forsynte med kompetanse i framtida.

For som Janne Valland seier:

– Når ikkje det er sjukepleiar på vakt, må me fungere som sjukepleiar.

Ei av dei sju i leiargruppa las om denne fagskule-utdanninga i Fagbladet og foreslo at dei skulle prøve å få til eit slikt utdanningstilbod lokalt. Det var Fagskulen i Viken positive til så sant dei kunne samle minst 25 studentar. Akkurat det var dei lokale ikkje så sikre på at dei ville klare i kommunen med under 9.000 innbyggjarar. Alle gruppeleiarane fekk i oppgåve å finne gode kandidatar. Dei fann om lag 30 interesserte, og 26 vart med og fullførte fyrste modulen frå januar i år. Like mange vart med vidare til andre modulen frå april.

POPULÆRT: 26 tilsette vart med og fullførte fyrste modulen frå januar i år. Like mange vart med vidare til andre modulen frå april.

POPULÆRT: 26 tilsette vart med og fullførte fyrste modulen frå januar i år. Like mange vart med vidare til andre modulen frå april.

Eivind Senneset

Kommunen har søkt statsforvaltaren om kompetanse- og innovasjonstilskott, men veit enno ikkje om dei får dekt alle utgiftene. Likevel satsar PLO for fullt. Dei har både rådmann og ordførar med på laget. Og dei legg til rette slik at studentane har fri kvar tysdag for å vere med på undervisninga.

– For me treng denne kompetansen no og framover, seier Hilde Ystanes, leiar for Tenester til heimebuande i Kvam herad.

Leiargruppa håper også at kommunen blir meir attraktiv for helsepersonell når folk ser at her satsar dei på å byggje kompetanse.

Frå Viken til Vestland

Sidan januar 2022 har faglærar Hilde Lunde Bjørkeng pendla mellom Viken og Vestland anna kvar veke. Ho tykkjer det er interessant å undervise dei som er nærast pasienten i det daglege og som kjenner pasienten best.

– Dei har eit stort ansvar i det daglege, og med stort ansvar treng ein kompetanse, meiner ho.

Faglæraren seier at fagskulane følgjer behova til arbeidslivet.

VIKTIG: – Dei har eit stort ansvar i det daglege, og med stort ansvar treng ein kompetanse, meiner Hilde Lunde Bjørkeng.

VIKTIG: – Dei har eit stort ansvar i det daglege, og med stort ansvar treng ein kompetanse, meiner Hilde Lunde Bjørkeng.

Eivind Senneset

Fagskuleutdanninga tek vanlegvis to år, men i Kvam køyrer dei intensivt og skal vere ferdige med dei seks modulane etter halvanna år.

– Dei er tøffe som hiver seg på dette. Nokon har ikkje gått på skule på mange år. Nokon har arbeid lenge, medan andre er nytilsette, fortel faglæraren.

Hilde kjem alltid til Kvam når dei skal ha fysisk oppmøte. Av og til har ho støtte av andre. Denne gongen har ho til dømes med seg Ninela Manov som er sertifisert instruktør i HLR.

Observasjons- og vurderingskompetanse i helsetenesta

Denne fagskoleutdanninga går normalt over to år. Når utdanninga går som eit prosjekt, slik som i Kvam, kan studentane bruke halvanna år. Vidareutdanninga består av seks modular:

1. Observasjons- og vurderingskompetanse

2. Kronisk sjukdom

3. Demens

4. Smittevern og hygiene

5. Kvardagsrehabilitering

6. Velferdsteknologi

For å komme inn på studiet må du ha fagbrev i helsearbeidarfaget, ambulansearbeidarfaget eller aktivitørfaget. Du kan også komme inn viss du har studiekompetanse og autorisasjon som helsepersonell. Viss du har fylt 23 år, kan du også søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy