JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Werner Juvik

Lunch-teiknar Børge Lund

Kven er DU på jobben? Finn du deg sjølv her?

Bodil gjer så lite ho kan, Kjell tråkkar konstant i salaten utan å bry seg kva andre føler. Mellomleiar Thorsen strevar livet av seg for å halde skuta flytande. Jobbar du på kontor, er sjansen stor for at du kjenner deg igjen i Børge Lund si verd.

oystein.windstad@fagbladet.no

Kjedeleg på kontoret? Børge Lund meiner kontor er den beste arbeidsplassen på jord.

– Det er utruleg morosamt på kontor. Det er få jobbar du har så god tid til å treffe så mykje folk, gå i møter og stå ved kaffimaskina. Det er den beste arbeidsplassen som finst. Trygt, godt, reint, varmt og du har gratis kaffi, til og med frukt. Har du lyst på ein litt roleg dag kandu berre kalle inn til eit par møter, seier Lund.

{f1}

Før han blei far til teikneserien «Lunch» på heiltid, jobba han sjølv 12 år på kontor som industridesignar. Lund fortel han er raus med tullinga av folk på kontor:

– Det er gjort med kjærlighet. Eg sparkar ikkje berre opp eller ned – alle skal få sitt.

Suksess med kontorparodi

Den nyaste boka og teikneseriesamlinga heiter «Endringsglede». Omgrepet har funne vegen inn på norske kontor dei siste åra. Saman med endringsmotstand, endringsdyktighet, endringsvilje, endringsrom og endringstakt:

– Det har gått inflasjon i ord som har med endring å gjere, seier Lund, som fortel han spesialiserer seg på å finne det ufrivillige komiske på kontoret.

Frå 2007 til i dag har Lund bygd opp det som er ein av dei aller største teikneseriane i landet. Lunch-stripene blir publisert i land som Sverige, Danmark, Finland og Mexico. I haust blei Lunch til ein fjernsynsserie på TV2. Lund var med å velje ut skodespelarar under audition og sat i gruppa som jobba med manuset. Med tittel konseptualiserande manusforfattar.

Frå avis til skjerm

Vanlegvis bestemmer Lund alt når han sit og teiknar og skriv Lunch på kontoret sitt. Han valte å la andre kreative i teamet få spelerom i produksjonen av TV-serien:

– Eg syns det har vore utruleg bra det som har treft. Med TV-serie veit du ikkje korleis det blir før du er ferdig. Det er ein skummel prosess. Når den var ferdig, såg me at noko av det me har laga er fantastisk og sat som eit skot. Me oppdaga au at andre ting har me meir å gå på. Derfor vil me helst lage sesong 2. Eg er veldig nøgd med skodespelarane, fleire av karakterane har vore heilt utrulege, seier serieskaparen.

Lund møter Fagbladet til intervju rett etter han har heldt foredrag for Skatteetaten. I tillegg til teikninga reiser han ut til arbeidsplassar med foredrag. Teiknaren seier det er ein del klassiske karakterar og arketypar som går igjen over alt.

Han ramsar opp:

Den sjølvoppofrande mellomleiaren

Øystein Windstad

Lund har sett mange utgåver av han som har blitt Thorsen i Lunch:

– Du har slitaren som er mellomleiar. Han er oppriktig interessert i at dette skal gå bra. Og har ei skikkelighet i seg. Som kan få det så tøft at du lurer på om han kjem på jobb i heile tatt i morgon. Men, han kjem med ny giv. Han bryr seg om folk og at bedrifta skal gå. Det er den tause mellomleiarhelten. Som heller ikkje nødvendigvis har noko ønske om å kome høgare opp. Som var litt for flink før. Litt for fagleg flink og blei flytta opp eit hakk, fortel Lund.

Den flinke endar opp som mellomleiar, fordi det ikkje finst ei fagleg stilling. Han eller ho er best og mest ansvarleg, og løysinga er livet som mellomleiar. Men der blir du møtt med personalansvar, møter, prosessar, klaging og styr.

Kverulanten

Øystein Windstad

Karakteren som har fått namnet Kjell i serien. Han har lite energi til jobbing, men mykje til uvesentlege påfunn:

– Han har ein evne til å gå alltid litt på tvers, alltid tenkje litt for ærleg og seie litt for mykje av det han tenkjer. Er litt på tvers av alle prosessar heile vegen. Kanskje den litt eigne kverulanten som eigentleg ikkje bryr seg så mykje om han skal opp eller fram. Han trakkar i salaten og bryr seg eigentleg ikkje så mykje om det. Det går heilt greitt.

Sluttaren

Øystein Windstad

Denne karakteren har som motto «Could not care less», fortel Lund. I serien heiter ho Bodil:

– No har du fått noko som heiter «quiet quitting». Det er eit nytt omgrep som ein reaksjon etter å skulle streve for mykje. Dei går motsett veg og seier: «Eg gjer jobben min, men ikkje noko anna». På ein del arbeidsplassar har du folk som ikkje er så interessert i det dei driv med. Dei møter opp, fortel Lund.

Den sløve motvillige karakteren Bodil har også blitt ein publikumsfavoritt i TV-serien.

Øystein Windstad

Den «viktige» som skal bli sett

Arketypen som ikkje er så oppteken av innhaldet i det som skjer. I Lunch heiter ho Vanessa, men er ein karakter du finn i begge kjønn, seier Lund:

– Dette er ein person som er oppteken av at han eller ho er på ei scene. Han eller ho er veldig opptekne av å vise fram eigen aktivitet. At du er busy, at det skjer noko og at du er ein viktig person. Det er ein bli sett-person. Det er mykje armar og bein.

Lunch/Børge Lund

Ikkje endringsfokus

Øystein Windstad

Serieskaparen fortel at noko av det som driv han er å halde oppe det maskineriet han har skapt. Han leverer ei teikneseriestripe om dagen som blir samla til to bøker i året. Som får klingande titlar som «Den mailen har eg ikkje fått», «Godt forslag, men nei» eller «Kan vi ta det på måndag?»

– Eg brenn for å løyse mi eiga oppgåve og fortelje historier frå arbeidslivet. På ein måte der folk tenkjer «Korleis veit han dette? Her ser me oss sjølve.» Eg brenn for at Lunsj skal fortelje noko om samtida og måten me jobbar på. Korleis me oppfører mot kvarandre på jobb. Kven me er, kva me er opptekne av og kva leiinga er opptekne av. Kva er gjeldande buzzwords? seier han.

Og legg til:

{s1}

– Eg skal ikkje endra noko, men få folk til å tenkje seg om to gonger før dei lagar ein veldig dum Powerpoint. Om eg kan gå inn der og få folk til å tenkje «dette kunne blitt gjort narr av i Lunsj». Kan eg snike meg inn der, er eg nøgd.

Øystein Windstad

– Tenk på 6. klassen din

Gründeren og teikneserieskaparen har desse råda til kontortilsette:

– Du kan ikkje ta alt på alvor og må le litt av deg sjølv og systemet ein har skapt. Prøve å halde det flytande. Det må vere eit viktig råd, seier Lund.

Han ber deg om å tenkje på då du gjekk i sjetteklasse:

– Livet på kontor er som ein skuleklasse. Det er gjengen du gjekk med i sjetteklasse som også er ute i arbeidslivet. Det finst ingen andre menneske enn dei du gjekk i klasse med. Du må ta dette inn over deg vidare i livet. Tenke på kva du krev av livet. Me er ikkje alle ufeilbarlege einarar. Me er berre ein skuleklasse som prøver å få det til å rulle og gå.

Eg skal ikkje endra noko, men få folk til å tenkje seg om to gonger før dei lagar ein veldig dum Powerpoint.

Børge Lund, serieskapar

Børge Lund
og Lunch

• Født i 1973 og er frå Sauda.

• Har tegna serien Lunch sidan 2007.

• Utdanna industridesignar og har jobba som produktutviklar.

• I tillegg til tegning held Lund foredrag i offentleg sektor og næringslivet.

• Hausten blei Lunch til ein serie på 20 episodar på TV2.

• Stripene blir samla til to bøker i året.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy