JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kven talar kor 1. mai? Sjå oversikta her

Skjermdump

Arbeidaranes dag blir markert over heile Norge 1. mai. Her kan du sjå oversikta over kven som talar der du bur.

2018042508530020230821171436

tormod@lomedia.no

Mange talarar og appellantar skal i ilden når dei skal formidle fagrørslas kampsaker 1. mai. FriFagbevegelse.no har samla ei oversikt over kven som talar kor på arbeidaranes internasjonale kampdag.

Er det noko som manglar i oversikta? Send oss ei melding med namn på talarar/appellantar, tid, stad og arrangør til tormod@lomedia.no.

(Artikkelen held fram under kartet.)

Gjennom LOs distriktskontor har FriFagbevegelse.no fått namn på talarar og appellantar, samt tid og stad for arrangementet, frå LOs lokalavdelingar. Nokre av distriktskontora har vist til Arbeidarpartiet. Kontakt oss gjerne om du veit om eller arrangerer ei markering 1. mai.

Dette blir kampsakene 1. mai – og her er LO-ledelsens reiseplaner for dagen

Austfold

Fredrikstad: Hovudtalar er LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen, og Bjørnar Moxnes, nestleiar i Raudt.

Halden: Hovudtalar er Trude Tinnlund, LO-sekretær.

Moss: Hovudtalar er Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt.

Sarpsborg: Også her er Hans-Christian Gabrielsen hovudtalar.

Akershus

Lillestrøm: Appellantar på Torvet er Iren Bekkevold Berg, leiar i LO Nedre Romerike; Jørgen Vik, leiar i Lillestrøm Arbeidarparti og Knut Øygard, forbundssekretær i Fellesforbundet. Du høyrer dei frå klokka 13.00.

Hovudtalar på Rådhuset er Tonje Brenna, gruppeleiar for Akershus Arbeidarparti. Appellantar er Nicholas Wilkinson, Stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti; Silje Kjosbakken, nestleiar i Raudt og Anna og Emma (10 år), frå Framfylkingen. Dei kan du høyre frå klokka 14.10.

Oslo

Talarar er Hans-Christian Gabrielsen, LO-leiar; Raymond Johansen, byrådsleiar for Arbeidarpartiet; Linn Herning, leiar i For Velferdsstaten og Giorgos Archontopoulos, leiar i Water Workers Union, Thessaloniki i Hellas.

Du høyrer dei på Youngstorget frå klokka 11.55, før demonstrasjonstoget.

Hedmark

Eidskog: Hovudtalar er Helene Harsvik Skeibrok, regionleiar i Fagforbundet Hedmark.

Elverum: Hovudtalar er Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeidarpartiet.

Hamar: Hovudtalar er også her Jonas Gahr Støre. Du kan høyre han på Stortorget etter toget klokka 14.00. Får du ikkje nok av han, er Ap-leiaren også på eit arrangement i Trysil og på Tangen denne dagen.

Kongsvinger: Hovudtalar er Anette Trettebergstuen, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Ringsaker: Hovudtalar er biskop Solveig Fiske. Du kan høyre ho i Moelv frå klokka 12.30.

Oppland

Lillehammer: Hovudtalar er Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO. Du høyrer klokka 14.50.

Hundorp/Sør-Fron: Hovudtalar er også her Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO. Du høyrer ho klokka 12.45.

Fåvang/Ringebu: Hovudtalar er Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO. Du høyrer ho frå klokka 10.30.

Nord Fron: Hovudtalar er Tore Hagebakken, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Vågå: Hovudtalar er Even Aleksander Hagen, frå Arbeidarpartiet.

Søndre Land: Hovudtalar er Svend Morten Voldsrud, frå Fagforbundet Oppland.

Vestre Toten: Hovudtalar er Rune Støstad, frå Arbeidarpartiet.

Østre Toten: Hovudtalar er Rigmor Aasrud, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Jevnaker: Hovudtalar er Hilde Holtesmoe, frå Arbeidarpartiet.

Gran: Hovudtalar er Else Randi Kolby, frå Fagforbundet Oppland

Sør-Aurdal: Hovudtalar er Anne Marte Kolbjørnshus, frå Arbeidarpartiet.

Etnedal: Hovudtalar er Espen Johnsen, frå Arbeidarpartiet.

Øyer: Hovudtalar er Ingrid Tønseth Myhr, frå Arbeidarpartiet.

Lunner: Hovudtalar er Rune Støstad, frå Arbeidarpartiet.

Vestre Slidre: Hovudtalar er Anne Thoresen, frå Arbeidarpartiet.

Nord Aurdal: Hovudtalar er Snorre Wikstrøm, frå Arbeidarpartiet.

Skjåk: Hovudtalar er Trine Adde Hansebakken, frå Arbeidarpartiet.

Gjøvik-Snertingdal: Hovudtalar er Tom Svellet, frå Arbeidarpartiet.

Sel: Hovudtalar er Iver Erling Støen, distriktssekretær i LO.

Nordre Land: Hovudtalar er Jan Halvor Vaag Endrerud, frå Arbeidarpartiet.

Dovre: Hovudtalar er Hans Oddvar Høystad, frå Arbeidarpartiet.

Lesja: Hovudtalar er Hans Odvar Høystad, frå Arbeidarpartiet.

Gausdal: Hovudtalar er Ingunn Trosholmen, frå Arbeidarpartiet.

Buskerud

Drammen: Hovudtalar er Roger Heimli, andre nestleiar i LO.

Vestfold

Holmestrand: Hovudtalar er Mette Nord, leiar i Fagforbundet.

Sandefjord: Også her er Mette Nord hovudtalar.

Tønsberg: Hovudtalar er også her Fagforbundet-leiaren.

Porsgrunn: Hovudtalar er Audun Lysbakken, leiar i Sosialistisk Venstreparti.

Skien: Også her er SV-leiaren hovudtalar.

Telemark

Porsgrunn og Skien: Hovudtalar er Audun Lysbakken, leiar i Sosialistisk Venstreparti.

Drangedal: Hovudtalar er Jone Blikra, ordførar i Kragerø for Arbeidarpartiet.

Notodden: Hovudtalar er Finn Erik Thoresen, tidlegare styreleiar i Norsk Folkehjelp.

Kragerø: Hovudtalar er Mina Finstad Berg, frå Sosialistisk Venstreparti.

Fyresdal: Hovudtalar er Odin Adelsten Bohmann, fylkessekretær i Arbeidarpartiet.

Rjukan: Hovudtalar er Trond Jore, Arbeidarpartiet og Heming Olaussen, landsstyremedlem i Sosialistisk Venstreparti.

Vemork: Hovudtalar er Alexander Lien, frå LO Telemark.

Ulefoss og Lunde: Hovudtalar er Nikolai Sti Ravlum, leiar i AUF i Telemark.

Tokke: Hovudtalar er Hedda Foss Five, ordførar i Skien for Arbeidarpartiet.

Kviteseid: Hovudtalar er Kristoffer Stenbakk, nestleiar i AUF i Telemark.

Nissedal: Hovudtalar er Lise Wiik, vara til Stortinget for Arbeidarpartiet.

Bø: Hovudtalar er Terje Aasland, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Bamble: Hovudtalar er Tobias Drevland Lund, leiar i Raud Ungdom og Elisabeth Holien, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Siljan: Hovudtalar er Tone Berge Hansen, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Telemark Fylkesting.

Skotfoss: Hovudtalar er Lene Vågslid, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Klosterskogen: Hovudtalar er Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar i Nome for Arbeidarpartiet.

Gjerpen: Hovudtalar er Sven Tore Løskslid, fylkesordførar for Arbeidarpartiet.

Herøya og Heistad: Hovudtalar er Robin Kåss, ordfører i Porsgrunn for Arbeidarpartiet.

Vest-Agder

Flekkefjord: Hovudtalar er Are Tomasgard, LO-sekretær.

Farsund: Hovudtalar er Are Tomasgard, LO-sekretær.

Rogaland

Stavanger: Hovudtalar er Kirsti Bergstø, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti.

Haugesund/Sauda: Hovudtalar er Jan Olav Andersen, leiar i EL og IT Forbundet.

Gjesdal: Hovudtalar er Eirin Sund, distriktssekretær i LO i Rogaland.

Sandnes: Hovudtalar er Stanlei Wirak, leiar i Rogaland Arbeidarparti.

Bryne: Hovudtalar er Trond Helland, leiar i Fagforbundet Rogaland.

Sola: Hovudtalar er Marianne Chesak, fylkesvaraordførar i Rogaland for Arbeidarpartiet.

Hordaland

Bergen: Hovudtalar er Jørn Eggum, leiar i Fellesforbundet og Henriette Westhrin, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.

Du kan høyre dei på Torgallmenningen før toget, klokka 15.00. Det er også ei rekke appellar under bekransingane frå klokka 10.00.

Stord/Fitjar: Hovudtalar er Sara Bell, frå Sosialistisk Venstreparti. Appellantar er Gaute Espeland, frå Arbeidarpartiet; Einar Steinkoph, frå Rødt og ungdomsappellant er Ulvar Akselsen, frå AUF.

Litlabø: Hovudtalar er Frode Rekve.

Bømlo: Også her er hovudtalar Sara Bell, frå Sosialistisk Venstreparti.

Husnes/Kvinnherad: Hovudtalar er Jette F. Christensen, Stortingsrepresentant og nestleiar i Hordaland Arbeidarparti.

Appellantar er Truls Hansen, rådgjevar ved samfunnsområdet i Fagforbundet; Tormod Vårdal, leiar i Kvinnherad AUF; Eirik Wichstad, nestleiar i Raud Ungdom og Ørjan Normann, leiar i Husnes Kjemiske Fagforening.

Du høyrer dei i og rundt Lindeplassen frå klokka 12.00 til 15.00.

Odda: Hovudtalar er Frode Alfheim, forbundsleiar i Industri Energi. Ungdomsappellant er Rameen Sheikh, nestleiar i Raud Ungdom. Terje Kollbotn, leiar i LO i Indre Hardanger, held sjukehusappell. Det blir også internasjonal appell frå Syria. Du høyrer dei frå 12.00.

Trøndelag

Trondheim: Hovudtalar er Jane B. Sæthre, forbundsleiar i Norsk Jernbaneforbund. Appellantar er Marit Heldal, høgskolelektor ved Dronning Mauds Minne og Maika Øien Dalen, Trondheim Framlag. Du høyrer dei frå klokka 14.00, etter toget.

Verdal: Hovudtalar er Trond Giske, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Støre til Odvar Nordlis hjemsted 1. mai

Nordland

Bodø: Hovudtalar er Rita Lekang, distriktssekretær for LO i Nordland. Appellantar er Ida Pinnerød, ordførar i Bodø for Arbeidarpartiet; Synne Høyforslett Bjørbæk, varaordførar i Bodø (Raudt); Øystein Grønning, nestleiar i Palestinakomiteen og Kirsten Springer Hasvoll, frå Norsk Folkehjelp. Du høyrer dei på Folkets hus frå klokka 13.00.

Sulitjelma: Hovudtalar er Jan Davisen, leiar i Pensjonistforbundet og tidlegare Fagforbundet-leiar.

Mosjøen: Hovudtalar er Martin Kolberg, frå Arbeidarpartiet. Appellantar er Eystein Garberg, frå Elektroarbeidernes Fagforening Trøndelag og Anniken Gurijordet, frå Sosialistisk Venstreparti. Ungdomsappellant er Isak Kvandal, frå Vefsn ungdomsråd. Du høyrer dei på Torget frå klokka 15.00.

Mo i Rana: Hovudtalarar er Martin Kolberg, Arbeidarpartiet og Andrea Sjøvold, leiar i Sosialistisk Ungdom (SU). Det blir også ungdomsappellar frå AUF, SU og Raud Ungdom. Du høyrer dei i samfunnshuset frå klokka 13.00.

Lødingen: Hovudtalar er Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet.

Narvik: Hovudtalar er Snorre Valen, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti.

Troms

Harstad: Hovudtalar er Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet og Andreas Ytterstad. Appellantar er Merethe Sætran, frå Norsk Folkehjelp Harstad; Aurora Bårdsen Nielsen, frå Harstad Miljøpartiet dei Grøne og Dan Terje Nytrem, frå Harstad Sosialistisk Venstreparti. Den internasjonale appellen blir halden av Amir Hazrati. Ungdomsappellant er Louise M. Gustafsson, frå Harstad AUF. Du kan høyre dei i Grandsalen frå klokka 12.00.

Kvæfjord: Også her er Ap-nestleiar Tajik hovudtalar.

Finnsnes/Lenvik: Hovudtalar er Terje Olsson, LO-sekretær. Appellantar er Willy Ørnebakk, fylkesrådsleiar i Troms for Arbeidarpartiet; Torgeir Knag Fylkesnes, Stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti og Oscar Nergård, frå Midt-Troms Sosialistisk Ungdom. Du høyrer dei i Lenvik Rådhus etter toget, frå klokka 12.55.

Svalbard: Christopher Beckham, andre nestleiar i Handel og Kontor, tar turen til Svalbard 1. mai.

Finnmark

Hammerfest: Hovudtalar er Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet.

Porsanger: Også her er partisekretæren i Arbeidarpartiet hovudtalar.

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy