JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Heimekontor

Kvinna skada seg på veg frå heimekontoret til jobbmøte. No får Høgsterett saka

GLATT: Å skli på veg til bilen kan vera farleg i seg sjølv.

GLATT: Å skli på veg til bilen kan vera farleg i seg sjølv.

Colourbox

Kvinna falt og skada handleddet på veg frå heimekontor til eit jobbmøte. Saka hennar kan avgjere kva yrkesskadeerstatning alle på heimekontor kan få. 

2023041410392020230414103921

 – Det er ei svært viktig prinsipiell sak for å få avklart skadedekning i samband med heimekontor, seier LO-advokat Fredrik Wildhagen, som er advokaten til kvinna.

Vinteren 2018 var kvinna på veg mot bilen og eit møte i Alta. Ho starta dagen på heimekontor, sklei og skada seg slik at ho måtte operere handleddet. Nyleg kom lagmannsretten til at ho ikkje skulle få yrkesskadeerstatning. To av tre dommarar meinte at om ho etter eige ønske var på heimekontor, er ikkje arbeidsgjevar ansvarleg for å dekke skadar som skjer på reise til eller frå heimekontor.

Fleirtalet i lagmannsretten meiner at det må vere nødvendig heimekontor om ulykka skal bli rekna som yrkesskade.

Wildhagen stadfestar at kvinna nyleg har bestemt seg for å anke saka.

Høgsterett kan avgjere

Kvinna er i arbeid no, men kan få langtidsskadar som vil gje redusert arbeidsevne. Wildhagen meiner rettssaka kan ha stor betydning for andre.

Noko av regelverket for heimekontor er betre etter pandemien, anslår Wildhagen, men ikkje alt.

– Det har kome ei viss betring med forskriftsregulering med krav til HMS på heimekontor. Kva gjeld yrkesskadedekning, er det klare manglar. Utviklinga har stagnert.

Wildhagen meiner politikarane og rettssystemet peikar på kvarandre for avklaring.

 

Etterlyser sikringsnett

Trond Finstad, leiar for Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet, støttar anka.

– Heimekontorbruken er aukande, og svært mange av medlemmane våre har avtalar om heimekontor. Det er ei utvikling som er ønskt av mange arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, og som har fleire fordelar. Men heimekontorordninga fungerer ikkje utan at tilsette veit at dei er trygge på jobb. Og at dei får hjelp om dei skader seg, seier Finstad.

Han etterlyser politisk handling om kvinna ikkje vinn fram.

– Det kan ikkje vere slik at kvar enkelt arbeidstakar står åleine berre fordi dei utfører oppgåvene sine utanfor huset sine fire vegger.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy