Kyrkja storeigar i barnehagar

Bergen kirkelege fellesråd byggjer storkonsern, og vil ta ut overskot.

STORSATSING: Kyrkja i Bergen har gjort store, lånefinansierte investeringar for å vekse i barnehagemarknaden.
STORSATSING: Kyrkja i Bergen har gjort store, lånefinansierte investeringar for å vekse i barnehagemarknaden.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

KNUT A. NYGAARD

knut.nygaard@fagbladet.no

Samstundes som Bergen kirkelege fellesråd etablerar seg som ein gigant i den private barnahagemarknaden, får dei tilsette no dårlegare pensjonordningar. Målet for kyrkja er å kunne ta utbytte frå barnehagane, ifølgje avisa Klassekampen.

Det kirkelege fellesrådet i Bergen (BKF) har gjennom tid arbeida for å vekse i marknaden, og har mellom anna tatt opp lån på 420 millionar kroner for å finansiere oppkjøp og nybygg. I dag har BKF 1500 barnehageplassar, fordelt på 20 barnehagar.

Statssøtte

På inntektssida kan kyrkja notere seg for 200 millionar kroner i 2014. Dette er pengar i form av statsstøtte.

Til Klassekampen seier fungerande kyrkjeverge i Bergen, Bjørg Sveinall Øgaard, at eit eventuel overskot dei neste åra skal gå til å byggje eigenkapital. Men på sikt er planen å ta ut overskot, og å bruke det på andre kyrkjelege aktivitetar.

– Når investeringa er såpass stor, er det ei forventning om at eigar skal få noko avkastning på investert kapital, seier ho.

Videre seier ho at BKF ikkje har planar om å selgje barnehagane. BKF er i ferd med å skipa eit konsern til drift av barnehagane - Akasia Holding AS.

Endrar pensjonsvilkåra

Som ein profesjonell eigar, jaktar også BKF på innsparingar, og planen er no å endre pensjonsvilkåra til dei tilsette. Utdanningsforbundet, som organiserar mange av dei tilsette, er ikkje begeistra for dette.

Øgaad på si side seier at BKF ikke har råd til å halde fram med den offentlege tenestepensjonen, og ønskjer ein inskotsbasert løysing i staden.

– Vi har lagt oss på ei relativt god innskotsbasert løysing, seier ho.

Åtvaringar

Frå politikarhald i Bergen kjem det åtvaringer til BKF. Leiar for Oppvekstkomiteen, Pål Hafstad Thoresen, har lite til overs for planane om å tene pengar på barnehage.

– Dei bør vakta seg for å hente ut foreldrebetaling og ofentleg støtte i utbytte, seier han til venstresidas dagsavis.

– Dette er barnhagebarna sine pengar, og skal ikkje vera penger til andre formål. Eg vil åtvare kyrkja om at dei bør endre strategi på dette området, seier Thoresen.

Powered by Labrador CMS