Må eg skatte av gåver eg får i jobben? Her er reglane

Nokre får ei gullklokke frå sjefen når dei har jobba lenge i bedrifta. Er den dyr nok, må du skatte av den.

Nokre får ei gullklokke frå sjefen når dei har jobba lenge i bedrifta. Er den dyr nok, må du skatte av den.

Colourbox

Har du fått ei julegåve, bursdagsgåve eller kanskje ei gullklokke etter lang og tru teneste i jobben? Sjekk skattereglane her.

2019073108260020190801102258

tormod@lomedia.no

Frå 1. januar trådde ei rekke nye skattereglar i kraft for gåver du får frå arbeidsgivaren din.

Hovudregelen i skattelova er framleis at du skal betale skatt av gåver frå arbeidsgivar.

– Det vil i praksis seie at alle fordelar der årsaka er arbeidsforholdet, skal skattleggast som lønn, skriv advokat og rådgivar Per-Ole Hegdahl i Skattebetalerforeininga i ein e-post til FriFagbevegelse.

p

Det same gjeld gåver til barna eller ektefellen din. Verdien som ligg til grunn for skattlegginga, er det varen eller tenesta ville kosta deg på tidspunktet du fekk gåva.

– Denne hovudregelen er både viktig og riktig. Det ville vore sterkt urimeleg om arbeidstakarar kunne velje å motta varar eller tenester i bytte mot arbeidsinnsatsen sin i staden for lønn, og på den måten unngå å betale skatt.

Skattefrie unntak

Det finst likevel ei rekke unntak der gåvene er skattefrie.

FriFagbevegelse har gått gjennom reglane lengre ned i saka.

– Desse unntaksreglane er primært innført for at regelverket ikkje skal bli for finmaska og komplisert, forklarer Hegdahl.

Han peikar på at det ville bli dyrt dersom ein måtte skatte av ei notisblokk ein får av arbeidsgivar og bruker privat, ikkje fordi prisen er vanskeleg å finne eller varen spesielt dyr, men fordi arbeidet med å trekke skatt ville vore langt større enn fordelen arbeidstakaren får.

Saka held fram under bildet.

Per-Ole Hegdahl er advokat og rådgivar i Skattebetalerforeininga.

Per-Ole Hegdahl er advokat og rådgivar i Skattebetalerforeininga.

Skattebetalerforeningen

– Regelverket for gåver i samband med arbeidsforhold er detaljert og omfattande. Her gjeld det å ikkje tråkke feil. Vårt råd til arbeidsgivarar, er å ha klare rutiner for kva ein kan ta imot i gåver og når, opplyser Hegdahl.

– Skal ein gi gåver til tilsette utover det som regelverket opnar for at ein gir skattefritt, må ein også tenke på skatten som gåva vil utløyse. I motsett fall, kan gåva bli dyr å motta ved at den både utløysar skatt og i verste fall også tilleggsskatt populært kalla straffeskatt, åtvarar skatterådgivaren.

p

Endringar frå i fjor

Nytt av året er blant anna at arbeidsgivar har ansvar for å trekke skatt av gåver frå tredjepartar. I tillegg er det fleire endringar for tidspunkta for når ein får skattefrie gåver.

I fjor kunne du få ei skattefri gåve etter 25 år i bedrifta og ei gullklokke til ein verdi av 12.000 kroner. No er regelen 20 år, og den skattefrie verdien er lik for alle typar gåver.

Du kan ikkje lenger få skattefrie gåver under bedriftsjubileum som kan delast på 50, men du kan derimot få 1000 kroner meir under bedriftsjubileum som kan delast på 25.

For skattefrie gåver i samband med giftemål, er også grensa heva med 1000 kroner. Det same er den skattefrie grensa for gåver i samband med bursdag. Du kan derimot ikkje lenger få ei skattefri gåve når du fyller 75 år.

Også gåver du får når du går av med pensjon eller sluttar etter minst ti år i bedrifta, kan koste 1000 kroner meir. Du kan derimot ikkje lenger få ei skattefri gåve for gode forslag i jobben, slik ein kunne tidlegare.

Desse gåvene og tilskota du får i jobben er skattefrie:

Gåve ved lang tenestetid

Dersom du får ei gåve for minst 20 års arbeid i bedrifta, er den skattefri dersom den kostar inntil 8000 kroner. Deretter må det gå periodar på ti år før denne typen gåver er skattefrie opp til same verdi.

Dersom gåva er verdt meir, må du skatte av det overskytande beløpet som lønn. Eit vilkår er dessutan at ordninga er generell og gjeld alle i bedrifta.

Slike gåver kan også vere skattefrie dersom du har jobba innanfor same konsern med same arbeidsoppgåver.

Jubileums- eller merksemdsgåver

Såkalla jubileums- eller merksemdsgåver, som ikkje er pengebeløp, er skattefrie dersom dei har ein verdi inntil 4000 kroner per år. Denne beløpsgrensa gjeld samla for både gåver frå arbeidsgivar og tredjepartar som for eksempel kundar. Dersom ein har fleire arbeidsforhold, gjeld beløpsgrensa for kvart arbeidsforhold.

Ein kan få slike gåver når: bedrifta har eksistert i 25 år eller eit tal år som kan delast med 25; du giftar deg; du fyller 50 år og deretter kvart tiande år; eller når du går av med pensjon eller sluttar av ein annan grunn etter minst ti år i bedrifta.

Gåvene må vere ein del av ei generell ordning i bedrifta dersom du får dei frå arbeidsgivar, men ikkje om du får dei frå ein tredjepart.

Gåver med mindre verdi

Gåver som julegåver, sommargåver og gåvekort er skattefrie dersom verdien ikkje er større enn 2000 kroner i løpet av året. Grensa gjeld samla for gåver frå arbeidsgivar og tredjepart. Overskytande beløp skal skattleggast som lønn og ordninga må vere generell.

p

Eit unntak gjeld for såkalla merksemdsgåver av bagatellmessig verdi. Dette kan for eksempel vere blomstrar, konfekt eller rimelege vinflaskar. Dei er skattefrie uansett om ein er over grensa for den årlege verdien av gåver.

Personalrabatt

Personalrabatt på varer og tenester er skattefri opp til 8000 kroner per år. Det overskytande beløpet skal skattleggast som lønn. Grensa gjeld per arbeidsforhold.

Reglane gjeld varer og tenester som blir solgt i bedrifta di eller ei bedrift i same konsern. Unntaket er rabatt på persontransport, der endringane er utsette til 2020 og heile fordelen framleis skattefri.

Får du eit rimeleg lån frå eller formidla av arbeidsgivar er fordelen skattepliktig dersom renta er lågare enn vanleg rentesats fastsett av Skattedirektoratet. Det finst likevel unntak dersom lånet er lite og tilbakebetalingstida kort.

Andre gåver

Prispengar er skattepliktig dersom du har vunne dei som eit resultat av jobben din, men det finst ei rekke unntak.

Dersom du får billege eller gratis aksjar frå arbeidsgivar, er dei skattepliktige. Unntaket er om du får dei som gåve etter reglane ovanfor.

Ein kan få såkalla takknemlegheitsgåver opp til ein verdi av 500 kroner for såkalla arbeidsprestasjonar, dersom du får dei frå andre enn eigen arbeidsgivar. Dette kan for eksempel gjelde sjølvstendig næringsdrivande.

Dersom du får gåver som er indirekte knytta til arbeidsforholdet ditt, frå for eksempel ein kunde, er dette skattepliktig. Ein kan derimot motta såkalla merksemdsgåver av mindre verdi skattefritt.

Tipsen blant anna servitørar og drosjesjåførar får i jobben, er skattepliktig inntekt etter dei nye reglane. Arbeidsgivar må innrapportere, trekke skatt og betale arbeidsgivaravgift av tipsen.

Dersom du gjennom frivilleg arbeid får gåver, som naturalytingar eller pengar, i staden for lønn, reknast det likevel som skattepliktig lønn. Unntaket er når du får gåver eller pengar frå nær familie.

Frå fagforeininga

Bidrag under streik eller lockout er skattefritt. Utbetaling av streikefondsmidlar til medlemmer som går av med pensjon er også skattefrie så lenge dei ikkje er større enn medlemmet sine innbetalingar.

p

Dersom fagforeininga di dekker tapt arbeidsforteneste når du driv med organisasjonsarbeid, skal du skatte av dette som lønn.

Dersom arbeidsgivar dekkar utgifter til fagforeiningsarbeid, er dette derimot skattefritt. Dette kan vere kontor, reiser og opphald i samband med kurs og møte.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy