JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nav

«Mona» jobbar i Nav – sjølv er ho avhengig av sosialhjelp

Kvinna er både Nav-ansatt og Nav-klient

Selv med full lønn får ikke den Nav-ansatte kvinnen endene til å møtes.

Selv med full lønn får ikke den Nav-ansatte kvinnen endene til å møtes.

Colourbox.com

Ho har fast full jobb der ho hjelper folk med dårleg råd. No har det blitt så dyrt å leve at Nav-tilsette «Mona» sjølv må få sosialhjelp.

2023010911105520230113160348

oystein.windstad@fagbladet.no

Fagbladet presiserer: Saken ble oppdatert 11. januar for å presisere noen spørsmål rundt «Monas» økonomi og muligheter til å motta støtte.

Kvinna er åleineforsørgjar for tre barn og bur ein stad i Oslo. I haust hende det noko ho aldri trudde kunne skje:

– I oktober søkte eg sosialhjelp for første gong.


Eg grein fleire gongar på jobben. Det var null kroner på kontoen min. Korfor skulle det ta fire veker til saka blei behandla? Eg følte meg veldig lita etter dette. Kvar ettermiddag jobba eg ekstra for å overleve. Berre for å unngå å måtte søke sosialhjelp, fortel «Mona», som har ei brutto årsløn på rundt 500.000 kr.

Ho ønsker å fortelje historia si om kor vanskeleg det no har blitt for ho og mange andre. Samtidig ønsker «Mona» å vere anonym, ettersom ho fortel om sin private økonomi.

Etterlyser ny ordning for dei som jobbar

«Mona» er kritisk til at ho som jobbar fulltid og no treng hjelp, må igjennom det same kontrollsystemet som dei som ikkje jobbar:

– Tenk deg at du vaknar, går på jobb, gjer det du skal og betalar skatt. Så kontaktar du Nav for støtte og må levere tre månader med kontoutskrift, husleiekontrakt, stadfesting frå skule og lønnsslippar, seier «Mona».

Fagforbundet-medlemmen meiner politikarane må finne eit nytt system for dei som er i full jobb, men som ikkje får pengane til å strekke til grunna prisveksten:

– Dei treng ei anna ordning enn sosialhjelp. Ein anna yting der det er kort veg å søke. Det må vere ein annan veg for dei som jobbar fullt, eller har varige ytingar og som manglar dei fire til fem tusen i livssituasjonen no. Kva med skattereduksjon eller auke i statleg bustøtte, spør Mona?

Ho fortel vidare at det er vanskeleg å klage på eit vedtak som tilset i Nav. Medan det er ein del andre som tek sakene sine til media. "Mona" understrekjar at ho ikkje ønskar noko særbehandling. Oslo-kvinna ønskar forandring slik at ho og andre som jobbar fulltid med vanleg eller låg løn, eller dei som mottek trygdeytingar, slepp å gå via Nav for å ha nok til å forsørge seg sjølv og familien.

Om prisvekst: – Dette går ikkje

«Mona» seier at dei auka prisane for bustad, mat og straum gjer at det ikkje er mogleg å klare seg for dei som har under snittet i løn.

– Kva tenkjer du om at folk med ein vanleg jobb må søke om sosialhjelp?

– Det har blitt verkelegheita. Om du tener 450.000 kr i året, har du rundt 30.000 utbetalt i månaden. Husleiga er på 18.000, eksempelvis. Etter det kjem straumrekninga på 3–4000 kr. Du har tre barn. To av dei driv med fotball eller basket. Då går det med ein tusenlapp eller to. Når du ser på desse tala, seier det seg sjølv at det ikkje går.

Sjokkert av reknestykke

Ein del av arbeidet til «Mona» er å hjelpe folk som har kome i ein vanskeleg livssituasjon. Sjølv har ho teke utdanning og brukt mykje tid og energi på å skaffe seg ein jobb. Etter å ha granska tal og støtteordningar til dei som er i same livssituasjon, blei ho sjokkert av det ho fann:

– Dei som får sosialhjelp, har betre økonomi enn den som jobbar. Dei veiledande sosialhjelpsnormene i Oslo ligg over det mange hushald har i løn sjølv med full jobb. Det er røynda.

Reknestykka i denne saken er dels generaliserte, basert på satsane til Oslo kommune. Fagbladet har sett vedtaksbrevet «Mona» har frå kommunen. Reknestykket som vert presentert her, avspeglar kjernen i vedtaket, men av anonymiseringsomsyn har vi utelate nokre detaljar. I tillegg til supplerande sosialhjelp har «Mona» blant anna fått støtte til tannhelseutgifter og strømrekning i perioden.

«Mona» får barnetrygd som einsleg forsørgjar etter gjeldande satsar, men Oslo kommune er blant kommunane som ikkje rekner barnetrygd som inntekt når sosialhjelp skal reknast ut. I perioden Fagbladet har sett vedtak for, hadde «Mona» for høg inntekt til å få statleg bustøtte.

André Martinsen

Mistar gnisten

«Mona» fortel at ho mistar gnisten til å gå på jobb når ho veit ho ville fått like mykje med å vere heime:

– Eg tenker at dette er rart og går ikkje. Eg får ikkje noko energi om morgonen til å vakne og gå på jobb når det er slik. Den følelsen å kjenne at du gruar deg til å tenkje på kva eg skal ha til middag i dag. Det skjer at eg sit på kontoret og tenkjer på kva billig mat skal eg greie å få tak i, for å lage mat til familien. Eller eg fryktar at ein av ungane skal kome å fortelje at dei har mista ei jakke, seier Fagforbundet-medlemmen.

Ho etterlyser politisk handling:

– Om du snakkar om at folk skal vere i arbeid, må ein unngå at dei som jobbar, må søke sosialhjelp. Det kan ikkje vere slik at du er ein sosialklient og samtidig er tilsett hundre prosent i Oslo kommune.

Sosialhjelp skal vere ei midlertidig overgangsordning.

Frustrerte tillitsvalde

Inne på Nav Sagene sit Janne Håkonsen som er sosialkonsulent og tillitsvald i Fagforbundet. Ho har sett på tala til «Mona» og etterlyser systemforandring:

– Eg tenkjer at vi mistar litt av det insentivet det skal vere å kome seg i jobb. Når du har stått på, teke utdanning og fått jobb, og så kjem du framleis ikkje ut av sosialtenesta. Fordi løna ikkje er nok til å vere sjølvhjelpen, seier Håkonsen.

– Eg tenkjer at vi mistar litt av det insentivet det skal vere å kome seg i jobb, sier Janne Håkonsen.

– Eg tenkjer at vi mistar litt av det insentivet det skal vere å kome seg i jobb, sier Janne Håkonsen.

Øystein Windstad

Håkonsen, som er med i Faggruppe Nav i Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet, er ein av fleire tillitsvalde i Nav Fagbladet har hatt bakgrunnssamtalar med og intervjua.

Fleire av dei trekkjer fram at no som det meste har blitt dyrare, får dei som jobbar i Nav mykje kritikk i media frå politikarar. Samtidig er det politikarar som har vedteke Nav-systemet og kor mykje folk skal få i støtte. Dei tillitsvalde etterlyser gjennomtenkte ordningar som står seg over tid. Det inneber blant anna varige tiltak som gjer noko med boligmarknaden og straumprisen.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy