Koronakrisa:
NHO permitterer tilsette. Reiselivet sin organisasjon er hardast ramma
HARDT RAMMA: Reiselivet, hotell og restaurantar, er hardt ramma av koronakrisa. I påska måtte også NHO Reiseliv, leia av Kristin Krohn Devold, permittere tilsette.
Terje Pedersen / NTB scanpix
Sju av ti tilsette i NHO Reiseliv er permittert.
tormod@lomedia.no
Koronakrisa har ført til stengde bedrifter og massepermitteringar. Det rammar også NHO som organiserer mange av dei kriseramma bedriftene.
Hovudorganisasjonen og tre av landsforeiningane deira har permittert tilsette, ifølge ei oversikt Magasinet for fagorganiserte har henta inn frå NHO og landsforeiningane.
• Les alle Fagbladets korona-saker her
Reiseliv hardast ramma
Hardast ramma er NHO Reiseliv. Over halvparten av medlemsbedriftene deira er stengde og manglar pengar til å betale rekningar.
Landsforeininga vil ikkje opplyse om talet permitterte tilsette, men stadfestar at omtrent 70 prosent er heilt eller delvis permittert. NHO Reiseliv hadde 50 tilsette i februar.
– Organisasjonen beheld høg beredskap og personell knytt til arbeidet med krisetiltak mot styresmaktene og hjelp til medlemsbedriftene, skriv kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i ein e-post til Magasinet.
Blant dei andre landsforeiningane er tre tilsette permittert i NHO Service og Handel, mens åtte permitterte i Norsk Industri var tilbake på jobb måndag.
{f1}
Følger opp medlemmer
– Felles for desse permitteringane er at dei ikkje rører ved kjerneoppgåvene våre, skriv kommunikasjonsdirektør i NHO, Peter Markovski, i ein e-post til Magasinet.
– For eksempel er ikkje medlemssørvis og arbeidsgivarbistand råka, og vi har omprioritert internt for å sikre oppfølging av medlemmene våre, held han fram.
Sentralt i NHO har 13 tilsette vore permittert sidan påske.
– Dette er først og fremst på grunn av at arbeidsoppgåver har falle bort i ei tid der vi konsentrerer innsatsen vår om å gjere ein best mogleg jobb for medlemmene.
Mindre kontingent
På lengre sikt vil koronakrisa kunne ha innverknad på inntektene.
Medlemskontingenten til NHO og fleire av landsforeiningane blir nemleg rekna ut på grunnlag av lønnskostnadene i bedrifter der fleire og fleire har permittert dei tilsette.
– Det er ingen tvil om at dette vil påverke NHO sine inntekter. I kor stor grad er umogleg å seie noko om no, slår Markovski fast.
Ingen på arbeidstakarsida
I LO er ingen tilsette permittert, opplyser hovudorganisasjonen til Magasinet. Dei kjenner heller ikkje til permitterte tilsette i medlemsforbunda.
Fellesforbundet, som blant anna organiserer tilsette i hotell- og restaurant-bransjen, opplyser at ingen tilsette i forbundet er permittert.
Permitterte i NHO og landsforeiningar
• 13 tilsette i NHO har vore permittert sidan 14. april.
• Omtrent 70 prosent av dei tilsette i NHO Reiseliv har vore permittert sidan midten av april.
• Tre tilsette i NHO Service og Handel har vore permittert sidan 8. april.
• Åtte tilsette i Norsk Industri er tilbake på jobb 5. mai, etter å ha vore permittert sidan 1. april.
Kjelde: NHO og landsforeiningane