JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Toppleiarane i Norges største selskap har ei snittløn på 6,7 millionar i året

Norske toppsjefar tener ei vanleg norsk årsløn på under ein månad

Toppleiar-løner

Toppleiar-løner

Ole Palmstrøm/Colourbox

21 arbeidsdager: Så kort tid bruker toppleiarane i dei største selskapa i Norge på å tene inn ei norsk gjennomsnittsløn.

2018013006550020230821171436

tormod@lomedia.no

yngvil@lomedia.no

30. januar har ein gjennomsnittleg norsk toppleiar tent inn det som tilsvarer ei årsløn for ein vanleg arbeidstakar.

Frifagbevegelse.no har gått gjennom årsrekneskapane til dei 100 største selskapa i Norge.

Reknestykket viser at ein toppleiar i løpet av knappe 21 arbeidsdagar har tent like mykje som ein gjennomsnittleg tilsett. 30. januar er dermed årets kaksedag.

Med i reknestykket er fast årsløn, bonus og andre godtgjeringar. I år har vi i tillegg valt å inkludere verdien av aksjebasert avløning, der det er oppgitt. Toppleiarane har vi henta frå Kapitals liste over landets største selskap etter omsetning.

Dette tjener direktørene i Norges 100 største selskaper

Så mykje tener ein toppleiar

• Toppleiarane i dei 100 største selskapa i Norge har ei årleg snittløn på omtrent 6,7 millionar kroner.

• Det er tretten gongar så mykje som den norske gjennomsnittsløna på 524.600 kroner.

• Toppleiarane tener i gjennomsnitt 3431 kroner i timen.

• Dagsløna er 25.736 kroner.

• Direktørane i oversikta vår bruker 21 arbeidsdagar på å tene inn 524.600 kroner. Tysdag 30. januar har dei altså tent inn ei snittløn.

• Elleve av direktørane i oversikta er kvinner. Det er ein auke på seks kvinner frå fjorårets liste.

Sjekk hva som er snittlønna i ditt yrke - se lista med 300 yrker

Marine Harvest-sjefen på lønstoppen

Lista er toppa av administrerande direktør i Marine Harvest, Alf-Helge Aarskog. Han fekk nesten 19 millionar kroner i godtgjeringar frå selskapet i 2016. Grunnløna var over 5 millionar og bonusen på over 13 millionar kroner. Selskapet rangeres som nummer 15 på Kapitals liste over Norges 500 største selskap, rekna etter omsetning, og har 12.700 tilsette.

Også botnen av lista er prega av fisk: Der finn vi administrerande direktør i samvirkeforetaket Norges Råfisklag, Trygve Sigmund Myrvang. Han tente i overkant av «skarve» 1,5 millionar kroner i 2016, der omtrent heile beløpet var fast løn. Selskapet hans er rangert som nummer 60 på lista over landets største selskap etter omsetning og har 59 tilsette.

Gjennomsnittsløner

For den meinige administrerande direktør og daglege leiar er den gjennomsnittlege årsløna riktig nok noko lågare enn dei 6,7 millionane toppleiarane på lista vår kan skilte med. 912.200 kroner var snittløna til alle norske direktørar i 2016, ifølge tal Teknisk beregningsutvalg har henta frå Statistisk sentralbyrå.

Slik gjorde vi det

• Vi har funne tal på godtgjeringane til 89 av dei 100 toppleiarane i Norges største selskap. Rekneskapsloven slår fast at informasjonen skal stå i selskapets årsrekneskap, men ikkje alle selskapa rekneskapsfører leiarløna på same måte.

• Vi har teke med fast årsløn, bonusar og frynsegode, i tillegg til verdien av aksjebasert avløning der det er oppgitt.

• Vi har ikkje inkludert lukrative pensjonsordningar og gylne fallskjermar.

Nokre av direktørane er også eigarar i selskapet dei leiar – noko som kan forklare kvifor dei har ei lågare løn enn administrerande direktørar i samanliknbare selskap.

• Vi har valt ikkje å inkludere fire av direktørane som står oppført med null eller tilnærma null kroner i løn og godtgjering frå selskapet. Det er fordi dei anten er eigarar i selskapet eller får løn frå andre selskap som er tilknytta selskapet vi har undersøkt.

• I tillegg er det sju årsrekneskap som ikkje opplyser om løna til leiarane. Dette er fordi dei er tilsett i ein annan del av konsernet eller fordi selskapet er registrert i utlandet.

Disse ti grafene viser Forskjells-Norge

17 historier om ulikhet i Norge

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy