Flyktningene viktig for kommunen
Ny og nyttig floraværing
Dei fleste flyktningane som kjem til Flora, er motiverte for skule og arbeid. Difor ser framtida lys ut for distriktskommunen.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Yothy Pathmajothy Kamalanathan (43) er mellom dei som har teke fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Ho kom til Florø på familiegjenforeining i 2003, og har no arbeidd ti år i Krokane barnehage. Etter eitt år på skule 20 timar på kveldstid annan kvar veke, tok ho fagbrevet i haust.
Vil bu i Florø
– Eg har berre 50 prosent stilling, men ynskjer å arbeide full tid, seier Yothy Pathmajothy Kamalanathan.
Likevel trivs ho godt i barnehagen og i Florø, og ho kjenner seg sikker på at ho og familien vil bli buande i Flora.
Ein som er glad for at Yothy og familien hennar kjenner seg heime i kommunen, er Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret KF (kommunalt føretak).
– Me ynskjer at flyktningane skal trivast, klare seg sjølve og bli ein del av våre varige innbyggjarar, seier han.
Barnehage med åtte språk
– Krokane barnehage, der Yothy Pathmajothy Kamalanathan arbeider, speglar Flora lokalsamfunn, der om lag 30 av 108 born kjem frå familiar med bakgrunn som immigrantar.
Merete Moe, som er styrar på Krokane, seier dei har arbeidd mykje for å få tak i tospråklege assistentar, og at dei no har tilsette og vikarar som snakkar til saman åtte språk i tillegg til norsk.
– Mange av dei tilsette byrja her som assistent fordi dei meistra to språk, fortel Moe. Etter kvart fekk dei fast stilling, anten som assistent eller som fagarbeidar. Dei vel 25 årsverka i barnehagen er fordelte på 31 tilsette. I tillegg kjem to stillingar i administrasjonen. Mange av dei faste har ikkje full stilling, men fyller opp med vikariat som tospråkleg assistent.
Hjelper med midisinar
Olefine Eikefjord får hjelp med medisinar kvar morgon. Zainab Noori Painda rekker henne ein tablett, fyller eit glas med vatn og høyrer korleis det står til. Korkje Olefine eller mannen hennar ser særleg godt lenger.
– Desse pillane er så små at eg finn dei ikkje att om eg mistar dei på golvet, forklårar Olefine.
Men med dagleg vitjing frå heimetenesta og hjelp med medisinen klarer dei seg fint i eigen bustad.
(Artikkelen fortsetter under bildet)

Innvandrarane er viktige for Flora
Zainab Noori Painda (34) frå Afghanistan er ein av om lag 50 framandspråklege tilsette i pleie- og omsorgssektoren i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Etter seks år i Florø har ho no teke fagbrev i helsearbeidarfaget og har nett fått full stilling i heimetenesta. Men ho står òg på venteliste til høgskulen for å utdanne seg til sjukepleiar.
– Eg likar å ha ansvar, seier ho som forklåring på at ho vil ha ei høgskuleutdanning.
Stine Hovland, fagleiar for kompetanse i Flora kommune, er takksam for alle innvandrarar som vil utdanne seg.
– Utan dei hadde me ikkje hatt nok folk i helse- og omsorgssektoren, seier ho.
Yonas Tesfamarian Teages (36) er eit anna døme på flyktningar som har gjort floraværing av seg. Han kom som flyktning frå Eritrea for sju år sidan. I oktober tok han fagbrev som helsefagarbeidar.
– Då me lyste ut ei 100 prosent stilling som helsefagarbeidar før sommaren, fekk me mange søknader – både frå faglærte i andre kommunar og frå etnisk norske floraværingar som arbeider som assistentar. Men Yonas var einaste kvalifiserte søkjar herifrå. Difor fekk han jobben under føresetnad om at han fekk fagbrevet i ettertid, fortel Hovland.
Treng meir kompetanse
Ein internasjonal kommune
Flora kommune tek sjølv hand om asylsøkjarane og flyktningane. Då går også overskotet tilbake til kommunekassa. For overskot blir det sjølv om flyktningane får tilbod om meir skule enn lova krev.
Nesten tretten prosent av dei 12.000 innbyggjarane i Flora er innvandrarar. Dei fleste er arbeidsinnvandrarar, men over 40 prosent har flyktningbakgrunn. Sidan 1987 har kommunen teken imot og busett nesten 1400 flyktningar. Mest halvparten av flyktningane vert buande i kommunen, eit tal Melvær meiner er ganske bra for ein distriktskommune.
Flora er ein av få kommunar, og den einaste i Sogn og Fjordane, som sjølv tek hand om asylmottak og skolering av flyktningane. Ni av dei andre asylmottaka i fylket blir drifta av kommersielle aktørar og eitt av Norsk Folkehjelp. Det kommunale føretaket Innvandrarsenteret i Florø er delt inn i tre einingar; asylmottak med 190 plassar, integreringsavdeling og vaksenopplæring.
Store pengar
Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane og flyktningane, går gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden er på om lag 65 millionar kroner årleg. Etter at senteret hadde betalt nesten 12 millionar for kommunale tenester som til dømes barnehage, skule og barnevern, sat dei i 2015 igjen med eit overskot på 6,4 millionar som dei overførte til kommunen.
Vaksne flyktningar som blir busette, skal gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram på normalt to år. Den viktigaste delen av programmet er norskkurs med samfunnsfag.
Innvandrarsenteret tilbyr fleire timar i mindre grupper enn det norsktilskotet finansierer. Flyktningar med liten skulegang får også grunnskuleundervisning i andre fag, sjølv om kommunen berre får statlege midlar til norskfaget.
Nyttar pengane der det trengst mest
Jan Henrik Nygård, varaordførar frå Venstre, meiner flyktningane som kjem til Flora, blir tatt godt hand om.
– Innvandrarsenteret har lang erfaring og høg kompetanse. Dessutan er næringslivet og kommunen open for å gje språkpraksisplassar, seier han. Nygård er sjølv dagleg leiar av ein liten bedrift med ni tilsette, og dei har ofte inne innvandrarar som treng språk- og arbeidspraksis.
Varaordføraren meiner det er ein stor fordel at Innvandrarsenteret vert driven som eit kommunalt føretak.
(Artikkelen fortsetter under bildet)

– Det gjev oss betre styring slik at me kan bruke pengane på kommunale tenester ettersom behova endrar seg. Viss det til dømes er mange spedbarn blant innvandrarane, bruker me meir på helsestasjonen, eller me sett inn ekstra ressursar til assistentar i skulen dersom mange skuleborn har innvandrarbakgrunn.
Treng både folk og kompetanse
Personalsjef Trond Ramstad Olsen i Flora opplyser at kommunen har kompetanseplanar på fleire område. Han fortel at behovet har vore stort for barne- og ungdomsarbeidarar, men at kommunen no har størst behov for helsefagarbeidarar.
Innvandrarsenteret sørgjer for at dei som skal bu i Flora, vert kartlagde med omsyn til kvalifikasjonar og interesser slik at dei kan leggje ein plan for utdanning og arbeid.
(Artikkelen fortsetter under bildet)

– Det er viktig at det fins ein jobb i andre enden når nokon byrjar på ei utdanning, meiner personalsjefen. Sjølv om korkje han eller andre kan garantere fast eller full stilling i framtida.
Eit døme på vellukka samarbeid mellom Innvandrarsenteret, Nav og kommunen er ifølgje personalsjefen prosjektet Frå flyktning til floraværing, der 13 flyktningar etter introduksjonsprogrammet byrja på ei ordinær utdanning i helse- og oppvekstfag.
– Det er best for alle partar om innvandrarane får ei fagutdanning, meiner personalsjefen, som meiner det er eit lokalsamfunnsansvar at flyktningar får skule og arbeid slik at dei vert integrerte.
Personalsjefen kan ikkje seie kor mange flyktningar som er tilsette i kommunen, men 6,3 prosent av dei tilsette er innvandrarar.