På dette sjukehuset tek sekretærar blodprøver: – Føler eg gjer ein viktigare jobb no
– Eg kjenner meg meir med i arbeidet med pasientane, seier Mona Beate Johnsen.
Postsekretær Mona Beate Johnsen har fått ei ny oppgåve. No tar ho 15–20 blodprøver for dagen på pasientar som ligg inne på avdelinga.
karin.svendsen@fagbladet.no
Tolv sekretærar på Stavanger Universitetssjukehus (SUS) tek no blodprøver på avdelinga. Kvar morgon går dei runden for å ta prøver av pasientar som ligg inne. Når det trengst, tek dei fleire prøver i løpet av dagen. Mona Beate Johnsen (49) arbeider på Geriatrisk avdeling og er ein av dei tolv.
Måtte bli trygga
Dei tolv postsekretærane tok eit teoretisk kurs på tre timar i februar. Då fekk dei friske opp det dei hadde lært om prøvetaking under utdanninga. Resten av dagen gjekk med til stikketrening. Då øvde dei seg på kvarandre.
– Deretter arbeidde vi saman med bioingeniørar ute på avdelingane så lenge vi trengde for å kjenne oss trygge, fortel Johnsen.
Bioingeniørane rettleide kvar og ein av dei tolv. Det var også dei som gav grønt lys for når den einskilde sekretæren kunne begynne å arbeide sjølvstendig.
• Dette sjukehuset satsar på helsefagarbeidarar
Ulike årar
Siv Hege Wik er avdelingssjef for kontortenesta ved SUS. Ho seier at postsekretærane var noko skeptiske til å få ansvar for prøvetakinga på avdelingane.
– Vi merka ein viss motstand, vedgår ho.
Den viktigaste grunnen til det var at postsekretærane allereie hadde nok å gjere. Dei flytta difor ein del av oppgåvene deira ut av sengepostane.
Men nokre kvidde seg også for sjølve stikket. Det gjorde mellom andre Mona. For det er ikkje alle pasientar som er like lette å stikke. På mange eldre er årane blitt sprø slik at dei lett sprekk, og pasienten får blåmerke. Andre årar rullar unna nåla. I blant koagulerer blodet fort, og det kjem ikkje noko i glaset.
– Eg trong lang tid for å kjenne meg trygg. Men bioingeniørane gav veldig god rettleiing og hjelp, seier ho.
Tidlegare heim
No er Mona Beate Johnsen glad for den nye oppgåva.
– Det kjennest som at jobben eg gjer, er blitt viktigare. Eg er meir med i arbeidet for å gjere pasienten frisk slik at han kan reise heim tidlegare, seier ho.
Og det er nett det som er målet med denne oppgåveglidinga. Når prøvene blir tatt på avdelinga, slepp dei å vente på ein bioingeniør. Dessutan kan bioingeniørane no prioritere analysar. Begge delar fører til raskare prøvesvar. Slik kan dei starte behandlinga raskare, og pasienten kjem seg tidlegare ut igjen frå sjukehuset.
– Utgangspunktet for denne oppgåveglidinga var at vi ville ha meir effektivt pasientgang, seier Siv Hege Wik. Ho understrekar at ho er svært nøgd med sekretærane si evne og vilje til omstilling.
Det går raskare no
Kvart år blir det tatt over 200.000 blodprøvar på SUS. Mange av pasientar som ligg inne, må gje frå seg ei stor mengd blodprøver. Bioingeniørane skal framleis ta ein del av dei. Bioingeniørane er også tilgjengelege når dei på avdelinga treng hjelp med vanskelege stikk, spesielle prøver og når det hastar med prøvetaking på natt.
Desentralisert blodprøvetaking er ein pilot som etter planen skal rullast ut på SUS fram til 2023, året før innflytting i nytt sjukehus.