Kate Vivian Rud (47), paramedic ved Sykehuset Innlandet, er glad for at Giftinformasjonen ikkje blir kutta.
Privat
agnes.bridge.walton@fagbladet.no
Folkehelseinstituttet (FHI) må kutte opp til 400 millionar frå budsjettet i år og har mellom anna vurdert nattestenging av Giftinformasjonen. Torsdag snudde FHI i saka og Giftinformasjonen får no bestå som 24-timers tilbod.
– Det at bra at FHI har tatt til fornuft. Giftinformasjonen er til stor hjelp for oss som er ute i ambulansetenesta, seier Kate Vivian Rud (47).
Telefontenesta gir informasjon om giftstoff og forgifting døgnet rundt til både helsepersonell og allmennheita og er bemanna av fagekspertar. Om lag ein tredjedel av samtalane kjem frå helsepersonell – desse gjeld ofte dei mest kompliserte forgiftingssakene og alvorlege overdoser.
Livsviktig informasjonsteneste
Ambulansepersonell som Fagbladet har snakka med, har vore svært bekymra for konsekvensane av det planlagde kuttet.
Bland dei er Kate Vivian Rud (47), paramedic ved Sykehuset Innlandet.
Rud har sjølv sterke minne frå ei ambulanseutrykking der Giftinformasjonen kom med livreddande råd:
– Vi hadde eit tilfelle med ein veldig toksisk dose. Eg hugsar ikkje kor mykje pasienten hadde tatt, men det var mykje, og da kan det stå om liv.
Ein i laget tok vare på pasienten. Den andre ringde til Giftinformasjonen. Eksperten som tok imot samtalen, kom med klare råd:
– Vi fekk beskjed om å komme oss av garde så fort som mogleg og køyre fort. Etter kvart vart pasienten ukontaktbar, og det var avgjerande at vi hadde fått rask beskjed om korleis situasjonen skulle handterast.
Ingen gode alternativ til Giftinformasjonen
– Dersom vi ikkje har tilgang på råd frå fagkompetente, må vi sjølve slå opp giftstoffet, eller giftstoffa, og leite oss fram til beste måte å handle på. Det er klart vi kan tape verdifull tid på det, seier Rud.
FHI har sjølve kome fram til at Giftinformasjonen ikkje kan kuttast, fordi liv kan stå på spel. I ei pressemelding seier fungerande områdedirektør Kjetil Telle at “konsekvensen av nattestenging ville innebære for høy risiko for befolkningen og helsetjenesten med mulige konsekvenser for liv og helse”.
Utbreidd kritikk frå helsepersonell
Vendinga i denne saka vil glede mange i helsesektoren. Legar frå heile landet har uttala seg sterkt kritiske til forslaget om å redusere tilbodet.
I ein leiarartikkel i Tidsskriftet til Den Norske Legeforening skriv legar som er tilknytta Giftinformasjonen at allmennheita vil vende seg til fastlege, legevakt eller medisinsk naudtelefon dersom dei ikkje får hjelp på telefon – altså ville det føre til ytterlegare belastning på eit allerede overbelasta system.
Ettersom Giftinformasjonen no får bestå, må FHI finne andre måtar å nå innstrammingsmåla. I ein epost til Fagbladet skriv FHI at det vil bli klart i løpet av dei neste vekene kva som blir kutta i verksemda.
70/30
Agnes Bridge Walton
SVELGET UNNA: Strandavatnet rommer 554 millioner kubikkmeter vann. Det var det god bruk for da "Hans" buldret i vei. Vedlikeholdsarbeiderne Torbjørn Haugo og Jan Egil Grue inspiserer. Til høyre i bildet ses overløpet der det bare er centimetere igjen.
Werner Juvik
HYLLET FOR ÅPENHET: F.v. Hjelpepleier Elisabeth Andersson, og sykepleierne Svanhild Furre Johannessen og Linda Hellesø fikk Flaviusprisen under Åpenhetsseminaret på Pressens Hus i Oslo torsdag 21. september.
Marte Bjerke
GLEDER SEG PÅ MAT: Gunhild Johansen (til venstre) og Ingunn Svensgård åpner bakken med varm mat. Marte Husum i bakgrunnen og Kacper Roza, Alva Linea Myklemyr. Med de to dansende Lydia Emilie Foss Flaathen og Limar i front.
Werner Juvik
– Det er ingen naturlov at Arbeiderpartiet bare kan ta noen grep og bli største parti igjen. Men det er heller ingen naturlov at partiet skal gjøre dårlige valg, sier partisekretær Kjersti Stenseng. (Arkivfoto)
Jan-Erik Østlie
Herman Bjørnson Hagen