Torgeir Knag Fylkesnes, stortingsrepresentant for SV og nestleder i næringskomiteen.
Marius Nyheim Kristoffersen / SV (pressefoto)
tormod@lomedia.no
– Regjeringa har ein viss panikk for å dekke valløfta sine dei komande åra. Dei tek fram det dei ser på som sparegrisar for å knuse dei, sånn at dei skal møte Høgre, Frp, Venstre og budsjettpartnar sine budsjettløfte.
Det seier Torgeir Knag Fylkesnes, som er stortingsrepresentant for SV og nestleiar i næringskomiteen, til FriFagbevegelse.no.
FriFagbevegelse.no skreiv onsdag om at staten i snitt har tent nesten 670 millionar kroner årleg på eigarskapet i seks selskap dei eig heilt eller delvis. Sjølv om selskapa går godt, har den sittande regjeringa slått fast at dei vil redusere eigarskapet i perioden.
• Staten har tent 3,3 milliardar på desse selskapa dei siste fem åra. Likevel vil regjeringa selje
Desse selskapa er i den såkalla kategori 1 av statens eigarskap: Entra, Mesta, Flytoget, Veterinærmedisinsk oppdragssenter, Ambita og Baneservice. Regjeringa har fullmakt til å selje heilt eller delvis alle selskap unntatt Flytoget.
Torsdag gjekk LO hardt ut mot det LO-sjefen kallar ein «ideologisk politikk med å selje fellesskapets verdiar».
• LO langar ut mot regjeringas planar om å selje seks statleg eigde selskap
SVs Fylkesnes stiller seg bak LOs kritikk, men trur ikkje det først og fremst er ideologi som er grunnen til at regjeringa vil selje unna.
– Det er rein pragmatikk for å løyse budsjettinterne spørsmål, ikkje strategisk god næringspolitikk, hevdar han.
– Ser selskapa som pengesekkar
Om pengane ved sal av statleg eigde selskap går inn på Statens pensjonsfond utland, vil det i realiteten vere ei reinvestering, der ein flyttar eigarskap frå Noreg til utlandet. Fylkesnes trur heller planen er å skaffe til vege pengar til å betale for dyre valløfter.
– Dei har ingen langsiktigheit i eigarskapet overhovud, men ser selskapa berre som pengesekkar dei kan tømme. Planane om sal viser ein trong til å ta inn pengar til statsbudsjettet, seier Fylkesnes.
– Dei har brukt rekordmykje oljepengar allereie – dei har tatt av oljefondet, ikkje berre brukt av avkastninga. Dette er den dyraste regjeringa vi har hatt nokosinne, seier han.
Selje når det går godt
Selskapa, som til saman har 2.400 tilsette, leverer gode årsresultat. Berre i fjor omsette dei for til saman 8,4 milliardar kroner.
– Sjølvsagt er det bra å selje seg ut av selskap når det går godt og det er mogleg å få god avkastning på investert kapital, seier Margunn Ebbesen, Høgres fraksjonsleiar i næringskomiteen, i ein e-post FriFagbevegelse.no
– SV og Fylkesnes har vel sine ambisjonar om at staten skal eige alt, men det er eit stort fleirtal på Stortinget som har gitt regjeringa fullmakt til å selje seg ned i selskap i kategori éin, slår ho fast.
Det var stemmene til Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti som i 2015 sikra regjeringa fullmakt til å selje dei fem selskapa i den såkalla kategori éin av statens eigarskap.
• LO gir helhjertet støtte til Kongsberg Gruppens kjøp av Rolls-Royce-selskap
– Arbeidsplassar kjem til å forsvinne
SV-politikaren Fylkesnes ser ikkje for seg at norske aktørar vil kunne kjøpe selskapa aleine. Han seier det heller ikkje verkar som regjeringa har nokon idé om kven som skal overta. Blir det amerikanarar, kinesarar eller hedgefonds? spør han.
– Konsekvensen er at eigarskap og inntekt generert i Noreg blir flytta til utlandet. Og i tøffe tider kjem nok arbeidsplassar knytt til selskapa til å forsvinne, sidan investorar då gjerne trekker aktiviteten tettare inn på moderskipet. Når moderskipet ikkje lenger er den norske staten, vil Noreg tape, seier han.
Fylkesnes kritiserer regjeringa og særleg Høgre for å mangle ein heilskapleg næringspolitikk.
– Regjeringa bryt på mange måtar Willoch-linja, der staten skulle gå inn med ein kompensasjon på manglande storkapital i Noreg. Dagens regjering har eit reint kortsiktig forhold til desse investeringane. Det meiner eg vitnar om mangel på ei overordna nærings- og industripolitisk ide. Det einaste dei er opptatt av er at dei skal få godt med pengar. Kor vart det av Willoch? spør SV-politikaren.
LØNNSOPPGJØR: Snart skal lønna di forhandles.
Brian Cliff Olguin
Flere enn en million alderspensjonister får fastsatt ny pensjon denne våren. (Illustrasjonsfoto)
Anna Granqvist
Arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS er klar til å starte opp forhandlingene om lønningene i kommunen.
Torgny Hasås
Lønnsoppgjøret for kommunene gjelder 450.000 ansatte. Mette Nord representerer 190.000 av dem. Det er Norges største tariffoppgjør, og er derfor omfattet med stor interesse fra media.
Per Flakstad
Forbundsadvokat Kjetil Edvardsen har vært sentral i alle rettsrundene mellom Stendi og Fagforbundet.
Werner Juvik
BEKYMRET: – Avdelinger har allerede blitt stengt på grunn av lite bemanning og sykemeldinger, sier virksomhetstillitsvalgt Bjørn Ingar Skogvang . På bildet er han landsmøtedelegat i 2022.
Bjørn A. Grimstad