Så mykje får du i streikestøtte om det blir storstreik
Om det blir streik får du ikkje løn. Du får derimot pengestøtte frå streikekassa i forbundet ditt. Sjå kva du får her.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Frå søndag kan det bli storstreik i privat sektor – om ikkje LO, YS og NHO kjem fram til ei løysing i lønsoppgjeret. Medlemmer som er teke ut i streik får ei skattefri støtte frå streikekassa til forbundet.
LO og NHO er no i sluttspurten der dei diskuterer tre vanskelege tema:
• At fleire skal få Avtalefesta pensjon (AFP)
• Dekning av reise, kost og losji i industrien
• At fleire skal få obligatorisk tenestepensjon, og at denne pensjonen skal gi høgare utbetaling.
Fristen er midnatt natt til søndag. Men meklinga kan fortsette utover søndagen, viss partane trur det er mogleg å bli einige.
• – Førsteuttaket vårt legger kysten død
FriFagbevegelse.no har laga ein oversikt over beløpa du får frå dei ulike forbunda. Nokre av forbunda oppgir beløp for veker, nokre for dagar og ulike stillingsprosentar.
Dette er streikebidraget
Er du medlem i Norsk Arbeidsmandsforbund, får du 4647 kroner i veka, om du er i full stilling. Om du har barn får du eit forsørgartillegg på 665 kroner for kvar person du forsørgar. Om du jobbar deltid får du stønad i forhold til talet timar du ville arbeidd dersom det ikkje var streik.
Drøyt 650 Fagforbundsmedlemmer kan være i streik fra søndag
Er du medlem i Fagforbundet, får du 70 % av lønna di så lenge streiken varer.
Er du medlem i Fellesforbundet, får du 3620 kroner per veke.
Er du medlem i EL og IT Forbundet, får du 1050 kroner per dag.
Er du medlem i Norsk Transportarbeiderforbund, får du 640 kroner per dag.
Er du medlem i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, får du 1020 kroner per dag.
Er du medlem i Handel og Kontor i Norge, får du ulike beløp etter kva stillingsprosent du har.
• Om du har fast avtalt arbeidstid til og med 15 timar per veke, får du 1752 kroner per veke. For delar av ei veke, får du 251 kroner per dag.
• Om du har fast avtalt arbeidstid over 15 timar til og med 30 timar per veke, får du 2427 kroner per veke. For delar av ei veke får du 347 kroner per dag.
• Om du har fast avtalt arbeidstid over 30 timar per veke, får du 3331 kroner per veke. For delar av ei veke får du 475 kroner per dag.
Forberedelsene er i gang: Gjør seg klare for storstreik
Er du medlem i Forbundet for Ledelse og Teknikk, får du 3620 kroner per veke, i perioden til og med tredje veke av streiken. Det blir eit beløp på 724 kroner per dag. Forbundet vurderer storleiken på streikestøtta fortløpande.
Er du medlem i Norsk Sjøoffisersforbund, får du 150 kroner i timen for tapt arbeidstid. Du får same beløp for turnusfri.
Er du medlem i Norsk Sjømannsforbund, må du vente til forbundet bestemmer seg ved ein eventuell streik.
Vi fikk den femte ferieuka sist LO streiket i et samordnet oppgjør
Om du er medlem i YS
YS tar ut 6000 medlemmer i streik om partane ikkje finn ei løysing før fristen natt til søndag. Her ser du kor mykje medlemmer i dei ulike YS-forbunda får i streikestøtte.
Om du er medlem i Yrkestrafikkforbundet, får du 640 kroner per dag, seks dagar i veka.
Om du er medlem i Negotia, får du 700 kroner per dag, seks dagar i veka.
Om du er medlem i Safe, får du 113 kroner timen. Men du får ingenting for den første arbeidsdagen – 7,5 timar om du jobbar på land og 12 timar om du jobbar offshore.
Vi oppdaterer lista med fleire forbund.
Nokre atterhald
Flere av forbunda har atterhald for betaling av streikestøtte til medlemmer.
Er du medlem i Fellesforbundet, må du ha vore betalande medlem i minimum to veker før konflikten startar. Om du har vore medlem i forbundet tidlegare, må du ha vore betalande medlem i tolv veker før konflikten starta.
Andre forbund kan ha andre atterhald.
Mange viktige grupper i streik
LO har varsla at mange viktige gruppar blir tatt ut i streik, om LO ikkje får gjennomslag for sine krav:
Reinhaldarar, bergindustriarbeidarar, elektrikarar, matvarindustriarbeidarar, frisørar, dyrepleiarar, verftsindustriarbeidarar, byggarbeidarar, sørvis- og salsarbeidarar, metallindustriarbeidarar, forskarar, fergearbeidarar, journalistar, bussjåførar og transportarbeidarar.
Lurer du på kven som blir tatt ut om det blir streik? Sjå lista her.