NHO og parti vil kutte sjukeløna
Sjekk kor mykje du kan tape: NHO opnar for svensk sjukeløn i Norge
KUTT: Både Frp. Venstre, delar av Høgre vil kutte i sjukeløna. NHO opnar for den svenske modellen, sjekk i denne saka kva det vil koste deg å bli sjuk om vi får sjukeløn som i Sverige.
Colourbox
NHO opnar for å kutte i sjukeløna etter svensk modell. Har du ei årsløn på 560.000 kroner, vil det koste deg 100.000 å vere heiltidssjukmeldt i eitt år. Sjekk ut sjukelønskalkulatoren og finn ut kva du vil tape om det blir kutt.
øystein.windstad@fagbladet.no
NHO, Frp, Venstre og delar av Høgre har ein ting til felles. Dei vil kutte i sjukeløna.
Kva betyr det? Modellane er mange, men arbeidsgjevarane i NHO sa tidlegare denne uka at dei er opne for å sjå til Sverige.
Så la oss sjekke: Kva vil det koste deg å vere sjuk om vi får svensk sjukeløn i Norge?
• Sjekk om ditt yrke blir ramma av sjukelønskutt her
KOSTAR: Den norske sjukeløna kom i 1978 og var ein siger for LO. I dag får du full sjukeløn i eitt år. Til hausten kan det forandre seg, med eit nytt politisk fleirtal.
Kasper Holgersen
Om du har 450.000 i løn:
Det får du svaret på her om du fyller inn løna di i LO sin sjukelønskalkulator.
Det er for eksempel nært det snittløna til frisørar, 453.960 kr. Blir det kutt i sjukeløna etter svensk modell, er dei blant gruppene som ikkje har sjukeløn beskytta av tariffavtale.
Dei ville i så fall mista all løn den første dagen dei er sjuke. Etter det ville dei få 80 prosent, ifølgje den svenske modellen. Med ei løn på rundt 450.000 ville det koste:
• Ein dag (karensdag): 1740 kr
• Fem dagar samanhengande: 3130 kr
• Ein månad samanhengande: 8.710 kr
• Tre månader samanhengande: 23.340 kr
• Eitt år samanhengande: 81.890 kr
• Desse yrka har full sjukeløn i tariffavtalen
DYRT FOR DEG: Kutt i sjukeløna vil bli dyrt for dei sjuke, men vil spare staten og bedriftene. I dag må arbeidsgjevar betale dei første 16 dagane. Etter det tek staten over.
Colourbox.com
Om du har ei norsk snittløn:
Ifølge SSB var snittløna i Norge på 676.000 kr i fjor. Då ville sjukefråvær i svensk modell koste deg:
• Ein dag, karensdag: 2 600 kr
• Fem dagar samanhengande: 4680 kr
• Ein månad samanhengande: 13.000 kr
• Tre månader samanhengande: 33.380 kr
• Eitt år samanhengande: 122.220 kr
• Sjekk om du tener mindre enn andre i ditt yrke
Meiningsmåling: Politisk fleirtal for kutt
Ingen ting er vedteke enno. Men: Om meiningsmålingane held seg, vil Høgre, Frp og Venstre sikre fleirtal for sjukelønskutt i ei eller anna form. Frp vil ha full trekk i sjukeløna første dagen og delar av Høgre vil det same. Venstre vil ha 80 prosent sjukeløn etter seks månader, men ikkje karensdag.
Helsefagarbeidarar beskytta av avtale, men kan også få kutt
Jobbar du som helsefagarbeidar er snittløna 558.960 kr. Helsefagarbeidarar har som andre offentleg tilsette og nokre i privat sektor tariffavtalar som skal garantere full sjukeløn.
Men NHO har opna for å sette desse avtalene til side, slik at også dei med tariffavtale om sjukeløn får kutt. Som NHOs arbeidslivsdirektør Nina Melsom skriv til Aftenposten: «Skal reglane endrast, bør dei naturlegvis endrast for alle.»
Det har svenskane allereie gjort. I den svenske modellen avkortar nemleg svenske Nav den offentlege stønaden krone for krone om du har ein tariffavtale som sikrar ei sjukeløn på over 90 prosent. I motsetning til eit 20 prosent kutt for deg som ikkje har avtale om sjukeløn, ville du no få eit kutt på ti prosent.
Er du helsefagarbeidar med snittløn (558.960), ville det ha kosta deg:
• Ein dag, karensdag: 2.150 kr
• Fem dagar samanhengane: 3.010 kr
• Ein månad samanhengande: 6.450 kr
• Eitt år samanhengande: 51.600 kr
• Sjekk kva parti som garanterer sjukeløn og kven som vil kutte her
Slik er den norske og svenske sjukeløna
• I Norge får du full løn frå første dag du er sjuk, i inntil eitt år.
• Dei første 16 dagane er det arbeidsgjevar som betaler, etter det tek det offentlege over.
• I Sverige får dei ikkje utbetalt noko den første sjukedagen, ein såkalla karensdag.
• Vidare får svenskane 80 prosent av full løn dei neste dagane dei er sjuke, i inntil eitt år.