JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Møt Kooperativ Bemanning sin stjernevikar:

Sjukepleiar Diana dansa seg til topps i vikarbransjen: – Du blir tøff av dette

Vikarane tener betre, får betalt reise og bustad, og vil ikkje ha den faste jobben din. Men berre dei tøffaste klarer seg.

agnes.bridge.walton@fagbladet.no

Sjukepleiaren stig opp frå ein jacuzzi i gjennomvåte kvite arbeidsklede og leopardbikini. Ho preppar sprøyter og dansar gjennom Stavanger sentrum medan ho syng:

«When everything is upside down, we can make a change.

The biggest adventure we can have. Loving others. Helping others.

I won't be afraid! I will follow you.»

Bak låta «Dancing Nurses in Norway» står sjukepleiaren og multitalentet Diana Abdi (33) – stjernevikaren til Kooperativ Bemanning og selskapets uoffisielle ansikt utad.

Ei stjerne blir fødd

Våren 2021 tar Diana Abdi det fyrste steget i retning det norske eventyret. På Karolinska Sjukhuset i Stockholm jobbar sjukepleiaren på covidavdeling under den andre bølga. Diana kjenner seg utbrend. 

Ho set seg på kafé og googlar vikarjobb i Noreg. 

Eg snakka fyrst med eit stort byrå som nesten ikkje kunne tilby betre lønn enn vi hadde i Sverige. Men eg kom i kontakt med andre som hadde reist med Kooperativ Bemanning og sa det var bra. 

• MANGEMILLIONÆR PÅ NORSKE HELSEKRONER: Les historien om Kristofer Janiec og Kooperativ Bemanning

Kooperativ er eit av landets største bemanningsbyrå for sjukepleiarar. Selskapet leverer ein stadig straum av utanlandske sjukepleiarar til desperate norske kommuner, og har blitt ein betydeleg post på mange kommunale budsjett.

Kommune-Noreg blir stadig meir avhengig av bemanningsbyrå som Kooperativ Bemanning AS for å ha nok helsepersonell. Ei kartlegging frå 2021 viste at kommunane brukte 1,76 milliarder kroner på vikarbyrå, ein oppgang på 37 prosent fra året før.

{f1}

Vikarane seier at dei tener betre enn sine fast tilsette kollegaer. I tillegg får dei betalt reise og bustad. Likevel er det berre dei tøffaste som klarer seg.

Diana og ein annan vikar tar fly til Oslo. Der ventar ei veke på karantenehotell utanfor Gardermoen, utan kontakt med omverda. Det blir den fyrste i ein serie med opplevingar som Diana beskriv som tøffare enn forventa. 

Etter at dei er erklært friske reiser sjukepleiarane vidare med fly til Bodø, så hurtigbåt til Steigen. 

Eit umodernt arbeidsliv

Stockholmarane har aldri vore på ein så avsidesliggjande plass før. Men no står dei på ferjeleiet og ser ut mot havgapet, 67.7 grader nord. Her skal dei vere i åtte veker. 

– Eg forstod ikkje da at eg hadde hamna midt ute i ingenstads, seier Diana. 

Langt frå Stockholm og storbyliv: Diana på oppdrag i Steigen

Privat

Det blir eit vanskeleg fyrste møte med det norske arbeidslivet. 

– Du blir utsliten. Vi jobba mykje og opplevde at arbeidet ikkje var godt fordelt. Det kunne gå ei heil veke der vi berre gjorde arbeidsoppgåvene til ein helsefagarbeidar. Og Steigen ligg langt frå eit sjukehus, så vi måtte jobbe «old school». Alle prøver må sentrifugerast og så sendast til Bodø. Det kan ta fleire dagar å få svar. Vi hadde ikkje vore med på ein slik prosess før. Folk synest vi var dumme som ikkje kunne det. 

I tillegg seier Diana at ho reagerte på kor mykje av arbeidet som framleis blir gjort for hand, med penn, papir og permar.

Steigen kommune skriv i eit tilsvar til Fagbladet:

«På grunn av mangel på medarbeidere kan det dessverre bli stor belastning på både fast ansatte og vikarer.»

Kommunen skriv at dei også har gjennomført ei betydelig omorganisering i nyare tid, for å «tilrettelegge for at sykepleiere i størst mulig grad skal bruke arbeidstida si på oppgaver der det er behov for deres kompetanse».

• Vikarbyråer skor seg godt på helsekrisa – innbyggerne betaler dyrt

Kjende seg nesten litt lurt

Da Diana skreiv kontrakt med Kooperativ Bemanning hadde Kristofer Janiec, som eig selskapet, sagt at ho alltid kunne ta kontakt dersom det var noko. Kooperativ bryr seg om vikarane sine og har døgnopen vakttelefon, sa Janiec. 

Isolert, overarbeidd og «lite deppig» i Steigen bestemmer Diana seg for å ta ein prat med sjefen. 

Dei finn raskt tonen. Ho fortel at Steigen ikkje har vore nokon dans på roser. Dei kjenner seg ikkje heilt velkomne på arbeidsplassen og merkar at dei fast tilsette er leie av å lære bort nye rutinar til stadig nye vikarar. 

Og ikkje minst: All den vakre naturen, fjellturane og havbrisen som Kooperativ lokkar med i pene reklamefilmar og sjukepleiarselfiar på Instagramsida @kooperativbemanning, er utilgjengeleg. Dei har jo ikkje bil. 

Kooperativ Bemanning lokkar med betalt reise til den norske rivieraen.

Vidar Eriksen (collage)/via @kooperativbemanning

Så Kristofer Janiec sender ein bil til Steigen. 

«Skitmysig» sommar

Etter åtte veker seier Diana at ho kjende seg ferdig med Noreg og vikarlivet. Men Janiec har andre tankar. Han føreslår eit oppdrag med vaksinasjonsprogrammet i Stavanger. Diana, som har sagt opp jobben i Stockholm før ho reiste, gir byrået ein ny sjanse. 

– Vi hadde ikkje førebudd oss på å vere i Stavanger heile sommaren, men oj, så bra vi hadde det. Vi fekk ein villa av Kooperativ, vi grilla på terrassen etter jobb, det var chill. 

Den sommaren, som Diana beskriv som «skitmysig», fekk ho hovudrolla i ein kortfilmserie som skulle promotere Kooperativ på Instagram. 

Gjennom fire små reisereportasjer får vi sjå Diana som drikk prosecco, et fisk, snakkar med lokalbefolkninga, drar på båttur på ein fjord og preppar vaksiner. Livet i Noreg ser ut som ein fest.

Berre dei tøffaste klarer seg

To år seinare er Diana framleis eit ansikt utad for Kooperativ – den uoffisielle stjernevikaren til selskapet.

Og i dag verkar det som om Kristofer Janiec ikkje heilt klarer seg utan henne. Når Fagbladet ringer skal ho til Warszawa for å møte han. Dei har fleire prosjekt på gong saman, seier ho. 

Når han skal sende nyrekrutterte sjukepleiarar til avsidesliggande plassar som Steigen, ber han ofte Diana om å ta ein prat med dei fyrst: 

– Eg er ikkje redd for å seie det slik det er. Det er tøft. Sjølv om eg elskar denne jobben og kjenner at eg har hamna heilt rett, er dette ikkje for alle. Det er betre at dei får høyre det frå meg, enn at dei ikkje veit kva dei går til. 

Frå stjernevikar til konkurrent

– Mange er i Noreg ein sommar eller ein sesong, så får dei nok, seier Diana. 

Ho varte mykje lenger.

– I Noreg jobba eg så mange timar eg kunne for å tene pengar, og fordi det ofte ikkje var så mykje anna å gjere på dei meir avsidesliggande plassane. Og eg har ein veldig stor arbeidskapasitet. Kristofer seier det til meg, «ingen jobbar som du, Diana».

Men Diana fortel at ho ikkje heilt klarte å legge utbrentheita frå Stockholm bak seg, og etter kvart innsåg ho at tida som vikar, med stadig nye arbeidsplassar, kollegaer og raske vendingar, skulle ta slutt. Ho mønstra på som cruise ship nurse og reiste på jordomsegling.

«Det beste med å bli cruise ship nurse? Den fine uniformen», seier Diana til @kooperativbemanning på Instagram.

Via Kooperativ Bemanning (Instagram)

Når Fagbladet ringer er det berre nokre veker til ho skal til sjøs på eit nytt eventyr – denne gongen på middelhavscruise.

Kristofer Janiec prøver å dytte stjernevikaren i ei ny retning:

– Kristofer meiner at eg burde starte eit eige byrå, seier Diana. 

– Han seier eg er knallgod på rekruttering og har det som skal til for å lykkast i bransjen. Og det er noko eg tenker på altså, men entreprenørskapet er ein risikosport. Du kan ikkje hoppe i det utan ein god plan. 

Dette er Kooperativ Bemanning AS

• Stiftet i 2011. De første kontraktene med norske kommuner underskrives i 2012.

• Startet som et kooperativ og ble drevet som et ideelt aksjeselskap. Alt overskudd skulle føres tilbake til de ansatte. Endret formål og ble et kommersielt selskap i 2017.

• Har de siste tre åra hatt en økonomisk vekst på 198 prosent, ifølge Dagens Næringsliv.

• Salgsinntekter på 147,4 millioner kroner i 2021. Årsresultatet var på 28 millioner kroner. Selskapet har en egenkapital på 40,2 millioner kroner.

• Fra 2018 til og med 2021 tar Kristofer totalt ut i overkant av 13,7 millioner kroner i lønn, bonuser, godtgjørelse og utbytte. 

• Selskapet er heleid av Kristofer Janiec som også er daglig leder.

Kilder: Regnskapene til Kooperativ Bemanning AS, Proff Forvalt, Dagens Næringsliv

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
Diana på jobb i heimetenesta i Bergen.

Diana på jobb i heimetenesta i Bergen.

Via: Kooperativ Bemanning (Instagram)