JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Slik jobbar myndigheitene for å luke ut folk som ikkje er egna til å jobbe med barn og unge

SVARAR: Jan Kato Fremstad, divisjonsdirektør i Bufdir.

Bufdir

Reint rulleblad er ikkje alltid nok til å få grønt lys i barnevern-systemet. Men det er vanskeleg å avdekke tilfelle der nokon «bevisst prøver å omgå lover og reglar», seier Bufdir-divisjonsdirektør Jan Kato Fremstad.

2024100311123520241003112616

oystein.windstad@fagbladet.no

Fagbladet har bedt barnevernsmyndigheitene kommentere saka om barnevernsgründeren som er funne skyldig i overgrep mot fostersonen i to rettsinstansar.

Eit av spørsmåla er kva som skulle skje om mannen, som i dag ikkje har lov til å drive sitt eiget barnevernsselskap, blir frikjent i Høgsterett.

Divisjonsdirektør Jan Kato Fremstad i Bufdir svarar på epost at han ikkje kan kommentere enkeltsaker.

På generelt grunnlag kan han seie at direktoratet i nokre saker kan gjere ei grundigare vurdering av om folk er personleg egna til å jobbe med barn og unge, sjølv om rullebladet er reint.

Kan bli vurdert uegna

Fremstad forklarar at om myndigheitene får informasjon i politiattest eller etter å ha kontakta politiet som viser at nokon som driv privat barnevern, sikkert eller truleg har gjort lovbrot, vil dei gjere ei vurdering:

– Bufetat kan etter ei heilskapsvurdering kome til at eigaren ikkje har dei personlege føresetnadane som er i samsvar med institusjonsverksemd på ein slik måte at institusjonen eller drifta av den er uforsvarleg, skriv Fremstad.

I slike tilfelle kan konsekvensen for eigar bli at institusjonen mistar godkjenninga.

– Då kan ikkje lenger ungar bu på institusjonen, skriv Fremstad.

Om feila ikkje er for alvorlege, kan institusjonen få ein frist for å få forsvarleg drift.

System bygd på tillit

Arbeidsgjevar har ansvar å sikre at medarbeidarar er skikka og har lagt fram politiattest slik barnevernslova krev. Arbeidsgjevar har også ansvar for at dei er skikka så lenge dei er tilsette.

Men dei som er tilsette eller jobbar for barnevernet, har opplysningsplikt. Dei er pliktige til å seie ifrå dersom noko skjer som gjer at dei ikkje lenger er skikka. Eigar eller representant for eigar må leggje fram politiattest om dei skal opphalde seg på institusjonen.

– Likevel ser vi at enkelte bryt eller omgår systemet. Der det handlar om informasjonsflyt av persondata mellom ulike kommunar eller mellom stat og kommunar, er det ekstra komplisert, skriv Fremstad.

Han innrømmer at det kan vera vanskeleg.

– Sjølv om det er kontrollmekanismar, er systemet bygd på tillit. Det vil også vere dei som prøver å omgå lovar og reglar. Det er grunnen til at det er viktig å finne så gode system som råd for å minimere risikoen.

Dobbeltroller

Mannen i 40-åra måtte slutte i barnevernsjobb både i Oslo og i ein naboregion på grunn av dobbeltroller.

Fremstad, som altså ikkje kommenterer denne saka spesifikt, seier på generelt grunnlag at det finst fleire måtar å hindre uheldige biverv på.

– Dei private leverandørane signerer på at eigarane eller nokon med beslutningsmyndighet ikkje er dømde for korrupsjon, overgrep, terrorfinansiering eller anna, svarar Fremstad.

– Vanskeleg om nokon bevisst omgår reglane

Divisjonsdirektøren seier Bufdir har spela inn forslag til nye system som skal kunne stoppe uegna folk i barnevernet:

 – Det vil vere vanskeleg å avdekke alle tilfelle dersom ein bevisst prøver å omgå lover og reglar. Vi kan alltid bli betre og betre gjeldande rutinar.

Hausten 2021 gav Bufdir ein tolkningsuttalelse. Han peika på at Bufetats regionar og Oslo kommune kan hente inn opplysningar frå politiet når det er grunn til å tru at eigar, leiar eller tilsett har gjort noko straffbart som kan vere relevant for vurderinga av om institusjonsdrifta eller tiltaket er forsvarleg.

– Det må ei heilskapleg konkret og individuell vurdering til for å finne ut om personen manglar føresetnadane som er i samsvar med institusjonsdrift, skriv Fremstad.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy